Vesaas er med rette kjend for å framstille sinn og kjensler hos barn og unge, ikkje minst i noveller. Som den vesle skuleguten i «Vesle-Trask» som sit full av kunnskap, men ikkje får eit ord til å låte når den nervøse unge lærarinna spør framfor eksamensnemnda. Eller dei to unge framande i «Det rare», som møtest på ein buss og kjenner seg dregne mot kvarandre og berre må kome seg av og bort frå veninnene hennar for å vere berre dei to.
Slik framstilling kan òg gjelde vaksne som skil seg ut mentalt på ein eller annan måte. Mattis i den store romanen Fuglane (1957) er lite i stand til å gjere «gagns arbeid», men orienterer seg etter rugdetrekket over huset og skjønar fuglespråk, heilt i samsvar med det sentrale symbolet i tittelen.
Men kanskje har det gjort aller sterkast inntrykk på lesarane det som hender med Siss og Unn i Is-slottet. Denne prisromanen handlar om to 11-årige jenter i eit gryande veninneforhold. Den skjøre foreldrelause Unn kjem bort og vert ikkje attfunnen. Siss må no leve med tapet og arbeide seg igjennom tunge påkjenningar. I Is-slottet framstiller Vesaas tankar og kjensler hos to heilt unge jenter i pressa situasjonar så intenst og overtydande at det har gitt romanen plass mellom dei fremste i si tid.
Forfattarskapen nærma seg avslutning med prosaboka Båten om kvelden (1968). Her viser Vesaas endå ein gong evne til eksperiment og fornying, med skifte mellom flytande forteljing og lyrisk prosa. Krona på verket vert deretter den siste diktsamlinga, Liv ved straumen (1970), som han ikkje fekk sjå ferdig før han døydde.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.