Bergen domkirke
Bergen domkirke
Av /Arfo forlag.

Bjørgvin bispedømme, blei oppretta på SeljeOlav Kyrres tid om lag 1070. Bispesetet blei flytta til Bergen i 1170. Bispedømmet er dermed eitt av dei fem historiske bispedømma i Noreg (i tillegg til Nidaros, Oslo, Stavanger og Hamar).

Faktaboks

Også kjend som

før 1919 Bergens stift

Bjørgvin bispedømme omfattar Vestland fylke, etter at Sunnmøre blei overført til det nye Møre bispedømme i 1983. Biskopen i Bjørgvin har dessutan tilsyn med Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet. Talet på kyrkjemedlemmar var 455 250 (71 prosent av befolkninga) i 2021. Bjørgvin er delt i elleve prosti, 43 fellesråd og 176 sokn. Dagens biskop, Halvor Nordhaug, vart innsett i 2009.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg