Sørfjorden er ein sørgåande arm av Hardangerfjorden på austsida av Folgefonnhalvøya; 40 kilometer lang frå Trones på vestsida/Krossanes på austsida i nord til tettstaden Odda i sør. Langs fjorden går fylkesveg 550 på vestsida og riksveg 13 på austsida. Langs fjorden vert det driven ein omfattande fruktdyrking, særleg på austsida, noko som særleg pregar landskapet i fruktblomstringa.

Frå 2020 ligg Ullensvang kommune på begge sider av Sørfjorden, frå munningen til botnen i tettstaden Odda.

Kart

Sørfjorden
Sørfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg