Utsnitt
Norsk Ordbok er den første og største vitskaplege ordboka som dokumenterer norsk språk.
Utsnitt
Av .

Ordbok er eit register over eit ordforråd, som oftast avgrensa til orda i eit språk, gjerne med opplysningar om uttale, grammatikk, tyding og bruksmåtar. Ei ordbok beskriv språklege fenomen, til skilnad frå eit leksikon eller ein ensyklopedi.

Faktaboks

Etymologi
fra tysk Wörterbuch, etter mønster av gresk leksikon (biblion), nylatin dictionarium

Vi skil mellom einspråklege (monolingvale) og tospråklege (bilingvale) ordbøker, til dømes frå norsk til engelsk. I ei tospråkleg ordbok skil ein mellom utgangs- eller kjeldespråket, det vil seie det språket som oppslagsorda er tekne frå, og målspråket, altså språket som oppslagsorda er omsette til. I til dømes ei fransk–norsk ordbok er kjeldespråket fransk og målspråket norsk.

Vi skil også mellom allmennspråklege og meir spesialiserte ordbøker. Ei ordbok kan avgrensast til ordforrådet hjå ein forfattar (til dømes Holberg- og Ibsen-ordbøkene), visse ordtypar (framandordbok, slangordbok), ord ordna etter lik tyding (synonymordbok), ord med lydsamsvar (rimordbok), ord med tydingsslektskap (begrepsordbok) eller ord frå eit fag eller emneområde (til dømes teknisk eller juridisk ordbok).

Vidare er det skilnad på ordbøker som beskriv språket i notida (synkrone ordbøker) og språket i fortida eller over eit lenger tidsspenn (diakrone ordbøker). Dei store vitskaplege dokumentasjonsordbøkene, til dømes Norsk ordbok, kan kallast diakrone av di dei beskriv språket over eit langt tidsrom. Bokmålsordboka og Nynorskordboka, derimot, beskriv språket slik det er no, og dei er synkrone.

Andre ordsamlingar

Ei ordliste er ei mindre ordsamling. Den vanlegaste typen er rettskrivingsordlista. I rettskrivingsordlista står orda oppførte med informasjon om stavemåte og bøying, og til skilnad frå dei større ordbøkene er det ofte lite eller inkje informasjon om tyding og bruk. Norske skuleordlister skal godkjennast av Språkrådet.

Ei endå mindre ordsamling er glossaret. Glossaret kan til dømes innehalde ei liste over ord i eit verk.

Ei fullstendig ordsamling, til dømes frå heile litteraturen i eit språk, eller over alle søkjeorda i eit dokumentasjonssystem (sjå dokumentasjon), blir kalla ein tesaurus.

Ei fullstendig ordsamling over eit forfattarskap eller større verk, frå Bibelen eller liknande, kan kallast ein konkordans. I konkordansen står orda vanlegvis oppførte med kjelde, frekvens og tekstsamanheng.

Læra om ordboksarbeid og prinsippa for det blir kalla leksikografi.

Historie

Det er funne tavler med kileskrift som inneheld sumeriske ord med akkadiske ekvivalentar, og slike små ordsamlingar finn ein fleire av i kulturar der ein måtte forhalde seg til meir enn eitt språk. På 400–500-talet skreiv indarane og kinesarane større ordbøker, og slike ordbøker følgde gjerne etter der ein fekk litterære høgkulturar.

Den første store einspråklege ordboka over eit europeisk språk var den italienske Vocabolario degli Accademici della Crusca, utgjeven av Accademia della Crusca i 1612. Denne ordboka fekk stor innverknad på europeisk leksikografi, og fleire store ordboksverk følgde i det italienske akademiets fotspor. Académie française gav ut første utgåva av ei fransk ordbok (Dictionnaire de l'Académie française) i 1694, og Real Academia Española gav ut den spanske ordboka Diccionario de la lengua española i 1780. Samuel Johnsons store engelske ordbok kom i 1755. Grimm-brørne byrja utgjevinga av den store tyske ordboka Deutsches Wörterbuch i 1854, men verket vart ikkje fullført før i 1961. I Storbritannia kom New English Dictionary ut frå 1884 til 1933 (seinare nytrykk vart kalla The Oxford English Dictionary, OED).

Den største svenske ordboka er Ordbok över svenska språket, utgjeven frå 1893 av Svenska Akademien, vanlegvis kalla Svenska Akademiens ordbok (SAOB). Siste band kom ut i 2023.

Den største danske ordboka er Ordbog over det danske Sprog (ODS, 28 bind, 1919–1956), grunnlagd av Verner H. Dahlerup.

For islandsk har ein Islandsk-dansk ordbog (1920–1924, med Sigfús Blöndal som hovudredaktør) og Íslensk orðabók (redigert av Mörður Árnason, 2002). For færøysk har ein Færøysk-dansk ordbog (1927–1928 og seinare utgåver og tillegg, redigert av M. A. Jakobsen og Chr. Matras) og Jóhan Hendrik Winther Poulsens Føroysk orðabók (1998).

Den største ordboka over det norrøne språket er Johan Fritzners Ordbog over det gamle norske Sprog. Andre utgåva kom i tre band i 1886–1896, opptrykte i 1954, med eit tilleggsband ved Finn Hødnebø utgjeve i 1972. Det har kome ut tre trykte band av Københavns Universitets Ordbog over det norrøne prosasprog, og denne ordboka blir utvikla vidare digitalt.

Norske ordbøker

Den første ordboka i Noreg var Jens Bjelkes liste over ord i den norske lova (1634). I 1646 kom Christen Jenssøns samling av dialektord. Dei viktigaste ordbøkene over ordtilfanget i dialektane er Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog (1850, i andre utgåva frå 1873 er tittelen Norsk Ordbog), og som eit supplement til denne Hans Ross' Norsk Ordbog (frå 1895, opptrykk 1971). Ordforrådet i begge desse inngår i tolvbandsverket Norsk Ordbok, som er ei ordbok over «det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet».

Norsk Riksmålsordbok vart utgjeven av Riksmålsvernet (i fire band, 1937–1957, hovudredaktørane var Trygve Knudsen og Alf Sommerfelt; to tilleggsband kom i 1995, redigert av Harald Noreng). Det Norske Akademis ordbok byggjer på denne og kom ut i 2017.

I Noreg har ei rekkje personar og institusjonar, for eksempel Rådet for teknisk terminologi, stått for ordbøker over forskjellige emne, til dømes Norsk teknisk ordbok og Norsk landbruksordbok.

Litteratur

  • Bergenholtz, Henning mfl. 1997: Nordisk leksikografisk ordbok. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Ruth Vatvedt Fjeld og Lars S. Vikør 2008: Ord og ordbøker. Ei innføring i leksikologi og leksikografi. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
  • Svensén, Bo 1997: Handbok i lexikografi. Principer och metoder i ordboksarbete. Stockholm: Norstedts.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg