Odda. Av /Shutterstock. Begrenset gjenbruk

Odda

Odda. Tettstedet Odda med smelteverket ligger i naturskjønne omgivelser, innerst i Hardangerfjorden.

Av /KF-arkiv ※.
Odda, 2005
Av /NTB.

Artikkelstart

Odda er ein tettstad og administrasjonssenter i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Tettstaden ligg ved botnen av Sørfjorden og er den største tettstaden i Hardanger med 4840 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
4840 (2020)

Tettstaden Odda har lange tradisjonar både som turist- og industristad. Det starta med turisttrafikk sist på 1800-talet, då Odda var blant dei viktigaste turistmålet i landet. Men verkeleg stor vekst fekk staden med vasskraftutbygginga og industrireisninga i kommunen som starta først på 1900-talet. Denne utviklinga gav tilbakegang i turisttrafikken, og først frå 1970-talet og utover har turisttrafikken igjen vist vekst.

I dag er Odda prega av offentleg administrasjon og tenesteyting, som forutan den kommunale verksemda òg omfattar mellom anna Odda sjukehus, som sorterer under Helse Fonna HF, og fylkeskommunal vidaregåande skule.

Hjørnesteinsbedrifta Odda Smelteverk vart lagd ned i 2003; ho vart oppført på UNESCOs Liste over kultur- og naturarven i verda i 2009. I dag speler Boliden Odda på Eitrheimsneset lengst nordvest i tettstaden ei tilsvarande rolle for kommunen. Tettstaden er eit viktig handels- og servicesenter for Indre Hardanger og eit viktig samferdselsknutepunkt.

Odda har frå 2004 bystatus etter kommunalt eigenvedtak.

Kart

Odda
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg