Supinum er i nordisk grammatikk den bøyingsforma av eit verb som står etter hjelpeverbet ha, som i har øydelagt og hadde øydelagt.

Faktaboks

Uttale
supˈinum
Etymologi
av latin supinum ‘tilbakebøygd’

I norsk er supinum alltid lik inkjekjønnsforma av perfektum partisipp og det er vanleg å kalle supinumforma for perfektum partisipp:

  • Han har/hadde øydelagt huset. Ho har/hadde drukke mjølka.
  • Vogna er øydelagd. Mjølka er drukken.
  • Huset er øydelagt. Ølet er drukke.

I svensk riksspråk er supinum og inkjekjønn av perfektum partisipp forskjellige ved sterke verb, til dømes druckit mot drucket, og skiljet mellom desse to formene er difor viktigare i svensk grammatikk enn i norsk:

  • Han har/hade förstört huset. Hon har/hade druckit mjölken.
  • Vagnen er förstörd. Mjölken er drucken.
  • Huset är förstört. Vinet er drucket.

Latin

Termen supinum kjem frå latinsk grammatikk, men bruken av termen i nordisk og latinsk grammatikk er ikkje den same. Latin skil mellom to supinumformer, 1. supinum og 2. supinum:

  • 1. supinum endar på -um og viser formålet med ei rørsle, til dømes scriptum 'for å skrive'.
  • 2. supinum endar på -u og står til eit adjektiv som tyder slikt som 'lett', 'vanskeleg', 'nyttig' og 'behageleg', til dømes facilis scriptu 'lett å skrive'

Her er døme på bruken:

  • 1. supinum: Ire frumentatum 'gå (ire) for å hente korn (frumentatum)'
  • 2. supinum: Res facilis dictu, difficilis factu 'ein ting (res) [som er] lett (facilis) å seie (dictu), [men] vanskeleg (difficilis) å gjere (factu)'

Samanhengen mellom nordisk og latinsk bruk av termen supinum er at i latin blir perfektum partisipp og supinum danna frå same stamme, som blir kalt supinumstamma.

Nordsamisk

I nokre vestlege dialektar av nordsamisk finst ei supinumform med same funksjon som 1. supinum på latin, det vil seie for å uttrykkje formålet med ei rørsle. Frå infinitiven juhkat 'drikke' kan ein danne supinum jugažit 'for å drikke':

  • Boađe sisa gáfe jugažit 'Kom (boađe) inn (sisa) for å drikke (jugažit) kaffi (gáfe)'

I andre dialektar brukar ein her ein vanleg infinitiv:

  • Boađe sisa gáfe juhkat 'Kom (boađe) inn (sisa) [for] å drikke (juhkat) kaffi (gáfe)'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg