Reversen til Odd Hassels nobelmedalje i gull.
Gullbarre i Noregs Bank
Av /Noregs Bank.
Lisens: CC BY ND 2.0
gull i kvarts
Gull i kvarts. Foto: Naturhistorisk museum, P. Aas,
gull i kvarts
Av /Naturhistorisk museum.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Gull er eit metall med gul farge som er det tredje grunnstoffet i gruppe 11 i periodesystemet. Atomsymbolet er Au og atomnummeret er 79. Gull er lett å tilverke og finnast som metall i naturen. Det er eit stabilt grunnstoff som ikkje reagerer med luft, og er eit edelmetall.

Faktaboks

Etymologi
gull frå sanskrit jval, ‘å skinne’. Au frå latin aurum
Engelsk namn
gold

Sølv, kopar og gull er alle metall som har blitt brukte til framstilling av myntar, og dei blir derfor kalla myntmetalla. Gull blir òg mykje brukt til smykke og andre dekorative gjenstandar.

Gull er eit symbol på rikdom og makt. Det er òg ein god leiar for varme og elektrisk straum og blir difor mykje brukt i elektronikk. Reint gull har ein sterk gul farge. Over tid held overflata seg like fin, ho blir ikkje mørk, slik som kopar og sølv.

Det er berre éin stabil isotop av gull: 197Au.

Eigenskapar

Gull er det einaste grunnstoffet som er eit gult metall. Fargen kjem av at metallet absorberer noko blått lys. Det kan forklarast på grunnlag av berekningar som tek omsyn til relativistiske effektar.

Gull er mykt (duktilt) og kan valsast til folie eller blad som er berre 0,0001 millimeter tjukke, og det kan trekkjast i trådar med ei lengd på 3000 meter per gram.

Gull reagerer verken med vanlege syrer eller basar. Det løyser seg i kongevatn, klorvatn og i cyanidløysingar som inneheld eit oksidasjonsmiddel som til dømes oksygen.

Gull dannar kjemiske samband med oksidasjonstal I, II og III; III er det viktigaste. Gull dannar lett kompleks i vatn der gull kan ha oksidasjonstal frå −I til V. Eksempel på slike kompleks er dicyanidoaurat(I)-ionet [Au(CN)2] og tetrakloridoaurationet [AuCl4].

I nyare tid er det laga ulike nanopartikler med gullatom som ein viktig bestanddel. Ein har òg vorte klar over at gamle, raude glasvindauge har fargen sin frå nanopartikler av gull.

Førekomst

Gull er eit edelmetall og finst i naturen for det meste i gedigen form, ofte legert med sølv. Sidan gull er tungt, finn vi det i form av små klumpar i sand og grus, ofte på stader der det er kvartsgangar og kismalm. Det finst òg gullmineral, dei fleste er tellurider, og calaveritt, AuTe2, er det viktigaste.

Sjøvatn inneheld cirka ti mikrogram gull per tonn (10 parts per million, ppm). Gull er eit sjeldant grunnstoff som det finst 0,004 gram per tonn av i jordskorpa. Konsentrasjonar på over 1–2 gram per tonn blir rekna som økonomisk interessante.

Hydrotermale kvartsgangar er ofte opprikt på gull. Slike førekomstar er små og smale, men kan ofte vere rike på gull fordi gullet er ujamt fordelt. Gull finst òg langs store regionale skjersoner (sprekkesoner) i fjellkjeder. Dei fleste av førekomstane er avsette lenge etter at bergarten vart danna. Dei kjem frå varme saltholdige løysingar ved 250–350 grader celsius (°C) og på 8–12 kilometers djup i jordskorpa. Gull kan òg på grunn av tyngda si og uforanderlighet blir opprikt i grus og sand i form av små korn eller større klumpar (sjå alluvial).

Førekomst i Noreg

Dei viktigaste gullførekomstane i Noreg er i kvartsgangar ved Eidsvoll, Bømlo, Svartdal i Telemark og Tosenfjorden i Bindal. Det er truleg ikkje vunne ut meir enn 500 kilo gull frå slike kvartsgangar.

I Tana-, Alta- og Reisavassdragene har det vore drive gullvasking i liten målestokk. Den totale produksjonen har sannsynlegvis ikkje vore over 100 kilo. Det meste er funne i kisgruva Bidjovagge i Finnmark.

Allereie i gammal tid vart det vunne ut litt gull av sølv frå Kongsberg. Den første sendinga gjekk i 1644 frå Kongsberg til København og vart brukt til preg av nokre få dukatar.

Det har vore vunne ut nokre kilo gull i året ved raffinering av kismalmer. Ved Bidjovagge gruve vart det frå starten i 1985 til nedlegginga i 1991 vunne ut cirka 6200 kg gull frå ein malm som i gjennomsnitt inneheldt 11,5 kg kobbar og 3,5 g gull per tonn.

Utvinning

Den eldste metoden til utvinning av gull er gullvasking.

Ved industriell gullutvinning har cyanidmetoden (først nytta i Australia i 1886) fått mykje å seie. Her blir gullkonsentratet vaska med cyanidløysing under gjennomblåsing av luft. Då blir gullet løyst som eit cyanidokompleks, som denne reaksjonsligninga viser:

2Au(s) +4CN-(aq) + H2O(l) +½O2 → 2[Au(CN)2]-(aq) + 2OH-(aq)

Gullet blir felt ut ved å redusere cyanidokomplekset med sinkstøv. Fordi gull og sølv følgjer kvarandre i desse prosesstrinna, må metalla skiljast etterpå ved elektrolyse.

Bruk

Gjennom menneskehistoria er det vunne ut rundt 100 000 tonn gull totalt.

Gull blir mykje nytta til forgylling, til smykke og i spesielle praktgjenstandar fordi det har ein vakker glans og ikkje blir påverka av fukt eller av skiftande atmosfæriske forhold. Om lag 78 prosent av produksjonen blir brukt til framstilling av smykke, myntar og andre verdigjenstandar.

Sju prosent av den årlege verdsproduksjonen går til gullbarrar som i hovudsak blir lagra i dei ulike landas riksbankar som dekning for dei pengesetlane som er i omløp, og som for den største delen har avløyst dei tidlegare gullmyntane. Sjå òg gullstandard.

Gull blir òg nytta i tannlegearbeid, til kjemiske apparat, i glas- og porselensmåleri. Gull er og tillatt som fargestoff i kakepynt og likører, og har da E-nummer E 175.

Fordi gull leier varme og elektrisitet godt og er svært inert, blir det brukt som vernande belegg på andre metall, som elektrodemateriale, til leiarar og kontaktar i elektroniske halvleiarkomponentar. Over hundre tonn gull i året blir brukt i elektronikkindustrien. Fordi gull reflekterer infraraud stråling godt, blir det brukt i reflekterande belegg og filmar. 10–15 prosent av produksjonen blir nytta til tannlegeverksemd og andre tekniske formål.

Legering med andre metall gir moglegheiter til å justere eigenskapane av gullet til det aktuelle bruksområdet, sjå gull-legeringar. Til dømes er reint gull så mjukt at ein ikkje kan lage smykke av det. Ein tilset andre metall, til dømes kopar (Cu), sølv (Ag) og sink (Zn). 14 karats gult gull inneheld 26 prosent kopar, 13 prosent sølv og 3 prosent sink. 14 karats kvitt gull inneheld 17 prosent kopar og nikkel og 7 prosent sink.

Sjå òg gullsambindingar, gullprøve, gullsmed og gullsmedkunst.

Produksjon

Verdsproduksjonen av gull var i 2014 på 3 100 tonn. Tidlegare kom mykje frå Afrika, men i dei seinare åra har dei største produsentane vore Kina, Australia, Russland, USA og Canada.

Dei største gullførekomstane i verda vart funne i 1886 nær Johannesburg i Sør-Afrika. Gullgruvene høyrer til verdas djupaste, fleire går ned under 3000 meter, den djupaste er 3700 meter.

I Canada er òg gullførekomstane knytt til prekambriske bergartar av omtrent same alder som i Sør-Afrika. Fleire enn hundre førekomstar har vore i drift langs ein 3000 kilometer lang og fleire hundre kilometer brei sone frå Sudbury (nord for Lake Huron) til Store Slavesjø, der Yellowknife gullgruve vart opna i 1948.

Langs heile den amerikanske vestkysten finst talrike større og mindre gullførekomstar; den største er Mother Lode i California, cirka 150 kilometer aust for San Francisco. Bergartane her består av skifer og grønnstein, gjennomsatt av tallause gullførande kvartsårer. Gullmineraliseringen i Cripple Creek i Colorado er knytt til vulkanske gassar og emanasjonar som braut opp sidesteinen og laga eit system av sprekkar og årer av kvarts, dolomitt og fluoritt.

Sverige har hatt ein viss gullproduksjon i samband med foredling av andre malmar. Sjå Boliden AB.

Pris

Prisen av gull er ikkje bestemd av kva det kostar å produsere det eller av bruksbehovet, men behovet for investering i usikre tider. Derfor fluktuerer (varierer) prisen.

Fysiologisk verknad

Gull er ofte å finne naturleg saman med kvikksølv- eller arsensambindingar, og utvinning av gull kan derfor medføre risiko for kvikksølv- eller arsenikkforgiftingar.

Symbolikk og historie

Gull har spelt ei vesentleg rolle i ei lang rekkje sivilisasjonar, både som teikn på rikdom, makt og fullkommenhet og i religiøse framsyningar. Aztekarane vurderte gull som Guds utsondring, medan det for egyptarane var kroppen til gudane. Hos kinesarane symboliserte gull yang (i motsetning til månemetallet sølv, som stod for yin), og dessutan Solen. Også i buddhismen, hinduismen og kristendommen står gull for lys, men hos dei kristne vekkjer det òg assosiasjonar til avgudsdyrkelse og syndig interesse for forgjengeleg rikdom, til dømes i historia om dansen rundt gullkalven.

Det blei først brukt som betalingsmiddel i områda rundt elvane Eufrat, Tigris, Nilen og Indus mellom 3000 og 2000 f.Kr. I Europa var det grekarane som først brukte myntar laga av ei legering av gull og sølv, det som heiter elektrum. Men det var hovudsakleg sølv som blei brukt til myntar.

I dag blir brukt gullmedalje ofte som premie til vinnaren av ein konkurranse, til dømes ein idrettskonkurranse. Andreplass og tredjeplass blir då ofte påskjønt med høvesvis sølvmedalje og bronsemedalje.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gull
Smeltepunkt
1064,43 °C
Kokepunkt
2807 °C
Massetettheit

19,32 g/cm3

Oksidasjontal
-I, 0, I, II, III, V
Elektronkonfigurasjon

[Xe]4f145d106s1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg