Einar Gerhardsen

Faktaboks

Einar Gerhardsen

Einar Henry Gerhardsen

Født
10. mai 1897, Asker
Død
19. september 1987, Oslo
Einar Gerhardsen var statsminister i Noreg i til saman 17 år fordelt på fire periodar: 1945, 1945–1951, 1955–1963 og 1963–1965.
Av .

Frå 1945 til 1961 hadde Arbeiderpartiet reint fleirtal i Stortinget. Den ledande politikaren i desse åra var Einar Gerhardsen. Bildet viser han saman med Johan Nygaardsvold ved statsministerskiftet 1945.

Gerhardsen og Nygaardsvold
Av .
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Einar Gerhardsen var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var formann i Arbeidarpartiet i 20 år, frå 1945 til 1965. Han er kjend som «landsfaderen» fordi han var statsminister i Noreg i 17 år, lenger enn nokon annan.

Gerhardsen var statsminister i periodane 25. juni–5. november 1945, 5. november 1945–19. november 1951, 22. januar 1955–28. august 1963 og 25. september 1963–12. oktober 1965.

Han har vorte ståande som den fremste eksponenten for dei første 20 åra av norsk etterkrigshistorie, prega av økonomisk vekst, mesteparten av tida av ein relativ politisk harmoni, av NATO-medlemskap og ei sterk utbygging av sambanda med utlandet.

Tidlege år

Einar Gerhardsen vart fødd på Nesbru i Asker, men like etterpå flytta familien flytta til Kristiania. Der voks Einar Gerhardsen opp. Faren arbeidde som formann i Vegvesenet, og hadde ei trygg inntekt, men det var så visst inga overflod. Einar Gerhardsen sjølv har fortalt korleis han sparte litt av dagens brødrasjon og gøymde til bruk mot slutten av veka, då det gjerne ikkje var pengar att til å kjøpe meir brød.

Lenge før han slutta skulen var Einar Gerhardsen ute i arbeidslivet som visargut, og etter sju års skulegang vart han det på heiltid. I 1915 fekk han jobb i Vegvesenet og kom aktivt med i fagleg arbeid og i AUF. Han hadde vore politisk aktiv frå dei tidlege ungdomsåra, og han var ikkje nådd stemmerettsalderen før han hadde politikken som heiltidsyrke. I større grad enn for dei fleste norske politikarar er det rett å kalle Einar Gerhardsen for eit politisk menneske. Åra som visargut (1907–1915) og vegarbeidar (1915–1922) vart eigentleg berre pynt på eit ekstraordinært politisk livsverk.

Politiske verv og stillingar

I 1920 vart han vald til formann i Oslo Arbeidersamfund. Han var medlem av sentralstyret i Arbeidernes ungdomsfylking i perioden 1919–1926, mellom anna var han ein periode både formann og nestformann. I Arbeidarpartiet sin revolusjonære periode i 1920-åra måtte Gerhardsen sone fleire dommar for den politiske verksemda si. Han følgde overgangen til partiet til reformismen i 1930-åra.

Gerhardsen var sekretær i Norsk Kommuneforbund i åra 1922–1923, i Det norske Arbeiderparti i åra 1923–1926 og i Oslo Arbeiderparti i åra 1926–1936. Deretter vart han igjen sekretær i landspartiet, nestformann frå 1939 og frå 1945 til 1965 var han Arbeidarpartiets formann.

Han var stortingsrepresentant for Oslo i perioden 1945–1969.

Einar Gerhardsen var medlem av Oslo bystyre og formannskap i perioden 1932–1945 og viseordførar i perioden 1938–1940. Han var ordførar i nokre timar i 1940, ved starten av den andre verdskrigen, men dei tyske okkupantane nekta å godta han som ordførar.

Andre verdskrigen

Gerhardsen spelte ei aktiv rolle i det nasjonale motstandsarbeidet under andre verdskrigen. I september 1941 vart han arrestert og sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland i åra 1942–1944. Derifrå vart han mellom anna etter press frå finske sosialdemokratar sendt attende til Noreg og Grini. Der vart han kjend med mange av dei som skulle bli samfunnstoppar etter krigen, og han hadde vore med på drøftingane i fangeleiren om etterkrigs-Noreg.

Gerhardsen si første regjering (1945)

Då dei politiske institusjonane skulle reorganiserast sommaren 1945, gjekk regjeringsoppdraget til den ganske ukjende politikaren Einar Gerhardsen. Foto 1945.

Av /NTB Scanpix ※.

Då dei politiske institusjonane skulle reorganiserast sommaren 1945, gjekk regjeringsoppdraget til Gerhardsen etter at Hjemmefrontens leiar, Paal Berg, hadde sagt frå seg det. På det tidspunktet var Einar Gerhardsen kjend i arbeidarrørsla, særleg i Oslo, men ikkje kjent i det breie lag av folket. Heller ikkje blant politikarar frå andre parti var han kjent. C.J. Hambro til dømes, rekna Gerhardsen for å vere ein politisk grønskolling.

Tradisjonen i Noreg hadde alltid vore at statsministeren vart henta blant dei fremste i Stortinget, og Gerhardsen var ikkje ein gong stortingsrepresentant. Ikkje hadde han vore statsråd.

I 1945 vart ikkje det argumentet tillagt stor vekt. Hadde han til dømes følgt regjeringa over til London i 1940, slik han hadde tilbod om, ville han knapt kunne ha blitt statsminister i 1945. Han kunne ha fått problem også om han hadde vore stortingsrepresentant. Stortinget frå 1936 hadde inga høg stjerne. Hadde han følgt Martin Tranmæl til Sverige, ville han neppe heller ha blitt statsminister. I staden vart Gerhardsen verande i Noreg og deltok i den norske motstandskampen. I sum utgjorde dette ein uslåeleg kombinasjon for ein statsminister i juni 1945.

Taktisk for Arbeidarpartiet var også Gerhardsen midt i blinken. Hadde Johan Nygaardsvold (statsminister 1935–1945) halde fram som statsminister til stortingsvalet hausten 1945, ville valkampen ha kome til å handle om kven som hadde skulda for 9. april. Med Gerhardsen kunne ein i staden fokusere på etterkrigstida. Sett frå nasjonen representerte han ei ny tid, eit brot med det gamle, men i realiteten var han ein garva politikar og organisasjonsmann. Han hadde hatt politikk som hovudyrke i snart ein mannsalder, både i landspartiet og i Oslo-partiet.

I Arbeidarpartiet hadde han i 1945 ingen utfordrar. Partiformannen, Oscar Torp, hadde vore medlem av Nygaardsvold-regjeringa og skulle granskast. Gjennom nestleiarvervet var Einar Gerhardsen alt før krigen sett på som arvtakar. I desse travle fredsdagane var han over alt, som Thomas Christian Wyller skriv i boka si «Frigjøringspolitikk»: «Hvor to eller tre var samlet i de hektiske dager i mai og juni 1945, var Gerhardsen blant dem». Han var rett mann på rett stad og til rett tid.

Å byggje eit statsapparat

Den 19. juni 1945 fekk Gerhardsen oppdrag å skipe ei samlingsregjering som skulle fungere fram til stortingsvalet same haust. Av dei 15 medlemmene i regjeringa tilhøyrde seks Arbeidarpartiet.

Mens både Christopher Hornsrud si korte og Nygaardsvold si lange regjeringstid hadde vore prega av at det var stortingsgruppa som sat i førarsetet, vart det nå partiet og fagrørsla som kom til å bli maktbasen. Det var der Gerhardsen hadde sin bakgrunn og det var først og fremst der han henta sin legitimitet. Han vart statsminister nokre månader før han vart innvald på Stortinget.

All makt var ikkje lenger samla «i denne sal», slik som Johan Sverdrup sa det. Nå vart mykje av den reelle makta flytta til Youngstorget, sjølv om parlamentarismen framleis fungerte som prinsipp. I motsetning til både Venstre- og Høgre-regjeringane tidlegare, der stortingsgruppene hadde stor fridom i høve til partiorganisasjonane, vart det nå sentralstyret i Arbeidarpartiet som tok dei viktigaste avgjerdene.

Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet vart meir eit sandpåstrøingsorgan. Etter kvart som regjeringa vart varm i trøya og eit statsapparatet med utgreiingskapasitet vart skikkeleg utbygd, skjedde det nok ei slags symbiose mellom regjering og sentralstyre, slik at det ikkje vart så lett å seie kva for eitt av organa som påverka det andre mest, men Gerhardsen var sjef i begge, og rundt seg samla han eit særs kompetent apparat.

Som personleg sekretær på statsministerens kontor fekk han med seg Milorg-leiaren Jens Christian Hauge, og som nestformann i Det økonomiske samordningsrådet fekk han med seg den unge sosialøkonomen Erik Brofoss. Begge desse to kom til å få avgjerande innverknad på den politiske kursen i åra som kom. Han fekk også etter kvart mange partifeller inn i viktige posisjonar i embetsverket.

Gerhardsen si andre regjering (1945–1951)

1. mai-feiring på Youngstorget. Hovudtalar er statsminister Einar Gerhardsen (med ryggen til). Folketeaterbygningen i bakgrunnen.
Einar Gerhardsen
Av /NTB.

Ved valet i oktober 1945 fekk Arbeidarpartiet reint fleirtal i Stortinget. Det var då 30 år sidan sist eitt parti åleine hadde hatt reint fleirtal i nasjonalforsamlinga. Einar Gerhardsen skipa si første reine Ap-regjering som var utnemnd 5. november 1945. Berre Trygve Lie og Oscar Torp kom med frå Nygaardsvold si regjering, og berre fem av dei 14 statsrådane hadde parlamentarisk praksis. Gjennomsnittsalderen for regjeringa var på 44 år, den lågaste til då.

Gerhardsen sette juristen og Milorg-leiaren Jens Christian Hauge inn som forsvarsminister. Det låg mykje politikk i ei slik utnemning, og det var eit klart brot med den antimilitære lina som Arbeidarpartiet hadde følgt før krigen. Med Hauge ønskte han også å få sterkare politisk kontroll over forsvaret. Hauge var den yngste statsråden i Gerhardsen si andre regjering. Han var berre 30 år gamal, og akkurat då gamal nok til å bli innvald på Stortinget.

Sameleis var det Gerhardsen som trekte sosialøkonomane inn som fagkompetanse i norsk politikk. Den unge sosialøkonomen Erik Brofoss vart finansminister dei første åra, og seinare handelsminister. Han fekk heilt avgjerande innverknad på samfunnsutviklinga i etterkrigstida. Fleire gongar prøvde Brofoss å kome seg ut av regjeringa. Arbeidsmengda var kolossal desse første etterkrigsåra, men kvar gong greidde Gerhardsen å overtale han til å bli. I 1950 skreiv han til og med ein søknad til Gerhardsen om avskjed. Søknaden var på 22 A4-sider, men også då sa Gerhardsen nei.

I tillegg til Brofoss samla han unge sosialøkonomar rundt seg. Til personleg sekretær valde Gerhardsen i 1945 den unge sosialøkonomen Gunnar Bøe. Det berande programmet for Gerhardsen desse første åra var «industriell modernisering», og han skaffa seg personane som hadde kompetansen og den rette innstillinga til å gjennomføre det.

Ein dugande, men stridbar person han tok inn i regjeringa, var juristen Olav Meisdalshagen, som vart finansminister i 1947. Han og forsvarsminister Jens Chr. Hauge var som hund og katt. Likevel tok Gerhardsen både Hauge og Meisdalshagen med då han på nytt skipa regjering (Gerhardsen si tredje regjering) i 1955 etter mellomspelet med Oscar Torp som statsminister.

Det var sterke personar Gerhardsen samla rundt seg. Han ville ikkje ha ja-folk, men folk med sterk vilje. Difor vart det då også mange indre konfliktar i regjeringa. «Man må kunne sitte i en regjering sammen med personer som man ikke vil dra på hyttetur sammen med», sa han, og han hadde mange slike i regjeringa.

Gerhardsen var ikkje oppteken av at det var ro rundt statsrådbordet, men at breidda i synspunkta kom fram og fekk brynt seg mot kvarandre. Det vart så statsministerens jobb å trekkje ein konklusjon eller å finne eit kompromiss.

Gjenreisinga og landssvikoppgjeret

Det å ta over regjeringsansvaret etter andre verdskrigen var vel omtrent den vanskelegaste jobben nokon statsminister har stått overfor. Det å få hjula i gang att, gjenreisinga og ikkje minst oppattbygginga av Finnmark og Nord-Troms etter tvangsevakueringa og nedbrenninga, var gigantiske oppgåver i seg sjølv.

I tillegg kom landssviksoppgjeret og alle dødsdommane mot til saman 30 nordmenn og 12 tyskarar. Dei hamna til slutt på regjeringas bord som ankesaker. Det var politisk uråd å gi 25 av desse nordmennene nåde, og alle desse vart avretta. Det same vart tyskarane. Fire dødsdømde nordmenn fekk nåde og ein døydde i fengsel. Gerhardsen vedgjekk at desse sakene var noko av det vondaste han var med på i si statsministertid.

NATO-striden

Den politisk sett vanskelegaste saka både for regjeringa og for Arbeidarpartiet var nok spørsmålet om kva forsvars- og tryggingspolitisk kurs Noreg skulle velje etter krigen. Dei første åra etter krigen definerte regjeringa Noregs rolle som ein brubyggar mellom aust og vest i den kalde krigen, men så melde spørsmålet seg om vi kunne stå åleine utanfor den vestlege militæralliansen som det var planar om.

Med stor rett er det hevda at denne saka eigentleg var ein kamp om Einar Gerhardsens sjel. Utan tvil var det også denne saka som var tyngst for han personleg, og han tvilte seg fram. Helst ville han ha eit nordisk forsvarssamarbeid, men ein føresetnad for det ville vere at Noreg likevel kunne få kjøpe våpen frå USA, og ein hadde bruk for ein garanti frå vestmaktene om hjelp i tilfelle krig.

Utanriksminister Halvard Lange, forsvarsminister Jens Chr. Hauge og handelsminister Erik Brofoss avviste klart tanken om at eit nordisk forsvarssamarbeid kunne vere godt nok for Noreg, og dei fekk støtte også frå andre statsrådar.

Det viste seg at USA ikkje kunne gi nokon garanti til land utanfor det vestlege samarbeidet, og dermed måtte også Gerhardsen gi seg. Han måtte godta NATO med hjerna, men gjorde det ikkje med hjarta, som LO-sjefen Konrad Nordahl skriv.

Då avgjerda var tatt, fekk han raskt kjempa saka gjennom i Arbeidarpartiets landsmøte. Stortingsgruppa, der det var fleirtal for eit nordisk alternativ, måtte bøye seg. Ikkje minst kommunistkuppet i Tsjekkoslovakia den 21. og 22. februar 1948 kom til å auke presset og tempoet i det valet Noreg måtte gjere.

Nokre dagar etter kuppet i Tsjekkoslovakia heldt Einar Gerhardsen den historiske talen sin i Kråkerøy ved Fredrikstad (kjend som Kråkerøy-talen), der han tok eit oppgjer med dei norske kommunistane. «Det som kan true det norske folks frihet og demokrati det er den fare som Det norske kommunistparti til enhver tid representerer», sa han. I hemmeleg møte i Stortinget den 29. mars vart norsk medlemskap i NATO godkjent. Truleg er det eitt av dei aller viktigaste vedtak som vart gjort i Gerhardsen si regjeringstid.

Også i spørsmålet om kor vidt Noreg skulle ta imot Marshallhjelp frå USA var Gerhardsen ein tvilande skeptikar, men let seg overtyde. Gerhardsen skriv då også i memoarane sine at han la sterk vekt på at det skulle vere mest mogeleg tverrpolitisk semje om utanriks- og tryggingspolitikken, og det vart det då også, men utover i siste halvdel av 1950-åra auka det på med indre strid i Arbeidarpartiet og også i regjeringa om den utanrikspolitiske kursen.

Utanriksminister Halvard Lange tykte statsministeren blanda seg for mykje opp i utanrikspolitikken, og hadde støtte av partisekretæren, Haakon Lie. Særleg i synet på opprustninga og tilhøvet til Sovjetunionen skilde statsministeren lag med Lange og Lie, og det vart ei kløft mellom dei som voks år om anna. På landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1967 kom det til eit ope brot mellom Lie og Gerhardsen, og det skulle gå mange år før dei på nytt var på talefot med kvarandre.

Overvaking

Ein mørk flekk på Gerhardsens ettermæle er det overvakings- og avlyttingssamfunnet som vart avdekka gjennom rapporten frå Lund-kommisjonen. Frykta for at kommunistane, styrte frå det sovjetiske kommunistpartiet i Moskva, kunne kome til å «erobre landet innanfrå», gjorde at det vart sett i gang omfattande overvaking og registrering av kommunistar.

Også på arbeidsplassane skjedde det kamp om makta mellom Ap-medlemer og medlemar av kommunistpartiet, og etter kvart kom Ap til å bygge opp sitt eige etterretningsapparat som samarbeidde med statens offisielle overvakingsapparat, og i ikkje liten utstrekning vart statens overvakingsapparat nytta i den politiske og faglege kampen mot NKP.

Det var langt frå berre lovlege midlar som vart nytta. Gerhardsen visste nok ikkje om alt, men han visste sikkert om mykje. «Man må ikke ‘følge reglementet’ når det gjelder disse folkene», sa han på eit internt møte. At det var grunnlag for frykt viser mellom anna at det frå Moskva vart overført nokså store summar til Noregs Kommunistiske Parti heilt fram til 1960-åra. Dokumentasjon på det er funne i sovjetiske arkiv.

Både telefon- og romavlytting vart nytta i stor utstrekning, og heilt fram til 1970-åra vart det ført lister over kommunistar som skulle haldast ute frå viktige stillingar. Gerhardsen opplevde til og med at Werna, hans eiga kone, kom i arkivet hos overvakingspolitiet, fordi ho hadde kontakt med russiske diplomatar. Heile dette overvakingsapparatet kunne kanskje forsvarast mens kampen var som hardast den første etterkrigstida, men Arbeidarpartiet vann kampen utan å avvikle overvakingsapparatet. Det vart i stor utstrekning omgjort til eit apparat også mot den indre opposisjonen i partiet og mot all annan opposisjon.

Torp tek over (1951–1955)

En dag i førstninga av november i 1951 kom Gerhardsen bort til Oscar Torp, som då var parlamentarisk leiar, og ba om ein samtale på tomannshand. I den samtalen fortalde Gerhardsen at han ville gå av som statsminister, og han spurde om Torp kunne tenkje seg å ta over. Det var ei bombe. Torp vart sjokkert, men sa til slutt ja til å bli statsminister. Heilt utan ambisjonar var vel heller ikkje han.

Gerhardsen grunngav avgangen sin med at han «var trett». Han var ikkje meir enn 54 år, men han hadde vore statsminister i seks svært travle og tunge år. Få trudde på Gerhardsen om at årsaka til avgangen var at han var trøytt, og blant historikarar og i ulike memoarbøker er det blitt spekulert over kva slags vanskelege saker det var som fekk Gerhardsen til å trekkje seg. Sjølv hevda han resten av livet at han snakka sant om den grunnen han ga i 1951. Det er opplagt at han må ha kjent at han møtte veggen, og at han opplevde situasjonen som ei personleg krise, og at han kjende behovet for å bli kvitt ansvaret.

Han ville ikkje ut av politikken, for planen hans var at han skulle byte posisjon med Torp og bli parlamentarisk leiar. I tillegg vart han stortingspresident då vervet vart ledig i 1953. Det kunne altså ikkje vere arbeidsmengda Gerhardsen var redd. Dagane vart like lange i Stortinget.

Skiftet skjedde enkelt og udramatisk den 19. november 1951, men det gjekk ikkje meir enn eit par år med Torp ved roret før Haakon Lie tok til å arbeide for at Torp burde gå og Gerhardsen ta over att.

Fram til stortingsvalet i 1953 fungerte samarbeidet mellom Torp og Gerhardsen godt, men i tida etter valet kom det ei sak som skapte vondt blod. Regjeringa gjorde framlegg om 18 månaders tenestetid i forsvaret. Det vakte sterke reaksjonar i stortingsgruppa og i sentralstyret. Gerhardsen utarbeidde eit kompromiss på 16 månader, og det vart vedteke. Det var han som ordna opp. Regjeringa vart svekka, og snart melde det seg misnøye med at regjeringa gjorde for lite for å hindre prisauken.

I og utanfor Arbeidarpartiet florerte det med rykte om eit snarleg regjeringsskifte, og statsminister Torp kalla leiande personar i partiet og fagrørsla inn til møte. Han ville vite om dei ønskte regjeringsskifte. Einar Gerhardsen sa då: «Skulle jeg gi deg, Oscar Torp, et personlig råd, ville det være dette, at du så snart som mulig går ut av regjeringen. Dette kunne jeg ha sagt så mye lettere, hvis jeg ikke visste at jeg selv er nevnt som ny statsminister.» Torp sa seg straks villig til å gå, sjølv om han var bitter over måten det skjedde på.

Gerharsen si tredje regjering (1955–1963)

Statsminister Einar Gerhardsen på kontoret sitt i 1957.
Einar Gerhardsen
Av /SCANPIX.

Den 22. januar 1955 gjekk Torp si regjering av, og Gerhardsen skipa si tredje regjering. Gerhardsen si tredje og fjerde regjering var berre avbrote av dei fire vekene med Lyng-regjeringa i 1963.

Det var ein frisk og opplagt Einar Gerhardsen som tok fatt på ein ny statsministerperiode. Han skifta ut ein stor del av statsrådane, og nokre av dei nye han ville ha inn, var uvillige. Det likte han dårleg. Han meinte at regjeringsarbeidet var ei plikt, og han godtok berre helseproblem som fritaksgrunn.

Gerhardsen ville ha endå meir fagleg tyngde inn i regjeringa, og med stor kraft sette han inn tiltak for å redusere underskotet i utanriksøkonomien. For å få inflasjonen under kontroll, sette han opp renta. Finansministeren i Torp-regjeringa, Trygve Bratteli, hevda seinare at desse tiltaka låg førebudde og klare til og setjast ut i livet, men at motstanden i stortingsgruppa, der Gerhardsen var sjef, var for stor. Denne framstillinga avviser Gerhardsen, og sanninga er kanskje ein stad midt imellom? Det er likevel eit faktum at Gerhardsen med ein gong han tok over, skapte inntrykket av å ha styringa.

Midt under valkampen i 1957 døydde kong Haakon. For første gong på mange hundre år var ein konge død her i landet. Utan tvil medverka dødsfallet til at Arbeidarpartiet ved det valet oppnådde det beste valresultatet partiet nokon gong har hatt, over 48 prosent av stemmene. Veljarane søkte til den trygge og kjende statsministeren, «landsfaderen» Einar Gerhardsen.

Etter så mange år med fleirtal grodde det sjølvsagt fram ei kjensle i partiet av det ein kan kalle «maktbrynde», ikkje hos Gerhardsen så mykje som hos mange andre i partiet.

I 1959 hadde regjeringa opna for at det statseigde Raufoss Ammunisjonsfabrikker kunne selje ammunisjon til diktatoren Fulgencio BatistaCuba. Det var borgarkrig på Cuba, og salsløyvet var i strid med det norske regelverket. Både Gerhardsen og utanriksminister Lange var i utlandet då saka vart avgjort, og Gerhardsen sa seg til slutt samd i den kritikken mindretalet på Stortinget framførde mot regjeringa sin handlemåte, men noko mistillitsframlegg mot regjeringa, slik alle dei borgarlege partia for første gong hadde samla seg bak, ville han ikkje høyre snakk om.

Den parlamentariske leiaren i Arbeidarpartiet, Nils Hønsvald, sa at noko mistillitsforslag aldri ville bli vedteke så lenge Ap hadde fleirtalet. Ønskte partiet å skifte regjering eller statsrådar så gjorde det slikt på eiga hand. Nettopp som eit symbol på den totale makta Arbeidarpartiet kjende det hadde etter valet i 1957, vart dette prinsippet av opposisjonen døypt «den hønsvaldske parlamentarisme». Heilt uvanleg er vel ikkje bruken av dette prinsippet i periodar med fleirtalsregjeringar.

Arbeidarpartiet mistar stortingsfleirtalet

1962: Statsminister Einar Gerhardsen i avslappa positur. På denne tida hadde Arbeidarpartiet mista stortingsfleirtalet, og dei borgarlege partia prøvde å finne ein grunn til å stille mistillitsforslag mot regjeringa til Gerhardsen.
/NTB.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Like før valet i 1961 vart det skipa eit nytt parti, Sosialistisk Folkeparti (SF), til venstre for Arbeidarpartiet. Det hadde samanheng med at den såkalla Orienterings-gruppa, personane bak vekeavisa Orientering, vart ekskluderte frå Arbeidarpartiet. Denne gruppa var usamd med partiet i den utanrikspolitiske kursen, og kjempa mot atomopprusting og for at Noreg skulle melde seg ut av NATO.

Einar Gerhardsen kjende eit personleg ansvar for det som hadde skjedd. Ved valet i 1961 tapte Arbeidarpartiet fleirtalet i Stortinget. SF fekk inn to representantar og kom i vippeposisjon. Det vart ei vanskeleg tid. Den første debatten om norsk medlemskap i EEC kom like etter valet, og Gerhardsen visste at dette kunne splitte partiet. Han ønskte å halde konklusjonen open så lenge som råd. Den franske presidenten Charles de Gaulle sette bom for vidare debatt med sitt nei til britisk medlemskap i 1963. I staden vart det innanrikspolitikk som kom til å oppta Gerhardsen si tid.

Dei borgarlege partia sette fram to mistillitsframlegg på kort tid, ingen av dei fekk fleirtal, men det var tydeleg dei jakta på ei sak som også SF kunne støtte, slik at regjeringa kunne fellast.

Kings Bay-saka

Kings Bay-saka var ein politisk strid i Norge i 1963. Saka førte til at den sittande regjeringa frå Arbeidarpartiet, med statsminister Einar Gerhardsen, måtte gå av. Bakgrunnen var ei gruveulykke ved Kings Bay-gruveneSvalbard 5. november 1962, der 21 gruvearbeidarar blei drept i ein eksplosjon. Frå Kings Bay-debatten i Stortinget, Einar Gerhardsen på talerstolen. Fotografert august 1963.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Ei slik sak kom gjennom granskingsrapporten etter gruveulykka i Kings Bay-gruva på Svalbard. Ulykka hadde kosta 21 arbeidarar livet. Dette var eit statleg gruveselskap, og kritikken mot styret og leiing var sterk. Industriminister Kjell Holler gjekk av. Det skjedde like før Stortinget skulle ta sommarferie, men den høgtidelege oppløysinga av Stortinget vart utsett til hausten.

Det vart ein vanskeleg sommar for Einar Gerhardsen, og det var tydeleg at han ikkje lenger hadde det faste grepet om sakene som han hadde hatt tidlegare. Regjeringsslitasjen tok til å melde seg. Sju år samanhengande hadde denne regjeringa hatt ansvaret. Sommaren 1963 var prega av Kings Bay-saka, og Gerhardsen visste at debatten ville munne ut i eit mistillitsforslag.

Spørsmålet var kva SF ville gjere. 20. august starta debatten i Stortinget. I fire dagar varte det, og for første gong var det TV-overføring frå ein heil stortingsdebatt. Heile folket følgde med. På tampen av debatten gjorde SF-representanten Finn Gustavsen det klart at dei to frå SF ville stemme for mistillitsframlegget, men at dei i tillegg ville gjere framlegg om at regjeringskrisa som ville oppstå best kunne løysast ved at det vart skipa ei ny Ap-regjering.

Mistillitsframlegget vart vedteke med 76 mot 74 stemmer, og SFs framlegg fekk berre partiet sine to stemmer. Dagen etter, den 24. august, leverte Einar Gerhardsen inn regjeringa sin søknad om avskjed.

Ein heil epoke i norsk politisk historie var slutt. Sjølv om John Lyng si borgarlege regjering som vart skipa fire dagar seinare, måtte gå etter ein månad, varte resten av Gerhardsen-epoken berre fram til valet i 1965.

Gerhardsen si fjerde regjering (1963–1965)

Den korte tida den fjerde Gerhardsen-regjeringa sat, viste likevel at Arbeidarpartiet hadde lært. Ei rekkje nye industriskandalar kom på bordet, og nå var regjeringa vesentleg opnare for å motta kritikk. Også i Kings Bay-saka kunne truleg regjeringa berga seg om ikkje industriminister Kjell Holler hadde gått av på førehand, men møtt i Stortinget og lova bot og betring.

Ikkje uventa vart det ved valet i 1965 borgarleg fleirtal og regjeringa Per Borten tok over. Gerhardsen vart stortingsrepresentant. Han gjekk også av som partiformann og overlot roret til Trygve Bratteli. På Stortinget sat han til 1969. Då gjekk han av og innleidde ein ny, lang epoke som eldre statsmann, memoarforfattar og høgt skatta foredragshaldar.

Landsfaderen

Einar Gerhardsen var kjend som landsfaderen. Foto 1974. Bilde frå Norsk biografisk leksikon

Einar Gerhardsen
Av /NTB Scanpix ※.

Einar Gerhardsen stod fram som «landsfaderen» – han var sjefen i regjeringa i 17 år, lenger enn nokon annan statsminister. Han var sitt partis formann i 20 år, samtidig som han naut tillit langt inn i andre parti.

I 1970 fekk han Borgerdådsmedaljen i gull, elles var han motstandar av ros og virak rundt sin eigen person. Trygve Bull, som braut med Arbeidarpartiet og gjekk over til SF, sa om Gerhardsen at han ikkje var ekspert på noko anna enn politikk. «Han var eit slags overmenneske i menneskelighet, nesten som en av oss, bare så mye flinkere». Gerhardsen sjølv hevda at alt han har gjort har han gjort for partiet. Under ei reise ein fin dag i Geiranger, stansa reiseselskapet for å nyte den vakre sunnmørsnaturen. «Finare parti i Noreg er det ikkje råd å finne», var det ein som sa. «Det måtte i så fall vere Det norske Arbeiderparti det», svara Gerhardsen.

Då vegarbeidar Gerhardsen på landsmøtet i Kommuneforbundet i 1922 vart vald til fastlønna sekretær, så ga han seg sjølv den heilage lovnaden at han aldri skulle bli nokon «pamp». Han skreiv til og med eit brev til seg sjølv om det. «Pamp» vart han nok oppfatta som av mange som kryssa vegen hans, men mest vart han sett på som «landsfaderen».

Gerhardsen som politikar

Einar Gerhardsen på balustraden på Youngstorget første mai 1984. Helge Sunde / Samfoto
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Det som gjer Einar Gerhardsen til ein gigant blant dei norske statsministrane, er ikkje berre den uslåelege rekorden han sette med sine over 17 år i statsministerstolen. Han ruvar også som regjeringssjef under den lengste og sterkaste vekstperioden og den politisk sett mest stabile perioden vi nokon gong har hatt. Denne utviklinga kom ikkje av seg sjølv.

Einar Gerhardsen var utan tvil eit stor politikar, men det var ikkje som politisk initiativtakar han utmerka seg. Det var sjeldan han som fann på reformene og tiltaka. Dei kom frå apparatet rundt han, eller frå partiorganisasjonen. Hans store styrke, og der han er størst av alle, var den evna han hadde som teambyggar og den evna han hadde til å oppfatte stemningar ute blant folk flest.

Trass i at han er ein av dei statsministrane i Noreg som har hatt minst formell utdanning, så var han meir enn nokon annan oppteken av å rekruttere medarbeidarar med høg kompetanse på ulike felt.

Gerhardsen tok eit oppgjer med kommunistane (NKP) under Kråkerøy-talen i 1948, men han var likevel nokre gonger til venstre i partiet, ikkje minst i utanriks- og tryggingspolitikken. Dette var bakgrunnen for det til tider anstrengde forholdet mellom Gerhardsen og partisekretær Haakon Lie.

Haakon Lie har i ei av bøkene sine kalla Einar Gerhardsen for eit maktmenneske og ein maktpolitikar. Det likte Einar Gerhardsen svært dårleg, og han hevda sterkt at han aldri hadde vore oppteken av personleg makt. Det siste han ville var å framstå som noko maktmenneske, men det er liten tvil om at vi knapt har hatt ein politikar i dette hundreåret med større makt enn nettopp Einar Gerhardsen. Det var ikkje ei makt han nytta til eiga vinning, men det seier seg sjølv at i ein periode med ei fleirtalsregjering så ligg det stor makt i å vere både statsminister og formann i regjeringspartiet.

Som ein dirigent har avgjerande makt over orkesteret, hadde Gerhardsen makt over dei personane som utøvde politikken. Sjølv det å skape kompromiss, det å få andre til å samarbeide, er maktutøving. I tillegg hadde Gerhardsen nesten eineveldig makt over kven som skulle sitje i regjeringa. Det var ikkje minst på den måten han utøvde makta si. Historikar Jens Arup Seip skriv at han var budd til å skyte når nokon måtte dø, og det var ikkje få statsrådar opp gjennom åra som var bitre etter å ha blitt sparka frå regjeringa.

Historikaren Jens Arup Seip hevda i det kjende foredraget sitt i Studentersamfunnet i 1963 («Fra embetsmannsstat til ettpartistat») at Gerhardsen si maktovertaking i 1945 innevarsla eit like stort skilje som då parlamentarismen vart innført i 1884. Vi fekk det han kalla «ettpartistaten», og han hevda at Stortinget i Arbeidarpartiets lange fleirtalsperiode forsvann som politisk makt. «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay», som han formulerte seg. Litt rett hadde han, men det var altfor unyansert. Bortsett frå at valordninga ga det største partiet eit visst styringstillegg, så var det veljarane som ga Arbeidarpartiet fleirtalet. I tillegg finst det mange døme på at Gerhardsen og regjeringa justerte og modererte kontroversielle framlegg for å kome opposisjonen i møte.

Gerhardsen var ingen konfrontasjonspolitikar. Det var kompromisset som var hans form, og dei fleste av dei sterke fagpersonane han samla rundt seg, var i heile den perioden Gerhardsen sat som statsminister med på ein gradvis reduksjon av avstanden mellom Arbeidarpartiet på den eine sida og dei borgarlege partia på den andre. Som Geir Lundestad skriv i artikkelen sin «Hovedtendenser i norsk politikk» i artikkelsamlinga «Vekst og velstand», søkte Arbeidarpartiet under Gerhardsen si leiing «å unngå handlinger som i sterk grad ville tjene til å utfordre den ikke-sosialistiske opinion». Han meiner det skjedde ei gradvis avradikalisering av Arbeidarpartiet. Det går også an å kalle det ei avideologisering og eigentleg så har vel denne halde fram heilt til i dag. I denne prosessen fungerte Gerhardsen sjeldan som ein pådrivar, snarare som ein av dei som var i tvil og prøvde å bremse.

Gerhardsen som person

Personleg framsto Gerhardsen som nesten ein litt blyg person, ein som heller brydd av å vere i fokus. Han framstilte det då også alltid slik at det var ansvarskjensle meir enn eigne ambisjonar som dreiv han. Om akkurat det er det usemje blant dei som kjende han. Eit faktum er det at det var vanskeleg for Gerhardsen å ha fortrulege samtalar med kvar einskild av medarbeidarane sine. Det var gruppa, kollegiet, som var hans arena. Det var få av statsrådane han slapp nær innpå livet. Det var til dømes aldri noko godt forhold mellom Gerhardsen og Trygve Bratteli, som han hadde som nestformann i partiet i 20 år og som han også fleire gongar nytta som statsråd. Gerhardsen prøvde også å unngå Bratteli som sin etterfølgjar. Olaf Solumsmoen som var statssekretær hos han i alle regjeringsåra sa: «Jeg har i virkeligheten visst aldri hatt en helt fortrolig og åpen samtale med Einar Gerhardsen.

Utgivingar

Gerhardsen gav mellom anna ut Tillitsmannen – handbok i praktisk organisasjonsarbeid (1930 og seinare utgåver). Han var hovudredaktør for Tidens leksikon (1975) og gav ut sine memoarar i fem bind, som alle er viktige kjelder til norsk historie:

  • Unge år (1974)
  • Fellesskap i krig og fred 1940–45 (1970)
  • Samarbeid og strid 1945–55 (1971)
  • I medgang og motgang 1955–65 (1972)
  • Mennesker og politikk. Erindringer 1965–78 (1978)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nyhamar, Jostein: Einar Gerhardsen, 1982–83, 2 bind, Finn boka
  • Olstad, Finn: Einar Gerhardsen: en politisk biografi, 1999, isbn 82-00-12828-8, Finn boka

Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg