Norsk Barneblad

Norsk Barneblad er eit av verdas eldste barneblad, og det eldste nynorske bladet som framleis kjem ut.

Bladet vart starta av Kristen Stalleland frå Grimstad i 1887 som Sysvorti (svarttrosten), og fekk det nåverande namnet i 1891. Ein svarttrost er framleis bladet sin maskot.

Norsk Barneblad blir utgitt av ei frittståande stifting, Samyrkelaget Norsk Barneblad, der Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, BUL, Norsk Måldyrkingslag og Nynorsk Kultursentrum deltar.

Redaktør for bladet sidan 1999 er Nana Rise-Lynum. Opplaget er omlag 3 000.

Bladet inneheld variert stoff for barn, mellom anna teikneseriar. Mest kjent er Smørbukk som sidan 1938 har hatt fast plass på baksida av bladet.

Norsk Barneblad gir ut juleheftene Juletre, Tuss og Troll, og Smørbukk. Norsk Barneblad kjem ut med 11 nummer i året, eitt nummer kvar månad, bortsett frå i skuleferien.

Bladet vart gitt ut i Grimstad frå 1887 til 1902, i Oslo frå 1902 til 1964, i Larvik frå 1964 til 1991, og deretter i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg