Kinso

Kinso, elv i Ullensvang kommune, Vestland fylke, kjem frå Nedsta Onkjelsvatnet (1199 moh.) nordvest for Hårteigen (1690 moh.) og renn ut i Kinsarbukti i Hardangerfjorden, i Kinsarvik tettstad. Nedre del av dalføret til Kinso, under skoggrensa, heiter Husedalen. Samlet nedbørfelt er 282 km2.

Nedsta Onkjelsvatnet har to hovudtilløp, Stora Kinso frå aust og Vetla Kinso frå sør. Stora Kinso kjem frå Sandvatnet (1363 moh.) på sørsida av Hårteigen og har ei rekkje mindre tilløp herifrå. Elva renn fyrst mot sørvest gjennom ei rekkje mindre vatn og dreier så mot nordvest ved foten av Skålsnuten (1456 moh.) og følgjer denne retninga til Nedsta Onkjelsvatnet. Den største lengda til Kinso, ca. 43 km, er målt langs Store Kinso i øvre delen. Vetla Kinso kjem frå Skålsvatnet (1312 moh.), vest for Skålsnuten.

Kinso renn frå Nedsta Onkjelsvatnet kort veg nordover via Kinsevatnet (1184 moh.) til Veivatnet (4,7 km2, 1172 moh.); herifrå og til fjorden renn elva heile tida vegen mot nordvest. Elva dannar på denne strekninga ei rekkje vatn og ikkje minst ei rekkje høge fossar (rekna ovanfrå): Søtefossen, Nykkjesøyfossen, Nyastølfossen og den utbygde Tveitafossen.

Øvre og midtre del av Kinsovassdraget ligg innanfor grensene til Hardangervidda nasjonalpark. Også nedre del er verna mot kraftutbygging, men det finst her likevel ein eldre, opprusta kraftstasjon, Kinso, som nyttar fallet i Tveitafossen (111 meter) i et verk med ein maskininstallsjon på 4,1 MW og ein midlere årsproduksjon på (21,1 GWh); vernet gjeld soleis bygging av nye anlegg i elva.

I Husedalen er det bygd skogsveg som fører nesten fram til stølen Nykkjesøy (510 moh.) ved foten av Nykkjesøyfossen. Det går ei fotturrute herifrå opp til Stavali turisthytte på 1024 moh.

Flaum i november 1940 gjorde stor skade på jordeigedom ved utløpet til Kinso. Flaumproblemet er vesentleg redusert ved at elveløpet har vorte modifisert (frå to til eitt løp)

Kart

Kinso
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg