Faktaboks

Administrasjonssenter
Eidfjord
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
937 (2022)
Landareal
1 389 km²
Høgaste fjell
Ramnabergnuten (1729 moh., høgaste faste fjell). Høgaste punkt på Eidfjords del av Hardangerjøkulen er rundt 1860 moh.
Innbyggjarnamn
øydfjøre, nyare eidfjording
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4619 (frå 01.01.2020, tidlegare 1232)

Kommunevåpen

Kart: Eidfjord kommune i Vestland
Eidfjord kommune i Vestland fylke.
Kart: Eidfjord kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Foto fra Eidfjord

Eidfjord. Tettstaden og kommunesenteret med Vøringsfoss hotell i forgrunnen, i bakgrunnen Eidfjordvatnet.

Av /KF-arkiv ※.

Eidfjord er ein kommune i Vestland fylke, omkring Eidfjorden og den inste fjordarmen Simadalsfjorden, som igjen utgjer inste del av Hardangerfjorden. Kommunen omfattar også den nordvestlege delen av Hardangervidda og søre del av Hardangerjøkulen med fjelltraktene sørafor.

Eidfjord grensar til Ulvik i nord, Hol og Nore og Uvdal i Buskerud i aust og Ullensvang i sør og vest.

Eidfjord blei oppretta som kommune 1891 ved utskiljing frå Ulvik. I 1964 blei kommunen slått saman med Ullensvang, og han blei eigen kommune igjen ved utskiljing frå Ullensvang i 1977.

Natur

Berggrunnen i Eidfjord består for ein vesentleg del av grunnfjellsbergartar, mest gneis og granitt. Grunnfjellet er stadvis dekt av omdanna kambrosiluriske sediment (fyllitt og glimmerskifer), særleg i fjelltraktene i dei sentrale og austre delane av kommunen. I nordaust er fyllitten dekt av harde, overskyvde gneisar tilhøyrande dei kaledonske skyvedekka (sjå kaledonske orogenese). Her finst det høgaste punktet i kommunen, Hardangerjøkulen på grensa til Ulvik (1861 meter over havet).

Høgast elles i kommunen er Ramnabergnuten på vestsida av Hardangerjøkulen (1729 meter over havet). Nord for Eidfjorden når Onen 1621 meter over havet på grensa til Ulvik, og på Hardangervidda sørvest i kommunen når Store Grananutane 1612 meter over havet på grensa til Ullensvang.

Heile 90 prosent av arealet i kommunen ligg over 900 meter over havet, det meste av dette er på Hardangervidda. Her er det eit ope og bølgjande landskap som over store strekningar har relativt små høgdeforskjellar. Dette står i skarp kontrast til landskapet nord og nordvest i kommunen der fjellvidda er djupt nedskoren av Eidfjorden og dalane som munnar ut i denne. Størst er dalføret til Bjoreio, særleg nedanfor Fossli, (sjå Bjoreidalen), Hjølmadalen med Veig og Simadalen med Sima.

På vidda ligg den store innsjøen Nordmannslågen med avløp austover til Numedalslågen. Hardangervidda nasjonalpark utgjer om lag 38 prosent (575 km2) av arealet i kommunen. Veig med Valursfossen og Vedalsfossen (i ei sideelv) er verna, det same er Erdalsvassdraget.

Busetjing

Eidfjord har svært gamal busetjing, noko talrike oldfunn vitnar om. Dagens busetjing er i vesentleg grad konsentrert til den einaste tettstaden i kommunen, administrasjonssenteret Eidfjord ved utløpet av Eio, og tettgrenda Øvre Eidfjord ved sørenden av Eidfjordvatnet. I alt 60 prosent av innbyggjarane i kommunen budde i 2023 i tettstader, mot 81 prosent i Vestland fylke samla sett.

Eidfjord (med dagens grenser) hadde nedgang i folketalet fram til 1970-talet. Det auka noko med kraftutbygginga på 1970-talet, men viste frå rundt 1980 og fram til først på 2000-talet igjen nedgang. For tiårsperioden 2013—2023 hadde Eidfjord ein gjennomsnittleg årleg vekst i folketalet på 0,1 prosent mot ein vekst på 0,7 prosent i Vestland fylke. Folketalet i Eidfjord i 2023 utgjorde noko over 4/5 av folketalet ved slutten av krigen.

Kart over Eidfjord kommune
Kart over Eidfjord kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Eidfjord. Tettstaden og kommunesenteret med Vøringsfoss hotell i forgrunnen, i bakgrunnen Eidfjordvatnet.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Jordbruket er av stor betydning i Eidfjord sjølv om det dyrka arealet utgjer mindre enn ein prosent av kommunearealet. Det blir drive husdyrhald; særleg sauehaldet betyr mykje. Garnfiske i fjellet, bærsanking og villreinjakt er også av betydning. Industrien i kommunen er heilt ubetydeleg.

Dei store, høgtliggjande areala med bratt fall til fjorden har gjeve Eidfjord grunnlag for ein stor kraftproduksjon. Med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 2949 GWh (gigawattimar; 2023) fordelt på sju verk er Eidfjord ein viktig vasskraftkommune. Av dei sju kraftverka i kommunen har Sy-Sima kraftverk høgast årsproduksjon med 1637 GWh (fallhøgd 905 m, i drift frå 1981) og Lang-Sima kraftverk (1252 GWh, fallhøgd 1065 m, i drift frå 1980). Desse kraftverka er baserte på vatn frå fleire vassdrag, særleg frå Bjoreio. Likevel er det i turistsesongen sikra ei minstevassføring i Vøringsfossen på 12 m3 per sekund. Det er fleire større fiskeoppdrettsanlegg i tilknyting til kraftanlegget. Øvre delen av Veig, som er ein sideelv til Bjoreio, er verna som ein del av Hardangervidda nasjonalpark.

Turisttrafikken har mykje å seia i kommunen. Det er eit tett nett med merkte turistruter i fjellet, og kommunen har ei rekkje hotell og turisthytter. Det er eit godt fiske i Eio, elva frå Eidfjordvatnet til fjorden. Av ein samla fangst i elva på 524 kg i 2022 var vel to tredelar sjøaure.

Blant dei busette arbeidstakarane i Eidfjord har 31 prosent arbeid utanfor kommunen. Av desse jobbar i alt 17 prosent i dei andre kommunane i Hardanger og Voss og fire prosent i Bergen.

Samferdsel

Gjennom kommunen går riksveg 7 Hønefoss–Hallingdal–Hardangervidda–Eidfjord–Bu, der ho møter riksveg 13 og Hardangerbrua. Frå Bu fører riksveg 13 sørover langs austsida av Sørfjorden til Odda og nordover gjennom Granvin til Voss.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Eidfjord høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Hardangerrådet saman med Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Eidfjord kommune svarer til soknet Eidfjord i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Eidfjord til Hardanger og Voss fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Eidfjord

For statistiske føremål er Eidfjord kommune (per 2019) delt inn i eitt delområde med til saman 11 grunnkrinsar: Erdal - Indre bu, Vik - Lægreid, Hereid, Varberg, Sæbø - Lund, Sysendalen, Simadalen, Rembesdalen, Bjoreidalen, Snero - Lågenområdet og Veigdalen.

Historikk og kultur

Eidfjord kyrkje
Eidfjord gamle kyrkje er ei langkyrkje i stein frå 1300-talet. Ho ligg i Eidfjord sentrum ved garden Lægreid, som har restar av klyngetun.
Eidfjord kyrkje
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er funne rundt 300 gravrøysar frå vikingtida på Hæreid. Hardangervidda Natursenter (opna 1995) er eit opplevingssenter der jakt, fiske, friluftsliv og naturforvaltning er hovudtema med utstillingar, akvarium, reiselivsinformasjon med meir.

Høgt over Simafjorden ligg fjellgarden Kjeåsen, kjend frå TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Garden var tidlegare berre var tilgjengeleg via ein bratt sti frå fjorden, men no har han bilveg heilt fram.

Eidfjord har to kyrkjer: Eidfjord gamle kyrkje, ein gråsteinskyrkje frå 1309, og Eidfjord kyrkje, ei arbeidskyrkje bygd i 1981.

Over fjellet finst eldre ferdselsvegar over til Austlandet. Mest kjend er Nordmannsslepa over til Numedal.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har eit sølvfarga reinsdyrgevir mot ein blå bakgrunn. Motivet illustrerer kor viktig reinen har vore som næringsgrunnlaget for kommunen til alle tider.

Namnet. Kommunen har namn etter den nordaustlege delen av Hardangerfjorden, norrønt Eiðafjǫrðr, første ledd eigd, om landstripa mellom Eidfjordvatnet og fjorden med gardane Lægreid (det låge eidet) og Hæreid (det høge eidet).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bu, Aamund K.: Ættar-bok for Øyfjord, 1943
  • Kolltveit, Olav: Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid. Bygdesoga, 1977, 2 b. + kartb.
  • Lægreid, Tobias & Agnes Lægreid: Gards- og ættesoge for Eidfjord, 1992, isbn 82-992675-0-1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg