Artikkelstart
Mållova var ei lov som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i statstenesta. Lova vart avløyst av språklova i 2022, som vidareførte mykje av innhaldet i mållova.
Det fulle namnet var lov om målbruk i offentleg teneste. Lova tok til å gjelde 1. januar 1981 og avløyste lov om målbruk i statstenesta frå 1930. 1. januar 2022 vart mållova avløyst av språklova.
Mållova § 1 slo fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skulle vere jamstilte skriftspråk i alle organ for staten, fylkeskommunane og kommunane. Dei nærmare reglane om bruken av bokmål og nynorsk gjaldt likevel berre for statstenesta. Reglane gjaldt ikkje for Stortinget eller organ for Stortinget. I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjaldt lova berre den administrative delen av tenesta. Reglane gjaldt ikkje for internt saksarbeid og munnleg språkbruk i statstenesta.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.