Morgenbladet

Logo
Logo
Av .
Lisens: Begrenset gjenbruk
Framsida av Morgenbladet 10. juni 1899.
Morgenbladet/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Morgenbladet er ei vekeavis i Oslo, grunnlagd i 1819. Avisa er ei uavhengig kultur- og kommentaravis, eigd av Mentor Medier, Institusjonen Fritt Ord, og AS Forlagsfinans (Bjørn Smith-Simonsen). Fram til juni 2020 var NHST Media Group største eigar. Sun Heidi Sæbø er sjefredaktør sidan 2020.

Historie

Etablering

Avisa blei grunnlagd i 1819 av teologen Niels Wulfsberg som ein bladlapp utan meiningar og blei i 1821 overteken av boktrykkjar Rasmus Hviid. Deretter var Morgenbladet eigd av familien de Besche fram til 1902, då eit Høgre-dominert aksjeselskap flytta bladet til «Morgenblad-gården» ved sidan av Stortinget. Frå 1831 gjorde politikar og forretningsmann Adolf Bredo Stabell Morgenbladet til ei avis. Etter å ha vore eit liberalt opposisjonsorgan var avisa uavhengig konservativ etter 1848.

Under Stabell sin etterfølgjar i 1857, redaktør Christian G. Friele, var Morgenbladet i 1860- og 1870-åra den leiande og viktigaste avisa i landet, som hovudorgan for regjeringa, embetsmennene, prestane og dei finare grosserarane. Avisa hadde, slik Gerhard Gran skreiv i 1916, ei terroriserande maktstilling, med «troende kulsviere, fanatiske tilhængere og forbitrede hadere». Friele gjorde med andre Morgenbladet både frykta og respektert, og fylte avisa med så mykje politikk under dei opprivande politiske oppgjera i 1880-åra, at bladet blei akterutsegla om nyhender.

Nedgang og konkurs

Då Friele gjekk av i 1893, arbeidde den nye redaktøren Nils Vogt for at Morgenbladet skulle halde på posisjonen som leiande nasjonal avis i sluttfasen før oppløysinga av unionen. Han fikk nye eigarar til å satse på avisa, men lukkast ikkje. Det gjorde heller ikkje den markante politikaren C.J. Hambro, som var redaktør mellom 1913 og 1920.

Etter å ha provosert okkupasjonsmakta under andre verdskrigen blei Morgenbladet stoppa i 1943 og redaktørane vart arresterte. I 1945 heldt utgivinga fram, men trass i eineståande støtte i opinionen makta ikkje avisa å skaffe balanse i rekneskapane. Avisa måtte haldast i live med redningsaksjonar. Då Oslo Høgre for siste gong bidrog i 1975, braut Morgenbladet med sine siste prinsipp, då dei søkte og fekk statsstøtte.

Morgenbladet gjekk konkurs i 1983, og buet blei overteke av organisasjonen Libertas, som eigde avisa til 1987. Avisa er seinare gjenoppliva fleire gonger som vekeavis under skiftande eigarskap.

Liberal avis

Avisa blei i 1987 overtatt av forretningsmannen Hroar Hansen og var ein kort periode (1987–1988) ei uavhengig nyheits- og kommentaravis med Hans Geelmuyden som redaktør. Avisa fekk tabloidformat og begynte i denne tida med søndagsutgåver. Frå 1988 fekk avisa ei ny redaksjonell leiing og definerte seg som ei liberalistisk avis som politisk nærma seg Framstegspartiet.

Kultur- og kommentaravis

Hroar Hansen selde avisa i 1993 til IT-gründeren Truls Lie. Morgenbladet blei etablert som ei uavhengig kultur- og kommentaravis, og avisa kom etter kvart ein gong i veka. Formatet blei etter ei tid endra til fullformat. I denne tida fekk avisa ei liberal-radikal og intellektuell profil.

Frå 2003 kom Institusjonen Fritt Ord inn som majoritetseigar, saman med Dagsavisen og Forlagskonsult. Med Alf van der Hagen som ny redaktør blei avisa igjen lagt om til tabloidformat. Morgenbladet utvikla seg etter tusenårsskiftet til å bli ei av dei leiande kultur- og debattavisene i landet, med stigande opplagstal. Avisa står særleg sterkt i det akademiske Noreg.

Frå 2013 kom NHST Media Group inn som dominerande eigar. 2. juni 2020 kjøpte Mentor Medier, som frå før eigde mellom anna Vårt Land og Dagsavisen, NHST sin aksjepost, og blei dermed ny hovudeigar.

Opplag

År Opplag
1920 25 000
1932 10 000
1950 30 735
1960 21 204
1970 13 500
1987 5 107
2000 6 022
2008 21 560
2015 28 090

Fakta

  • Første nr. 1.1.1819.
  • Foreløpig siste nr. 15.4.1943.
  • Første nr. etter krigen 14.5.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hauge, Yngvar: Morgenbladets historie, 1963, 1 b.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 . Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg