Faktaboks

Frederik Stang

Friederich Stang frem til 1830-årene

Fødd
4. mars 1808, Garden Nordre Rostad i Stokke, Vestfold
Død
8. juni 1884, Garden Helgerud i Bærum
Gravlagd stad
Vår Frelsers gravlund, Oslo
Verke
Jurist og politikar
Familie

Foreldre: Prokurator, seinare sorenskrivar Lauritz Leganger Stang (1775–1836) og Johanne («Hanna») Margrethe Conradi (1780–1820).

Gift 30.3.1833 i Christiania med Augusta Julie Georgine von Munthe af Morgenstierne (12.10.1812–30.11.1885), dotter av sorenskrivar Bredo von Munthe af Morgenstierne (1774–1835) og Cathrine Elisabeth Fries (1781–1840).

Far til Emil Stang (1834–1912); farfar til Fredrik Stang (1867–1941) og Emil Stang (1882–1964); morfar til Fredrik Stang Lund (1859–1922) og Jens Michael Lund (1872–1943); svoger til Claus Winter Hjelm (1797–1871) og Peder Carl Lasson (1798–1873).

Frederik Stang, foto frå mellom cirka 1860 og cirka 1870

Frederik Stang var ein norsk jurist og politikar. Han var formann til den norske regjeringa frå 1861 og statsminister frå 1873 til 1880.

Stang var ein av dei viktigaste premissgivarane til utviklinga i det norske samfunnet på 1800-talet. I 30 år, lenger enn nokon annan nordmann, sat Frederik Stang i regjeringsposisjon. I 19 av desse åra var han leiar i regjeringa. Som leiar av det nye Indredepartement (frå 1846) gjorde han ein betydeleg innsats for ei friare næringslovgjeving og opphjelp av industrien, jordbruket og kommunikasjonane. Saman med Anton Martin Schweigaard blir Frederik Stang rekna for å vere blant dei fremste talsmennene for den økonomiske liberalismen.

Etter oppheving av statthaldarposten i 1873 vart Stang utnemnd til statsminister. Under den tilspissa politiske situasjonen stod Stang fram som ein konsekvent talsmann for dei konstitusjonelle rettane til kongen, til dømes ved sanksjonsnektingane av vedtaket om tilgangen statsråda hadde til Stortinget (statsrådssaka) og striden om Kongens veto i grunnlovssaker (vetostriden). I 1880 tok han avskjed som statsminister.

Bakgrunn

Frederik Stang, pastell utført i slutten av 1840-åra. Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Frederik Stang, pastell utført i slutten av 1840-åra. Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Av /※.

Stang høyrde til den gamle handelsslekta Stang som hadde hovudsete i Halden. Han vart fødd på garden Rostad i Stokke, og voks opp i tronge kår. Faren, Lauritz Leganger Stang, kjøpte garden etter at han vart prokurator i Tønsberg. I 1814 vart Lauritz Stang utnemnd til sorenskrivar i Ryfylke og busette seg i Stavanger, der han vart verande til 1827, då han vart sorenskrivar i Nordhordland og busette seg i Bergen.

Utdanning og studentliv

Faren hadde små moglegheiter til å betale for utdanning for barna. Skulegangen i barneåra i Stavanger var privat og tilfeldig, men som 13-åring kom Frederik inn på latinskulen i Bergen. Herfrå vart han dimittert berre 16 år gammal og trong derfor spesielt løyve for å ta prøven til examen artium. Likevel vart han den beste av alle dei 62 kandidatane, og året etter tok han andreeksamen med præceteris. Allereie under skuletida i Bergen måtte han livnære seg ved å gi privatundervisning. I studietida i Christiania fortsette han som lærar, frå han var 18 år med rett til å dimittere elevane sine til examen artium, og tidvis som lærar ved Overlærer Møllers Institut.

I studietida var Stang dei første åra ein god venn med Henrik Wergeland. Dei var forelska i den same jenta, og ei veksande usemje vart etter kvart uunngåeleg. Det utagerande studentlivet som eit fleirtal av studentane førte, med Wergeland i spissen, stod i strid med Stang sine nøysemds- og pliktideal, som var næra av økonomiske vanskar. Han var aktiv i Det norske studentersamfund og formann i to korte periodar, men trekte seg ut saman med dei andre i Intelligenspartiet. Grev Herman Wedel Jarlsberg føretrekte særleg Stang, og såg truleg Stang som sin eigen arvtakar i politikk og statsliv. Då krinsen braut ut og danna motorganisasjonen Det Norske Studenterforbund, var Stang i alle år med i redaksjonen av bladet Vidar, men elles var forholdet hans til dei andre medlemmene ganske fjernt.

Arbeidsliv

Dosent og universitetslektor

Straks etter at Stang hadde avlagt juridisk embetseksamen i 1828, offentleggjorde han ein artikkel i Morgenbladet om ansvarskjenslelova, som fekk innverknad på Stortinget si behandling av saka. Artikkelen gjorde det klart at landet med han hadde fått eit talent som var heilt nødvendig som forsterkning av det juridiske fakultetet. Fakultetet hadde hatt to lærarstillingar som begge var berre tidvis fylt, og ofte med langt frå fullkvalifiserte folk. Etter ei tid som kopist i Justisdepartementet vart Stang i 1829 konstituert som dosent, og to år seinare vart han utnemnt til universitetslektor, 23 år gammal.

I perioden 1831–1835 arbeidde Stang som lektor i lovkyndighet ved Universitetet i Oslo. I 1833, berre 24 år gamal, gav han ut det banebrytande verket Systematisk Fremstilling af Kongeriket Norges constitutionelle eller grundlovbestemte Ret. Dette var det første kommentarverket til grunnlova av 1814. Saman med Ulrik Motzfeldt har Stang æra for å ha lagt grunnlaget for ein sjølvstendig norsk rettsvitskap. Stang sine forelesingar over naturretten sirkulerte i referats form blant studentane i 30 år, og forelesingane hans om statsrett vart grunnlaget for studiet av forfatningsretten i tiår framover.

Advokat

Stang gifta seg i 1833 og måtte søkje seg eit betre utkome enn det universitetet kunne by han. Han tok difor advokatprøve, det vil seie at han førte ei sak for retten, og vart utnemnd til høgsterettsadvokat i 1834. I vel ti år praktiserte han innanfor advokatyrket, og vart raskt kjend som ein av dei fremste skrankeadvokatane i landet. I åra 1837–1845 var han medlem av bystyret i Christiania. I same periode var han òg medlem av ei rekkje offentlege komitear, slik som komiteane til revisjon av utkastet til straffelov, pensjonsordning for embetsmenn, endring av riksrettsreglementet, i tillegg til fleire styre, slik som i Selskapet for Norges Vel, Christiania tekniske foreining og Foreningen mod Brændeviinsdrik.

I 1837 vart han òg utnemnd til regjeringsadvokat, noko som var ei stor tillitserklæring. Dette var likevel lite økonomisk lønnsamt, og var ei stilling han i 1839 derfor gjerne bytte ut med å bli advokat for Noregs Bank. Som regjeringsadvokat var det oppgåva hans å gi råd i vanskelege juridiske saker som ikkje sjeldan var av prinsipiell betydning. Ei slik sak gjaldt handhevinga av pålegget om at kvekarar berre kunne vere busette i Stavanger. Stang sitt argumentasjon her førte til slutt til fri religionsutøving for alle dissentarar. Størst oppsikt i samtida vekte det glitrande og vellykka forsvaret hans i 1845 i riksrettssaka mot statsråd J. H. Vogt. Stang greidde å få Vogt frikjend, og den framifrå måten han førte saka på gjorde at han like etterpå vart utnemnd til statsråd og sjef for det nye Indredepartementet. Det vart starten på Frederik Stang si mest byggjande periode.

Politisk grunnsyn

I sin Systematisk Fremstilling af Kongeriget Noregs constitutionelle eller grundlovsbestemte Ret (1833), og i ein lang artikkelserie i Vidar om viktige konstitusjonelle spørsmål, hadde Stang lagt fram det politiske grunnsynet og programmet sitt. Utgangspunktet hans var at Noreg hadde ei demokratisk-monarkisk statsform, der Stortinget var uttrykk for folkevilja, og at det gjennom Grunnlova var lagt ein avgrensande og hemmande makt til Kongen. Stang såg farane ved utvikling av eit stivna, byråkratisk system, og peika på behovet for vekselverknad mellom folkevilja og regjeringa si overlegne innsikt. Synet hans var ei slags form for demokratisk elitisme. Regjeringa skulle ved ekspertisen sin vere oppdragande og ved prerogativa sine sørgje for at avgjerdene planmessig tente allmennviljen, og ikkje berre var utslag av slump eller snevre eigeninteresser.

Stang var økonomisk liberalist, men til liks med Anton Martin Schweigaard – den næraste samarbeidspartnaren hans i Stortinget – forkasta han laissez faire-modellen. Liberalismen måtte innebere eit moralsk element og i kombinasjon med ei dynamisk statsmakt tene «Folkets Velstand, Sundhed og Dannelse». Ut frå dette forkasta han det absolutte vetoet i grunnlovssaker, men utvida det utsetjande vetoet til å omfatte alle saker som ikkje uttrykkjeleg var unnateke, til dømes løyvingssaker. Blant dei endringane i Grunnlova som han rekna som ønskjelege, var oppheving av statthaldarposten, tilgangen statsrådane hadde til Stortinget og regulær handsamling av diplomatiske saker og kommandosaker i statsråd.

Statsråd for Indredepartementet (1846–1856)

Frederik Stang fotografert i 1856

Regjeringa Stang no vart medlem av, bestod av eldre og veltente embetsmenn med liten eller inga politisk erfaring, som oppfatta seg som departementssjefar og ikkje som medlemmer av eit politisk organ. Statsrådet var velmeinande, men svakt, initiativlaust og langt frå den dynamiske, oppdragande krafta i den aktive reformpolitikken som samsvarte med behovet i tida. Med den usedvanlege begavelsen sin, og den like usedvanlege tiltakslysta og arbeidskrafta si, kasta Stang seg over dei store arbeidsoppgåvene som vart overførte til Indredepartementet. Han fekk i stor utstrekning støtte av dei andre statsrådane. Stang avgrensa seg ikkje til sitt eige departement sine saker, men engasjerte seg òg i saker frå dei andre departementa. Her kunne han ofte pådra seg irritasjon frå dei mykje eldre kollegaene sine ved den doserande tonen sin, staheit og temperament.

Det nye Indredepartementet hadde ansvar for næringslivet, medisinalstellet, kommunane, statistisk kontor, og ikkje minst samferdselssakene. På alle desse områda vart Stang sine år som statsråd nyskapande. Særleg samferdselssakene var av interesse for Stang. Han innsåg at kommunikasjonane måtte byggast ut for å få fart på handel og få bygd ut den økonomiske verksemda i landet. Han innsåg at i det unge og uutvikla samfunnet som Noreg då var, fanst det ikkje privat kapital til utbygging. I staden måtte staten sjølv vere entreprenøren og stå for utbygginga. Fram til då var Vegvesenet underlagt Justisdepartementet, og det var juristar som administrerte vegpolitikken. Dette fekk Stang endra på. Han såg kva verdi det låg i teknisk kompetanse og han fekk ein militærutdanna ingeniør til å lage planen for norsk vegbygging. Dei militære, særleg artillerioffiserane, var dei einaste med ingeniørkompetanse i landet.

Mange av dei sakene Stang førte fram til løysing, var gamle saker som berre hadde mangla kraftfull styring. Det gjaldt til dømes den nye veglova, som det hadde vore arbeidd med i bortimot 20 år, og som under Stang si leiing, i samarbeid med stortingsopposisjonen, vart vedteken 1851. Lova førte til eit kraftig oppsving i vegbygginga. Dei årlege løyvingane frå staten vart dobla i åra fram til 1850 og dobla igjen fram til 1860. Dei kommunale løyvingane vist òg sterk vekst. Planmessigheita vart styrkt ved eit nytt vegingeniørkontor i departementet.

Stang utarbeidde også planane for jarnbane mellom Oslo og Eidsvoll, og han tok initiativ til å bygge ut eit telegrafnett, moderniserte postvesenet, og at merke- og fyrvesenet vart bygd ut. I mange år hadde det vore arbeidd med forskriftene for skyssplikta, og forslaget hans til ei ny lov som letta byrdene for bøndene, vart omsider vedtekne i 1851.

Stang var i det heile sterkt oppteken av å betre kåra til landbruksnæringa. På hans initiativ vart det arrangert eit stort landbruksmøte i Christiania i 1848, som vart følgt opp av husmannslova av 1851, vedtaket om reisinga av Den høiere Landbrugsskole på Ås i 1854, og skipinga av Kongeriget Noregs Hypothekbank i 1851, som løyste kapitalbehovet i landbruket på ein finansielt berekraftig måte.

På området til helsevesenet er skipinga av sinnssjukehus, saman med dei første løyvingane til Gaustad asyl i 1848, skilsetjande. Det same var skipinga av medisinalrådet, som Stortinget først forkasta, men endeleg vedtok i 1854. Juristen Stang var ei drivkraft i arbeidet med å trekkje ny kompetanse inn i embetsverket, og då gjerne til erstatning for juristar. Det var i desse åra at grunnlaget vart lagt for det moderne Noreg.

Sjukdom

Statsråd Stang vart etter kvart den mest populære mannen i regjeringa. «Løfte-Stangen» vart namnet hans på folkemunne. Alt arbeidet gjorde at helsa svikta, og i mars 1854 måtte han ta noko tids permisjon før han tredde inn i den lite arbeidskrevjande statsrådsavdeling i Stockholm. Deretter følgde ny permisjon inntil han i april 1856 kjende seg tvinga til å søkje avskjed. Økonomiske bekymringar hadde òg tyngt han. Statsrådsgasjen var langt mindre enn den svært lønnsame advokatpraksisen, og han hadde blitt far til 9 barn. Då han måtte forlate regjeringa, vart det sett i gang ei pengeinnsamling til æresgåve. 16 000 spesidalar kom inn, og med dei pengane vart Stang kvitt den store gjelda han hadde etter det store huset han hadde bygd seg like ved der Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo går i dag.

Sjukdommen Stang fekk var ein djup depresjon, og det harde arbeidspresset var nok ei medverkande årsak, men som person var han heller ikkje særleg nervesterk. Historikaren Wilhelm Keilhau fortel at då Stang vart sjuk, lei han mellom anna av ei vrangførestelling om at han ikkje lenger kunne gå. Han låg i senga i fleire veker og nekta å stige fram på golvet av frykt for å falle. Han kom seg til att etter nokre år med kvile, men var utan tvil svekka både fysisk og psykisk av sjukdommen. Mykje av den staheit han la for dagen på slutten av styringstida si kan forklarast med endringar i personleg karakter som følgje av sjukdommen.

På Stortinget (1858–1860)

Etter eit års rekonvalesenstid i Sveits var Frederik Stang på så god veg til å friskne til, at det var venta at han snart skulle ta sete i regjeringa. Men då den venta rekonstruksjonen av ministeriet kom i 1858, var det Christian Birch-Reichenwald som fekk kallet. Stang var både skuffa og krenkt over forbigåinga, og den politiske opinionen var forferda over dette signalet om ei kongeleidd regjering. Stang var for sterk – og sta – for kronprinsregenten (den seinare kongen Karl 4.). I staden vart Stang i 1858 valt inn på Stortinget, året etter òg i Christiania representantskap (til formannskapet i 1860, og ordførar i 1861).

Han vart ein av dei fremste representantane på Stortinget. I den heller korte perioden sin der rakk han å røyste for at statsrådane burde få høve til å møte i Stortinget. Dette synet hadde han hatt sidan ungdommen, og han meinte at møterett for statsrådane i Stortinget ville styrke regjeringa i høve til Stortinget (statsrådssaka). Ei slik reform ville føre til at sakene vart drøfta grundigare, meinte han. Opposisjonen hadde tidlegare vore imot ei slik reform, deriblant Johan Sverdrup, som hadde blitt medlem av Stortinget i 1851. Men under avrøystinga om statsrådar sin møterett i Stortinget i 1860, snudde Sverdrup for første gong og stemte saman med Stang. Det vart likevel ikkje grunnlovsmessig fleirtal for reforma. På dette tidspunktet var det ingen som tenkte seg eller hadde noko ønskje om at statsrådane sin møterett i Stortinget skulle føre til innføring av parlamentarisme.

Maktkamp mellom Stortinget og regjeringa

To viktige symbolsaker, statsrådssaka og statthaldarstriden, kom til å prege norsk politikk i mange år framover. Sistnemnde gjaldt det norske kravet om å fjerne statthaldarposten, den svenske kongens representant og symbolet på den svenske kongemakta i Noreg. Norske politikarar kravde større handlingsrom i høve til den svenske kongemakta. Etter kvart vart det også ein maktkamp mellom Stortinget og regjeringa. Sjølv om Fredrik Stang støtta fjerning av statthaldarposten, var han imot å tukle med det maktfordelingsprinsippet mellom konge, regjering og storting som grunnlova legg opp til.

Regjeringas formann (1861–1873)

Statsråd i Revisjonsdepartementet

Heilt sidan 1814 hadde regjeringa nærast vore sjølvsupplerande, i den forstand at statsrådar kom og gjekk. Også statsministeren i Stockholm kom og gjekk utan at det var tale om noko regjeringsskifte. Statsministeren i Stockholm hadde to statsrådar med seg, og resten av regjeringa sat i Christiania. Desse siste statsrådane vart kalla «den norske regjering». Det var vanlegvis statthaldaren som møtte som Kongens representant i regjeringa i Christiania, men frå 1856, då det ikkje var utnemnd nokon statthaldar i Christiania, var det førstestatsråden som leia møta. Fordi statsministeren hadde sin forløpar i posten som førstestatsråd, vart det vanleg også etter at førstestatsråden fekk namnet statsminister at vedkomande også var statsråd i eit anna departement. Heile tida Stang satt som regjeringas formann, satt han òg som statsråd for Revisjonsdepartementet. Statsministeren hadde ikkje eige kontor, men sat i det departementet han var sjef for ved sidan av å vere statsminister.

Statthaldarstriden og unionsavtalen

I 1861 vart Stang på nytt utnemnd til statsråd og denne gongen som førstestatsråd, den fremste av statsrådane. Det vil seie at han i praksis var regjeringssjef. Den første oppgåva han fekk var å finne ei løysing på den svensk-norske konflikten om statthaldarstillinga (statthaldarstriden), som tidlegare same år hadde ført til at Christian Birch-Reichenwald, Hans Christian Petersen og Ketil Motzfeldt gjekk ut av regjeringa. Dei vart avsette fordi dei ikkje ville godta dei svenska krava om endring av unionsavtalen.

Svenskane nekta å godta at denne stillinga skulle fjernast utan at ein samstundes fekk endra unionsavtalen i ei retning som ga svenskane større makt. Politisk låg det dermed i Stang si godtaking av å bli regjeringssjef, at han skulle vere mildare stemt overfor dei svenske krava. Han visste nok difor, då han sa ja til oppgåva, at han kom til å utfordre Stortinget og fornekte fleire av dei standpunkta han hadde hatt i yngre år. Då han sat på Stortinget i 1860, hadde han vore med på å vedta ei fråsegn til kongen om statthaldarstillinga. Fråsegna sa at først måtte statthaldaren bort, så kunne det bli forhandlingar om revisjon av unionsavtalen. Som regjeringssjef måtte no Stang arbeide for å mjuke opp dette standpunktet.

Stang var overtydd om at unionen både tryggingspolitisk og økonomisk var i interesse for begge rika, men at forholdet trong revisjon. Han var like fast i kravet om Noregs likegrunnlag som både Birch-Reichenwald/Motzfeldt-fraksjonen og stortingsfleirtalet, men han delte ikkje dei avgåtte statsrådane sin bitterheit over framferda til svenskane og støtta ikkje Stortingets krav om løysinga i statthaldarsaka som vilkår for å gå vidare. Han stolte på at svenskane snart ville angre villfaringa si ved å blande seg inn i eit reint norsk anliggande. I dette tok han feil, men eitt år seinare oppnådde han ein avtale med svenskane om mandatet. I 1863 var hindringane òg rydda av vegen på norsk side, ved at Stortinget forkasta forslaget om oppheving av statthaldarposten, og i 1865 kunne den 2. unionskomiteen byrje arbeidet sitt, som varte til 1868.

Då innstillinga frå unionskomiteen, som i stor utstrekning var Stang sitt verk, vart lagd fram i 1867, hadde situasjonen blitt ein annan. Ole Gabriel Ueland, som skulle ha vore støttespelaren i kampen for røystene til bøndene, var død, og frå Stang sine gamle motstandarar på konservativ side, med Bernhard Dunker i spissen, møtte innstillinga bitande kritikk. I Stortinget i 1871 fall innstillinga mot berre 17 røyster.

Skandinavisme og hærordning

Stang hadde eit svært avmålt forhold til den skandinavismen som rådde innan embetsstanden og blant intellektuelle i 1830- og 1840-åra. Han delte ikkje den nostalgiske godhugen deira for Danmark, og ønskte slett ikkje å binde Noreg til den danske politikken i «det slesvigske spørsmålet», som han var sakleg usamd i og dertil fann høgst risikabel. I 1848 hadde han leidd opposisjonen i regjeringa mot militær støtte til Danmark i den slesvigske krigen, og då den dansk-tyske konflikten igjen spissa seg til, fekk han i 1863 fleirtalet i regjeringa med seg mot kongen sin storsvenske politikk. I dette var Stang i samsvar med folkemeininga, men ikkje med delar av høgrefløya i norsk politikk, embetsmenn og Dunker som talsmann for Birch-Reichenwald/Motzfeldt-opposisjonen.

I striden i 1860-åra om hærordninga var Stang derimot meir tvisynt. Både av økonomiske og politiske grunnar søkte han å moderere presset frå kongen og dei fagmilitære, men han var òg av den meining at eit sterkare forsvar var nødvendig for å hevde Noregs jamstilte stilling i unionen. Noreg kunne ikkje stå utanfor eit angrep mot dei sameinte rika som i stor utstrekning ville bli utkjempa utanfor Noregs grenser. I eit slikt tilfelle måtte kongen kunne disponere fleire linjetroppar enn hærordninga gav rom for. Regjeringas forslag leid nederlag i Stortinget, sliksom Stang hadde venta.

Årlege storting

Spørsmålet om årlege storting var oppe til avgjerd i 1866. På det tidspunktet var det ikkje fleirtal for dette forslaget, fordi bonderepresentantane av spareomsyn var imot. Stang og regjeringa derimot var tilhengarar av reforma, og og i 1869 vart det fleirtal i Stortinget for årlege storting. Det korkje Stang eller andre visste, var at denne reforma skulle kome til å skjerpe maktkampen mellom Stortinget og regjeringa og kongemakta endå meir. Dei årlege stortinga vart også ein hovudføresetnad for framveksten av dei politiske partia, noko Stang var motstandar av heile livet.

Statsråda sin tilgang til Stortinget

Eit forslag om tilgangen statsråda hadde til Stortinget sine forhandlingar vart òg teke opp i 1863, men forkasta. Høgrefløya i Stortinget hadde mista all tru på at reforma ville styrkje regjeringsstillinga, medan bondeopposisjonen enno hadde bevart frykta for nettopp dette. Eit nytt forslag frå Johan Sverdrup i 1866 nådde ikkje ein gong simpelt fleirtal.

Stang meinte framleis at statsrådane burde møte i Stortinget, men ikkje viss prisen var parlamentarisme. Begge partar tok no meir og meir konsekvensen av synsmåtane sine og glei lenger og lenger frå kvarandre. Ved å godta Søren Jaabæk og sparepolitikken til bondevennene, som var stikk i strid med Stang sitt tanke om ein byggjande reformpolitikk, klarte Sverdrup i 1869 å skape eit antiministerielt fleirtal. Trass dette viste Stang stadig vilje til å komme Stortinget i møte. Då statsråd Wolfgang Wenzel Haffner vart tvinga ut av regjeringa ved eit regulært mistillitsforslag, tok Stang professor Ole Jacob Broch, som hadde delteke i kritikken av Haffner, inn i regjeringa som ettermannen hans, til stor forarging for den konservative opinionen. Truleg hadde Stang den kommande unionsrevisjonen i tankane, som hadde vore utgangspunktet for regjeringsdanninga hans.

Stang vart sitjande, trass i at han ikkje fekk godkjend unionskomiteen sitt forslag til ny unionsavtale i Stortinget i 1871. Han meinte det ville smake av parlamentarisme om han skulle gå av etter eit nederlag i Stortinget. Stang såg på Stortinget som ein stadig større motstandar, og valde seg difor statsrådar som såg det på same måten. Fleire gongar vedtok Stortinget å endre Grunnlova slik at statsrådane kunne få møterett i Stortinget, men no var Stang imot og fekk kongen til å nekte sanksjon kvar gong.

Statsminister (1873–1880)

Frederik Stang, måla i 1879
Av /Universitetet i Oslo, kunstsamling (UIOK).
Lisens: CC BY NC 4.0

I 1873 fekk statthaldarsaka ei løysing. Kong Karl 4. døydde året før, og den nye kongen, Oscar 2., ville gjerne ha saka ut av verda. Det var hans «morgongåve» til det norske folk. I vedtaket om fjerning av statthaldarposten var det presisert at det samstundes skulle skipast eit statsministerembete, i tillegg til det som heile tida hadde vore i Stockholm. 21. juli 1873 vart Frederik Stang utnemnd som statsminister.

Medan Stang som rettslærd i ungdommen fritt hadde kunne drøfte tilhøvet mellom statsmaktene, var han no sjølv blitt ei statsmakt. Tilhøvet mellom storting og regjering var i stor grad blitt identisk med tilhøvet mellom Stortinget og Stang sjølv. I sine yngre år såg han på nasjonalforsamlinga som den staden der folkevilja skulle kome til syne. På sine eldre dagar såg han på seg sjølv som eit bolverk mot «det lavere Folkeinstinct» i Stortinget. Han meinte og trudde at den radikale opposisjonsgruppa som vaks fram under leiing av Johan Sverdrup (det seinare partiet Venstre), kunne kome til å øydelegge maktbalansen mellom statsmaktene, og dermed også truge grunnlova.

Statsrådssaka og vetostriden

Først og fremst var det statsrådssaka som kom til å dominere maktkampen utover i 1870-åra. I 1872 vedtok Stortinget med grunnlovsfleirtal å gi statsrådar tilgang til Stortinget, men Stang fekk kongen til å nekte sanksjon. Då fekk han eit mistillitsvedtak mot seg, men trekte seg ikkje.

Oscar 2. såg med uro på konflikten og var inne på tanken om å la Stang gå, men regjeringa stod samla og gav uttrykk for at resten av statsrådane i så fall også ville ta avskjed. Stang hadde sigra, men kampen gjekk vidare.

I 1874 fremja Stang sjølv eit framlegg om statsrådar sin tilgang, men som motyting ville han at kongen skulle få oppløysingsrett. Utan oppløysingsrett rådde Stang kongen til å nekte sanksjon (sjå vetostriden).

Valet i 1876 gav ny framgang for opposisjonen, med Sverderup i føringa, og striden vart ytterlegare tilspissa. Regjeringsforslaget om vilkår i samband med statsrådssaka vart forkasta, og vedtaket frå 1874 vart gjenteke uendra, med tanke på tredje gongs vedtak etter neste val og dermed omgåing av det utsetjande vetoet til kongen. Kongen og statsrådsavdelinga i Stockholm heldt døra open for ein ny proposisjon om konservative atterhald som føresetnad for sanksjon, men tanken var på det tidspunket i realiteten død. Stang hadde lita tru på vilkåra i seg sjølve, særleg etter den maktgleda som stortingsfleirtalet hadde vist. Han hadde heller ikkje tru på den ytterlegare avgrensinga som var på tale: Skiping av eit overhus, som han ikkje fann noko grunnlag for i det norske samfunnet.

Striden var no fastlåst, og då Stortinget i 1880 gjorde uendra vedtak i statsrådssaka, vart det nekta sanksjon med tilvising til det absolutte vetoet til kongen i grunnlovssaker. Som ung jurist hadde Stang sjølv gått imot det absolutte vetoet, men i realiteten hadde det stillteiande vore godteke. Logisk var det heller ikkje urimeleg at den eine av to likestilte statsmakter ikkje skulle kunne avgrense den annas rettar. Ei vurdering frå det juridiske fakultetet ved universitetet som gjekk i favør av regjeringa, fekk ingenting å seie. Tida hadde sprunge frå juridiske argument. 9. juni 1880 slo Stortinget fast med 74 mot 40 stemmer at vedtaket i statsrådssaka var gyldig og at kongen ikkje hadde absolutt veto i grunnlovssaker. Regjeringa nekta å kunngjere avgjerda, og dermed var kursen stukke ut for riksrettsak.

Stang går av

Stang var 72 år i 1880, og den lange striden hadde slite han ut. Ut på våren og sommaren hadde hardkøyret gjort helsa hans merkbart dårlegare. Han forstod også at han kunne risikere at kongen kom til å ofre han for å få fred med Stortinget. For ein så ærekjær mann som Frederik Stang ville det å få sparken vere det største av alle nederlag. Han søkte difor avskjed i september og søkte om vanleg statsrådspensjon på 6000 kroner. Regjeringa auka denne til 12 000, men Stortinget reduserte summen til 6000 kroner i 1881. Dette meinte venene hans var nedverdigande for ein mann som hadde stått i fremste rekkje i det norske samfunnet i over 30 år. Difor starta dei ei innsamling, som resulterte i ein sum på 81 000 kroner. Stang gav desse pengane til eit stipendfond til universitetet.

Siste år

Dei fire år fram til sin død i 1884 – etter at Riksrettens dom var felt, men før Johan Sverdrup vart statsminister – arbeidde Stang med ulike skriftlege arbeid. Mellom desse var eitt om sanksjonsretten, som vart trykt i Norsk Retstidende. Han døydde i sommarbustaden sin i Bærum, og i bisetjinga frå Trefoldighetskyrkja deltok heile det offisielle Noreg med kongen, kronprinsen og Sverdrup i spissen.

Betydning som politikar

Knapt nokon politikar hadde ei meir dominerande rolle enn den Frederik Stang hadde i norsk politikk på 1800-talet. Trass i at han hadde tittelen statsminister i berre litt over sju år, var han den viktigaste premissgivaren til utviklinga i det norske samfunnet i over 30 år.

I boka De nasjonale strateger hevdar Rune Slagstad at Stang er den eine av to politiske leiarprofilar som ragar over alle andre i norsk historie etter 1814. Den andre er Einar Gerhardsen. Dei to sto i spissen for kvart sitt kraftfulle reformregime: embetsmannsstaten for Stang sitt vedkomande, og Gerhardsen som leiar for arbeidarpartistaten i etterkrigstida.

I 1879 hadde Stang hatt 50-års jubileum som embetsmann, og han var utan tvil den fremste representanten for embetsmannsstaten sin epoke her i landet. Trass i at han var politikar i heile sitt vaksne liv, hadde han likevel det ein kan kalle embetsmannsmoral. Det blir fortalt at han hadde to blekkhus på skrivepulten sin: Det eine til privat bruk som han hadde kosta sjølv, medan det andre var staten sitt.

Stang levde også eit særs nøkternt liv. Han var fråhaldsmann heilt frå ungdommen av og ein aktiv forkjempar for fråhaldssaka. Særleg mange venner hadde ikkje, då han var redd for å binde seg og redd for dei sterke kjenslene sine. Personleg sympati og antipati mot andre menneske kunne spele ei stor rolle i kjenslelivet hans. Stang kunne verke arrogant og støytte folk frå seg, men han kunne også sjarmere folk i senk. Han var eit stemningsmenenske som lett tok til tårene, var svært nærtakande og vart lett deprimert, men var også lett å smigre.

I sine velmaktsdagar som statsråd var han nok meir elska av folket enn knapt nokon annan på den tida. Men i perioden som statsminister opplevde han at hans argaste motstandar, Johan Sverdrup, var meir populær enn han sjølv. I yngre dagar var Stang ein smidig og kraftfull politikar, men i møtet med dei nye demokratikrava og Johan Sverdrup sin venstrepposisjon stivna han.

Medlemskap og utmerkingar

Frederik Stang var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1846, av Videnskabs-Selskabet i Christiania frå stiftinga 1857 og av Kungl. Vetenskapsakademien i Stockholm. Han vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden på stiftingsdagen i 1847 og fekk storkors i 1853. Fire år seinare fekk han den høgaste utmerkinga i landet, Borgerdådsmedaljen i gull. Han var dessutan riddar av den svensken Serafimerorden og hadde storkors av Dannebrogordenen og fleire andre utanlandske ordenar.

Utgivingar

Eit utval

  • Bemærkninger ved Repræsentanten Kapt. Foss’s Forslag til Redaktion af Ansvarlighedsloven i de Paragrapher, hvori Ordet: «tydelig» i Lagthingets Bemærkninger forekomme, i Morgenbladet nr. 184 tillegg og 185/1828
  • Om de til Afgjørelse paa forestaaende Storthing fremsatte Constitutionsforslag, del 1–3, i Vidar, 1. halvårgang, 1832–1833, s. 121–125, 129–134, 137–146, 169–181 og 185–190
  • Om de til Afgjørelse paa det nu forsamlede Storthing fremsatte Constitutionsforslag, del 4, i Vidar, 2. halvårgang, 1833, s. 17–23 og 27–40
  • Systematisk Fremstilling af Kongeriget Norges constitutionelle eller grundlovsbestemte Ret, 1833
  • Repertorium for Oplysninger og Undersøgelser, vedkommende vigtige Gjenstande for ottende ordentlige Storthings Virksomhed (saman med C. Fougstad), 3 bind, 1835–1836
  • Samling af Norge vedkommende Kgl. Rescripter, Resolutioner og Collegialbreve m.v. for Tidsrummet fra 1660 til 1813, (saman med B. Dunker), 1838
  • Om den kongelige Sanctionsret efter Norges Grundlov, i Norsk Retstidende 1883, s. 257–286

Etterlatne papir

  • Frederik Stang sitt privatarkiv finst i Nasjonalbiblioteket
  • Arkivmateriale frå Stangs advokatfirma fram til 1897 finst i Riksarkivet (Privatarkiv nr. 142)

Avbildningar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Daae, Ludvig: Politiske dagbøker og minner, bind 2, 1938
  • Gjerløw, Olaf: Norges politiske historie. Høyres innsats fra 1814 til idag, bind 1, 1934
  • Halvorsen, J.B.: Norsk forfatterlexikon 1814-1880, bind 5, 1901
  • Hielm, Andreas: Christian Birch-Reichenwald. En studie i norsk konservatisme, 1950
  • Kaartvedt, Alf: Kampen mot parlamentarisme 1880–1884, 1956
  • Lindstøl, Ole Torjesen: Stortinget og statsraadet 1814–1914, bind 1, 1914
  • Seip, Jens Arup: Et regime foran undergangen, 1945
  • Slagstad, Rune: De nasjonale strateger, 1998
  • Stang, Frederik: Statholdersak og unionsstrid 1856–62, 1943
  • Stang, Thomas og Stang, Ulrich: Den fredrikshaldske slekt Stang, 1959
  • Svare, Bjarne: Frederik Stang, 1939–1950, 2 bind
  • Svare, Bjarne: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 14, 1962
  • Thyness, Paul: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 8, 2004

Faktaboks

Frederik Stang
Historisk befolkingsregister-ID
pf01038027002069

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg