Lofthus

Lofthus, tettstad i Ullensvang herad, Hordaland, på austsida av Sørfjorden. Kjend turiststad med Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim og Lofthus Camping. Stor fruktavl, statleg forskingssenter for fruktdyrking (Bioforsk); handverk og småindustri. Hardanger Folkehøgskule.

Faktaboks

innbyggertall:
521 (2016)

Ullensvang kyrkje i Lofthus er ei steinkyrkje fra middelalderen, bygd i engelsk gotikk. Lofthus har også ei freda røykstove fra middelalderen. Edvard Griegs komponisthytte. Skredhaugen museum med kunstmalaren Bernhard Greve sine samlingar og kunstsamlaren Jon Bleie si kunst- og boksamling, avdeling av Hardanger Folkemuseum.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg