Faktaboks

Administrasjonssenter
Jondal
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
1 087 (2019)
Landareal
235 km²
Høgaste fjell
Folgefonna (1644 moh.)
Innbyggjarnamn
jondøl, jondøling
Kommunenummer
1227 (fram til 2020)

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Jondal

Jondal. Kulturlandskap i Herand. I bakgrunnen Hardangerfjorden.

Jondal
Av /※.
/Store norske leksikon ※.

Jondal var fram til 2020 ein kommune i Hordaland fylke. Etter samanslåing med Ullensvang og Odda dette året vart Jondal ein del av den nye Ullensvang kommune i det nye Vestland fylke (sjå regionreformen). Kommunesamanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Jondal kommune låg i Hardanger, på austsida av Hardangerfjorden mellom Maurangerfjorden og Samlaneset, og omfatta den nordvestre delen av Folgefonnhalvøya. Den utgjorde 235 kvadratkilometer og hadde 1111 innbyggjarar ved nedlegginga.

Jondal vart oppretta som kommune i 1862 ved utskiljing frå Strandebarm. I 1965 vart Tørvikbygd på vestsida av Hardangerfjorden overført til Kvam, samtidig som garden Kysnes på austsida av fjorden vart overført frå Strandebarm til Jondal. Ved ny grenseregulering i 2013 vart området Gausvika-Årsand-Hessvika nord for munningen av Maurangerfjorden overført frå Kvinnherad til Jondal.

Natur

Berggrunnen i den tidlegare kommunen er hovudsakleg gneis og granitt av grunnfjellsalder, men sterkt påverka av den kaledonske fjellkjeda. Langs kysten i nordvest er ei smal stripe av omdanna skifrar (fyllitt). Landskapet i Jondal er svært fjellendt, liene stuper bratt ned i fjorden, og dalane er korte og med bratt fall. Det høgaste punktet i Jondal ligg på den nordlegaste delen av Folgefonna (1644 meter over havet). Delar av Folgefonna nasjonalpark låg i kommunen.

Befolkning og busetjing

Det meste av busetjinga i Jondal finn ein langs fjorden, særleg i og omkring det tidlegare kommunesenteret, tettstaden Jondal (397 innbyggjarar i 2019).

Jondal kommune hadde nedgang i folketalet i det meste av perioden frå sist på 1800-talet og fram til omkring 2010. Sidan viste folkemengda ein viss vekst fram til kommunen vart nedlagt; i tiårsperioden 2010–2020 auka såleis folkemengda i Jondal med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg (korrigert for kommuneutvidinga i 2013). Til samanlikning hadde kommunane i Hardanger samla ein svak nedgang i folketalet i denne tiårsperioden.

Næringsliv

Viktigaste næringar i Jondal etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel/turisme og primærnæringane. Industrien er relativt beskjeden.

Jordbruket er først og fremst eit husdyrbruk (sau og storfe), og berre tre prosent av jordbruksarealet er åker og hage, vesentleg frukt- og bærarealer. Det blir drive noko fiskeoppdrett. Viktigaste industribransjar er metallvareindustri (Jondal Precision Industries) og bergverk. Elles har båtbygging lange tradisjonar i Jondal.

Historikk og kultur

Ved Herand er det gjort arkeologiske funn av 9000 år gamle bustader. På Bakko i Herand finst det rundt 150 helleristingar, dei eldste av dei er rundt 3000 år gamle. Jondal, som er frå 1888, er den største i Hardanger og har ei altartavle måla av Nils Bergslien. I kommunen er det fleire merkte turløyper, mellom anna til Folgefonna.

Hordaland Folkeblad kom med det første nummeret i 1873 og er lokalavis for Kvam og Jondal. Avisa har hovudkontor i Norheimsund, kjem ut to gonger i veka og har vore redigert på nynorsk sidan 1914. Hordaland Folkeblad er den eldste lokalavisa i landet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Ragnhild Aarsand

Dekan må hugse på at Jondalstunnelen er i Jondal. Kan de lage eige side om den? den var opna den 7.september 2012

skreiv Georg Kjøll

Hei Ragnhild. Takk for at du påpekte denne mangelen. Jeg har skrevet tunnelen inn i artikkelen nå. Jeg skal også videreformidle til redaktøren for transport ønsket om en egen oppføring på tunnelen. Leksikonets øvrige tunnelstoff skal ligge her: http://snl.no/.taxonomy/1520Med vennlig hilsen Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg