Ullensvang, kommune i Hordaland fylke, femner om landet på begge sidene av midtre og ytre del av Sørfjorden, samt fjellområda ikring, i vest nordre del av Folgefonna og i aust dei vestlege delane av Hardangervidda. Til Ullensvang høyrer også nordsida av Utnefjorden frå Granvinfjorden i vest til Djupaviki i aust.
Ullensvang var frå 1837 ein del av Kinsarvik kommune som skifta namn til Ullensvang i 1870. Ein mindre del av Ullensvang vart overførd til Vikør (sjå Vikøy), no Kvam kommune, i 1882. Ullensvang kommune vart i 1913 delt i tre kommunar, Ullensvang, Kinsarvik og Odda.
I 1964 vart Kinsarvik (unnateke Kvanndal-området), Eidfjord og Åsgrenda av Kvam slått saman med dåverande Ullensvang til ein ny kommune som fekk namnet Ullensvang. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1977 då Eidfjord vart skild ut att.
Ullensvang grensar til kommunane Hol og Nore og Uvdal i Buskerud fylke i aust og til kommunane Odda i sør, Kvinnherad i sørvest, Jondal i vest, Granvin og Ulvik i nord og Eidfjord i nordaust.
Ullensvang, Jondal og Odda kommunar vart samde om samanslåing i samband med regjeringa Solberg si kommunereform. Dette vart godkjent i Stortinget juni 2017.
Kommentarer (1)
skrev Geir Thorsnæs
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.