Kinsarvik (tettstad)

Et brurefylgje kjem til Kinsarvik kyrkje i båt, truleg seint på 1920-tallet eller tidleg på 1930-tallet.
Av /Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Kinsarvik er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 557 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
557 (SSB, 2020)
Landareal
0,7 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5102 Kinsarvik

Tettstaden ligg inst i Kinsarvikbukta på austsida av Sørfjorden like innanfor munningen i Hardangerfjorden. Frå tettstaden fører Husedalen søraustover opp til Hardangervidda; gjennom dalen renn elva Kinso som har sitt utløp i fjorden i tettstaden.

Riksveg 13, indre stamvei på Vestlandet, går gjennom tettstaden, og det er bilferjesamband til Utne og Kvanndal. Staden er kjend mellom turistar, med hotell og campingplassar.

Kinsarvik har middelalderkyrkje (1150-1200) i romansk stil med restar av eldre stolpekyrkje frå 1000-tallet under. Det er restar av langskipsnaust fra skipreidetida (ca. 900–1350) ved ferjeleiet. På 1500- og 1600-talet var det stor trelasteksport til Storbritannia; denne gjekk frå Skotteflu ved det noverande ferjeleiet.

Kinsarvik var kommunesenter i Ullensvang før kommunesamanslåinga i 2020.

Kart

Kinsarvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg