Den gamle sunnmørsdialekta hadde eit uvanleg rikt vokalsystem, med 15 ulike vokalar i tillegg til dei gamle diftongane. Gammalnorske lange og korte vokalar blei uttrykte ved forskjellige vokalkvalitetar. Det var skilnad på vokalane i å vike (verb) og ei vike (substantiv) og tilsvarande skilnad på å fyre og fyre (føre og framfor). I yngre mål er det i dag mykje samanfall mellom desse vokalane.
I gammalt sunnmørsmål fann ein også særdraget «halvemål» med bortfall av h- i framlyd: å øppa (å hoppa), ans (Hans), and (hand), og med nyinnsett -h- i andre ord, som hinkje (inkje), håss (oss). Forklaringa på halvemålet ligg i setningsrytmen. Halvemålet blei brukt i setningar med sterkt trykk på visse ord. Fenomenet halvemål blir i dag borte i dei sunnmørske dialektene.
Dialektene på Sunnmøre har palatalisering av lange dentalar både i trykksterk og trykksvak staving: ballj, mannj, mannjenj. Dette særdraget blir i dag til dels borte hos dei unge, som då seier ball, mann og mannen (med vanlege dentalar). Det tradisjonelle sunnmørsmålet har som nemnt ikkje tjukk l eller retrofleksar, slik ein finn det i Romsdal. I dag vinn likevel retrofleksane av r + d, l, n, s, t innpass i delar av sunnmørsk, og særleg i byen Ålesund. Det skjer i ord som fæɖi (ferdig), suʈ (surt), gaɳ(garn), veʂ (vers) og andre.
Sunnmørsk har tydeleg uttale av begge konsonantane i ord som hand, kveld, land og ting.
Konsonanten d blir i sunnmørsk uttalt i fleire ord der han er fallen bort i andre dialekter. Det heiter på mykje av Sunnmøre en saud, en seid og æi bud (sau, sei og bu), og det heiter å træde en tråd og å vade i det vide og breide. På Nordre Sunnmøre står denne d-en helst berre etter u og au (bud og saud). I eldre sunnmørsmål kunne d-en bli uttalt som ð i visse ord (det vil seia ein uttale som frikativ d, «stungen d» som i gammalnorsk). Lyden fanst i ord som tråd og breid og andre. I dag blir d-en uttalt som vanleg dental plosiv.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.