Faktaboks

Etymologi

Norrønt vinjar, fleirtal av vin, 'eng'.

Administrasjonssenter
Åmot
Fylke
Vestfold og Telemark (tidligare Telemark)
Innbyggjartal
3 755 (2022)
Landareal
2 725 km²
Høgaste fjell
Nupsegga (1674 moh.)
Innbyggjarnamn
vinbygg, vinbyggje (kvinne), vinbygge (mann), raulending
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3825 (frå 01.01.2020, tidlegare 0834)

Kommunevåpen

Kart: Vinje kommune i Telemark
Vinje kommune i Telemark fylke.
Kart: Vinje kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Telemark fylke

Rauland er ei utprega fjellbygd, og er kjent for sin gamle byggekunst. Biletet syner gamle gardar ved austenden av Totak.

Av /KF-arkiv ※.

Vinje er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke, lengst nordvest i fylket. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Vinje og Rauland. Vinje er den største kommunen i fylket i utstrekking, og grensar i vest til Agder, Rogaland og Vestland fylke.

Kommunen omfattar Kvennas, Songa/Tokkes og Vinjevassdragets dalføre med sidedalar og omliggande fjellområde. Fjelltraktene nord i kommunen utgjer Hardangerviddas søre del, som i alt utgjer to tredelar av kommunearealet. Ein stor del ligg i Hardangervidda nasjonalpark.

Natur

Berggrunnen er grunnfjell, vesentleg granittisk gneis og granitt. Vassdraga i kommunen, med stor vassføring og store høgdeskilnader, har gitt føresetnader for stor kraftutbygging. I dalane er det godt med skog.

Den ubygde delen av Møsvasstangen er eit viktig fuglefredingsområde, internasjonalt verna gjennom Ramsar-konvensjonen.

Befolkning og busetnad

Folketalet auka svakt på 1900-talet fram til 1960 og heldt seg så stabilt til 1990-åra. Ein tilbakegang gjennom 1990-talet og 2000-talet er avløyst av ein forsiktig vekst. I perioden 2014 til 2023 auka folkemengda med 2,9 prosent, mot 8,1 prosent i heile landet.

Busetnaden følgjer i hovudsak Vinjevassdraget og Tokke, nordbreidda av Totak, ved Møsvatn og i Øyfjell heilt i søraust. Administrasjonssenteret Åmot ligg heilt søraust i kommunen.

Næringsliv

Jord- og skogbruk er framleis viktige næringar i Vinje, særleg i kombinasjon med gardsturisme, hytteutleige, jakt og fiske. Kommunen har stort saue- og geitehald, men storfe betyr òg mykje. Industrien er beskjeden og er avgrensa til noko verkstadsindustri, næringsmiddelindustri, trevare- og møbelindustri. Kunsthandverk utgjer eit monaleg innslag, med mange heil- og deltidssysselsette. Kommunen har stor turisme, med fleire hotell og turisthytter. Ved Edland ligg Haukelifjell Skisenter. Vinje er ein av landets største hyttekommunar med 5713 hytter og fritidsbustader (2022). Sidan 2006 har talet på hytter auka med 76 prosent.

Vinje er blant dei 20 største kraftkommunane, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1970 GWh per 2016. Det er ti kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 287 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Vinje kraftverk (i drift frå 1964), Songa kraftverk (1964) og Kjela kraftverk (1979). Vassdraga i Vinje er sterkt utbygd, men kraftverka ligg dels utanfor kommunen.

Samferdsel

Fleire viktige vegar går gjennom Vinje, mellom anna E134 (FrognHaugesund), det sentrale sambandet mellom Vest- og Austlandet sør for Hardangervidda. E134 følgjer Vinjeåas dalføre frå Åmot og nordvestover. Frå Haukeli tek riksveg 9 av til Kristiansand, frå Åmot tek fylkesveg 37 av nordover til Rauland–Rjukan og fylkesveg 38 sørover til Dalen–Vrådal.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Vinje

Vinje. Vinjevatnet og Vinje kyrkje.

Av /NTB Scanpix ※.

Vinje høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Tokke.

Vinje kommune svarer til dei fire sokna Grunge, Rauland, Vinje/Nesland og Øyfjell i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vinje til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vinje

Myllarheimen
Husmannsplassen Kosi i Arabygdi. Her budde Myllargutten dei siste tjue åra av livet sitt.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

For statistiske formål er Vinje kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 24 grunnkrinsar:

  • Vinje: Nesland nedre, Mannås/Åbø, Hylland, Kostveit, Særensgrend, Bøgrend, Smørklepp, Grungedal, Edland, Haukelid, Vestheiane, Vågslid, Songa vest
  • Rauland: Øyfjell, Rorge, Austbø, Møsstrond, Nesland øvre, Hadland, Raulandsgrend, Arabygdi, Songa aust, Møsvatn vest, Møsvatn aust

Historikk og kultur

Ølbolle frå Rauland, 1789.
/Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY SA 2.0

Mange kjende kunstnarar, musikarar og forfattarar er fødde i Vinje eller har hatt sin heimstad her. Tarjei Vesaas' og Halldis Moren Vesaas' heim Midtbø er open for besøk. I Åmot sentrum står eit monument over Tarjei Vesaas av Tone Thiis Schjetne. Ved Vinje kyrkje ligg Vinjestoga, der Aasmund Olavsson Vinje voks opp. Vinjesenteret, nasjonalt senter for dikting og journalistikk, formidlar mellom anna forfattarane Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa, som òg var fødd i Rauland. Av nålevande forfattarar kan nemnast Stein Versto.

Folkemusikken har alltid stått sterkt i Vinje. Myllargutten Torgeir Augundsson levde dei siste åra av livet sitt i Rauland. Ifølgje tradisjonen var det ved Edland Myllarguten lærte felespel av fossegrimen. Tradisjonen etter Myllargutten vart ført vidare av mellom andre Haavard Gibøen og Eivind Mo, i seinare tid av mellom andre Tarjei Romtveit og Ottar Kåsa. Innanfor den vokale folkemusikken og visesongen kan nemnast Ingebjørg Bratland, Aslak Brekke, Sondre Bratland, Arve Moen Bergset og Odd Nordstoga.

Også innanfor rosemåling og treskjering har Vinje fostra mange kjende namn: Olav Olavson Skraddaren, Tor Sveinson Øykjelid, Sveinung Svalastoga, Halvor Teigen og i nyare tid Øystein Vesaas. Ei freda stove på Uppstoga er dekorert av den eldste bygdemålaren vi kjenner namnet på, Talleiv Halvorson Espetveit, ofte berre kalla «Talleiv målar». Rauland Kunstmuseum har mellom anna samlingar av bilethoggarane Dyre Vaa og Knut Skinnarland. Ved Grunge kyrkje står Dyre Vaas monument Kvinna med brødet. Vinje Biletgalleri har samlingar av kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle, som arbeidde mye i Vinje. Universitetet i Søraust-Noreg har ei avdeling i Rauland med studium mellom anna innanfor folkekunst og folkemusikk.

Møsstrond kyrkje er landets høgastliggjande kyrkje (950 meter over havet), og ligg på ei øy i det oppdemde Møsvatnet. Møsstrond har òg landets høgastliggjande gardsbruk (1000 meter over havet). Vinje kyrkje er frå 1796.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har ein geitebukk i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer saue- og geitehald.

Kart

Kart over Vinje kommune
Kart over Vinje kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Berge, Rikard: Vinje og Rauland, 1940–75, 4 b.
  • Kostveit, Øystein: Kulturhistorisk vegbok for Vinje, Rauland, Haukeli, 1999
  • Kostveit, Øystein: Rauland i Telemark: ei fjellbygd mot Hardangerviddi, 1994
  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004
  • Vinje, Arne: Kult og kyrkje: soga om Vinje kyrkje og staden der ho stend, 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg