Bømlo er ein kommune i Vestland fylke, på nordsida av Bømlafjorden, den ytste delen av Hardangerfjorden. Saman med Sveio ligg Bømlo lengst sørvest i fylket. Heile kommunen ligg på øyar og omfattar øyane Bømlo (Bømmeløy, 171 km2), Goddo (16 km2) og Moster (12 km2), og dessutan rundt 1000 andre øyar, holmar og skjer. Fram til 2020 høyrde Bømlo kommune til Hordaland fylke.
Kommunen blei oppretta i 1916 ved at den dåverande Finnås kommune blei delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 blei dei tre nemnde kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1995, då han blei utvida med om lag 16 kvadratkilometer ved at øyane Aga og Agasøster i nordaust og Vikøy, Selsøy og Gisøy i nord blei overførte frå Fitjar kommune.
Bømlo grensar i søraust til Sveio, i aust til Stord og Fitjar og i nord til Austevoll. Alle grensene er i sjøen.
Kommentarar (1)
skreiv Geir Thorsnæs
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.