Frå 1881 til 1899 var det drift i sinkgruvene ved Allmannajuvet nordaust for Sauda sentrum, der det vart funne sink, jern og kobbar. I dag utgjer gruveanlegget ein del av Statens vegvesen si satsing på utviklinga av Nasjonale turistvegar. Anlegget er utvikla i samarbeid mellom Statens vegvesen og den verdskjende sveitsiske arkitekten Peter Zumthor, og skal formidle Sauda si gruvehistorie og gjere dei gamle gruvene meir attraktive og tilgjengelege for besøkjande.
Ryfylkemuseet har tre avdelingar i Sauda, mellom anna Industriarbeidermuseet, avdeling av Ryfylkemuseet, som viser kåra til arbeidarfamiliane i dette området. Åbøbyen, del av Sauda tettstad, har unik arkitektur frå 1920-åra. Det er bygdetun på garden Tveit ved Saudasjøen. Jonegarden på Hustveit, på vestsida av Saudafjorden, nær grensa til Suldal, er ein gammal museumsgard. Ved Kvednafossen er det gamle vasskraftanlegget med kvern, korntørke og sag restaurert.
Rogalands største alpinsenter ligg i Svandalen ovanfor Saudasjøen. Vinterturismen er godt utbygd òg i Slettedalen og i fjellet med fleire turisthytter.
Sauda kyrkje er ein langkyrkje i tømmer, bygd 1866, teikna av slottsarkitekten Hans Ditlev F. Linstow.
Forfattaren Kjartan Fløgstad er frå Sauda, og handlinga i fleire av bøkene hans er lagd til den oppdikta industristaden Lovra, ein stad som minner mykje om Sauda.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.