Kings Bay-debatten
Frå Kings Bay-saka i Stortinget i 1963, dåverande statsminister Einar Gerhardsen på talarstolen. Stortinget vedtok mistillit til regjeringa.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 3.0
Portrettfoto av Einar Gerhardsen teke i 1950
Einar Gerhardsens Arbeiderparti-regjering blei i 1963 felt på mistillitsvotum.

Mistillitsforslag er forslag om å vedta at den valde leiinga i ei gruppe ikkje lenger har tillit i gruppa. Mistillitsforslaget kan setjast fram overfor kollegiale politiske organ, styre og tillitsvalde innan organisasjonar, parti, klubbar og samanslutningar av alle slag. Blir forslaget vedteke, ligg det føre eit mistillitsvedtak eller ei mistillitserklæring, og dei som vedtaket gjeld, må fråtre verva sine.

Mistillitsforslag i parlamentariske statar

Særleg viktig er mistillitsforslag i forholdet mellom regjeringa og nasjonalforsamlinga i parlamentariske statar. Der er mistillitsforslag eit vanleg brukt middel i nasjonalforsamlinga for å tvinge regjeringa, eller eitt eller fleire av medlemene i regjeringa, til å gå av.

I Noreg følgjer reglane om mistillit av Grunnlova § 15. Etter denne føresegna (bestemmelsen) kan mistillitsforslag rettast mot regjeringa samla eller enkelte av regjeringsmedlemene:

Kvar medlem av statsrådet har plikt til å levere avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til denne statsråden åleine eller til heile statsrådet. Kongen skal gje avskil etter ein slik søknad. (Grunnlova § 15)

Det blir ikkje stilt noko krav til grunngiving for mistillitsforslaget. Politisk usemje eller ønske om regjeringsskifte kan vere grunnlag for mistillitsforslag. Andre gonger blir mistillitsforslag brukt som reaksjon på brot på konstitusjonelle plikter, til dømes opplysningsplikta regjeringa har overfor Stortinget. Dersom mistillitsforslaget får fleirtal i Stortinget, har regjeringa eller statsrådane vedtaket gjeld, ei rettsleg plikt til å gå av. Det er straffbart for ein statsråd å ikkje følgje eit vedtak om mistillit. Dersom regjeringa får eit mistillitsvedtak mot seg, vil likevel regjeringa fungere som forretningsministerium til ei ny regjering blir innsett.

I norsk parlamentarisk praksis har mistillitsforslag hendt ofte, men berre få gonger har det blitt vedteke. Den første arbeidarpartiregjeringa leidd av Christopher Hornsrud blei felt ved mistillitsvotum i 1928. Mindretalsregjeringa til Einar Gerhardsen blei felt i 1963 etter Kings Bay-saka.

Mistillitsforslag i kommunar og fylkeskommunar

Mistillitsforslag finst også på lokalt nivå i kommunar og fylkeskommunar med parlamentarisk styreform. Reglar om mistillitsforslag er gitt i kommunelova § 10-7. 16. juni 2021 vedtok bystyret i Oslo kommune mistillit mot byråd Lan Marie Nguyen Berg (MDG). Mistillitsvedtaket førte til at heile byrådet gjekk av etter å ha stilt kabinettsspørsmål.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar (2)

skreiv Alexander Benjamin

Lenken "Mistillitsforslag, kabinettsspørsmål og kritikkforslag – en oversikt hos Stortinget" virker ikke.

svarte Mina Hennum Mohseni

Hei, Takk for at du gjorde oss oppmerksomme på dette. Riktig lenke er lagt inn. Med vennlig hilsen Mina i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg