Hårteigen
Hårteigen
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Hårteigen er eit fjell sentralt på den vestlege delen av Hardangervidda i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Det er ein av dei høgste fjelltoppane på Hardangervidda, 1690 meter over havet (høgst er Sandfloegga lenger sør på vidda med sine 1721 meter). Hårteigen, som er ein av dei mest særprega toppane på vidda, ligg i den nordvestlege delen av Hardangervidda nasjonalpark og er synleg frå store delar av vidda.

Hårteigen er ein rest av dei store skyvedekka som under den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå kaledonske orogenese) vart skovne inn over landet frå nordvest. Toppen av Hårteigen er prekambrisk gneis som er skoven opp på lausare skifer (fyllitt) og dannar difor bratte skrentar mot den omliggjande, lægre vidda.

Aust for Hårteigen går fotturruta frå Litlos turisthytte til Torehytten, og frå denne ei merka rute opp på Hårteigen. Eit stykke av ruta går dels over, dels ved sida av ei glatt snøfonn, og her har Den Norske Turistforening sett opp rekkverk for å letta oppstiginga. Frå toppen av Hårteigen er det mektig utsyn over det meste av Hardangervidda, likeeins til Hardangerjøkulen og Hallingskarvet i nordaust, Gaustatoppen i søraust og Folgefonna i vest.

Sisteleddet i namnet er teig i den opphavelege tydinga, 'retning, lei', og siktar til at fjelltoppen er synleg frå store delar av Hardangervidda og tener som vegvisar. Første ledd er visstnok norrønt hárr, 'grå'. Namnet tyder då 'den grå vegvisaren'.

Kart

Hårteigen
Hårteigen
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Nils Bloch-Hoell

Det ville være bedre å si at det er ein av dei høgaste toppene på Vidda og den meist særprega. Sandfloegga ligger like langt vest og er høyest.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg