Rosendal, Kvinnherad kommune
Rosendal, Kvinnherad kommune. Av /Wikimedia Commons. CC BY 3.0

Kvinnherad

Faktaboks

Landareal
1 043 km²
Innbyggertall
13 017 (2022)
Administrasjonssenter
Rosendal
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggernavn
kvinnhering
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4617 (frå 01.01.2020, tidlegare 1224)
Høyeste fjell
Fonnanuten (1662 moh.)

Kommunevåpenet til Kvinherad kommune har et blått gaffelkors dannet ved bølgesnitt, mot en sølv bakgrunn

Kvinnherad

Kvinnherad. Frodig kulturlandskap på Seimsfoss ved Rosendal. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering av Kvinnherad kommune

Kunnskapsforlaget.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Kvinnherad er ein kommune i Sunnhordland, Vestland fylke.

Kommunen kan delast inn tre hovudområde. Størstedelen av han ligg på austsida av Hardangerfjorden, på den vestre delen av Folgefonnhalvøya. Til kommunen høyrer vidare Ølve og Hatlestrand, som ligg på vestsida av Hardangerfjorden, ytst på Samnangerhalvøya. I tillegg høyrer ei rekkje store og små øyar i den ytre delen av Hardangerfjorden til Kvinnherad. Dei største av desse er Varaldsøy (45,4 kvadratkilometer), Halsnøya (38,0 kvadratkilometer), Borgundøya (11,1 kvadratkilometer), Snilstveitøy (6,6 kvadratkilometer) og Fjelbergøya (4,6 kvadratkilometer).

Kvinnherad kommune blei oppretta i 1837, då det lokale sjølvstyret blei innført. Med unntak av ei mindre grenseendring mot Tysnes i 1907 hadde Kvinnherad uendra grenser fram til 1964. Då blei det meste av tidlegare Varaldsøy kommune innlemma, likeins heile Fjelberg kommune, og dessutan områda på nordsida av ytre delen av Åkrafjorden frå Skånevik kommune.

Kvinnherad fekk dei noverande grensene sine i 2013, då området Gausvik–Årsand–Hessvik på nordsida av munningen av Maurangsfjorden blei overført til Jondal, no Ullensvang kommune.

Kvinnherad grensar etter dette til Bjørnafjorden og Kvam kommunar i nordvest, Ullensvang i nord og aust og Etne i søraust. I sør går grensa mot Vindafjord i Rogaland fylke i Bjoafjorden, og i vest går grensa mot Stord og Tysnes i Hardangerfjorden.

Natur

På vestsida av Hardangerfjorden og for størstedelen på øyane er det eit smålendt skiferland med kalkrike kambrosilurbergartar. Desse er stadvis omdanna i kaledonsk tid. Ved forvitring gir desse bergartane fruktbare lausmassar som er godt oppdyrka. Fjella i dette området er låge, terrenget er bakkete, og på åssidene veks det mykje skog med rike førekomstar av kristtorn og barlind.

Områda aust for Hardangerfjorden er mykje steilare og landskapet villare, særleg opp mot Folgefonna og rundt Maurangsfjorden. Det høgaste punktet i kommunen er 1662 meter over havet på Folgefonna.

Berggrunnen på Folgefonnhalvøya er for det meste granitt og gabbro av grunnfjellsalder, men det er innslag av omdanna kambrosilurisk skifer (fyllitt/kvartsglimmerskifer) ytst på halvøya, særleg i området sør og aust for Opsangervatnet ved Husnes.

Busetjing

Busetjinga er tettast langs kysten på Folgefonnhalvøya mellom Årsnes og Sandvoll. I dette området bur 69 prosent av innbyggjarane (2021), og her finn ein sju av dei ni tettstadene i kommunen. Det er tett busetjing også på Halsnøya, med tettstadene Sæbøvik og Eidsvik. Dei største tettstadene (folketal per 2020) er Sunde/Valen (2294) og Husnes (2181). Administrasjonssenteret er Rosendal (787). I alt budde 64 prosent av innbyggjarane i kommunen i tettstader i 2020, mot 80 prosent i Vestland fylke.

Kvinnherad hadde relativt stabilt folketal fram til omkring 1960. Deretter følgde ein periode fram til midt på 1980-talet med ein tidvis stor vekst i kjølvatnet av industrireising og kraftutbygging. Sidan har folkemengda igjen vore relativt stabil eller berre vist svak nedgang, dette trass i stor nedgang i industrisysselsetjinga. I tiårsperioden 2011–2021 gjekk folketalet i Kvinnherad tilbake med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg, mot ein vekst på 0,8 prosent i Vestland fylke samla sett (etter dagens fylkesgrenser).

Næringsliv

Hydro Husnes
Hydro Husnes er den største industriarbeidsplassen i kommunen.
Av /Hydro.
Lisens: CC BY NC SA 2.0
Rosendal
Frå Rosendal.
Rosendal
Lisens: CC BY SA 3.0

Kvinnherad har tradisjonelt hatt mykje industri, særleg skipsbygging, men det var først med etableringa av Sør-Norge Aluminium (i dag Hydro Husnes) på Husnes at industrien blei den viktigaste næringa i kommunen (etter offentleg administrasjon og tenesteyting). Industrien har 17 prosent av arbeidsplassane i Kvinnherad, 28 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2019).

Den viktigaste industribransjen i Kvinnherad er verkstadindustrien, med i alt 49 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2019. Dette omfattar særleg skipsbygging, metallvare- og maskinindustri med høvesvis 22, 15 og 12 prosent av dei sysselsette i næringa. Bransjen primær jern- og metallindustri, det vil seia aluminiumsverket på Husnes, hadde same året 38 prosent av dei sysselsette i industrien i kommunen, medan næringsmiddelindustrien (mellom anna fiskeslakteri og -pakkeri i Sunde) hadde seks prosent.

Kvinnherad har etter Voss størst jordbruksareal av kommunane i tidlegare Hordaland. Jordbruket er dominert av husdyrhald, og på same måte som for jordbruksarealet har Kvinnherad etter Voss størst storfe- og sauetal blant kommunane i fylket. Det er også eit visst geite- og hønsehald i kommunen. Det finst ei rekkje fiskeoppdrettsanlegg i Kvinnherad, både smolt- og matfiskanlegg.

Primærnæringane har i alt sju prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019).

Kvinnherad er blant dei tjue største kraftkommunane i Noreg. Det er i alt 39 små og store kraftverk i kommunen med ein samla maskininstallasjon på 694 MW og ein mellomliggjande årsproduksjon på 2666 gigawattimar (GWh) per 2019. Det aller meste av produksjonen skjer på Folgefonnhalvøya. Her skil særleg to vassdrag seg ut, Blåelva og Øvrehuselva i Mauranger, begge med noko over 47 prosent av den samla kraftproduksjonen i kommunen fordelt på seks verk i Blåelva og elleve i Mauranger. Største enkeltverk er Mauranger kraftverk med ein mellomliggjande årsproduksjon på 1146 GWh og den største fallhøgda (830 meter).

Av dei busette yrkestakarane i Kvinnherad har 19 prosent arbeid utanfor kommunen, fire prosent i dei andre kommunane i Sunnhordland, særleg Stord, fire prosent i Bergen og to prosent både i Stavanger- og Haugesunds-området (2019).

Tidlegare har det vore drive gruvedrift fleire stader i kommunen, mellom anna ved Kvitesteinvatnet i Ølve (klebersteinsbrot) og på Varaldsøy (koparhaldig svovelkis).

Det kjem ut to aviser i kommunen: Kvinnheringen (Husnes) og Grenda (Rosendal).

Samferdsel

Hovudvegane gjennom Kvinnherad er fylkesveg 548, som går frå Utåker til Reset, og fylkesveg 500, som går frå Ranavik til botnen av Maurangsfjorden. I sør har fylkesveg 548 samband med Haugesundhalvøya ved ferjesambandet Utåker–Matre–Skånevik.

I 2012 blei det samanhengande veg rundt heile Folgefonnhalvøya då Jondalstunnelen blei opna mellom Nordrepollen i Mauranger og Torsnes i Jondal. Frå 2001 har det vore tunnel frå Mauranger under Folgefonna til Odda (Folgefonntunnelen). Heile strekninga frå Torsnes i Jondal til Eitrheim i Odda er fylkesveg 49. Det går elles veg frå Dimmelsvik over fjellet til Matre og Åkra søraust i kommunen.

Kvinnherad har vegsamband med vestre del av kommunen, nabokommunen Tysnes og Bergenshalvøya ved ferjesambandet Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn (fylkesveg 48).

Frå 2008 har Halsnøya hatt fastlandssamband via tunnel frå Sunde (fylkesveg 500). Frå øya er det bilferjesamband til dei sørlegaste øyane i kommunen, Borgundøya og Fjelbergøya, likeins med Utbjoa i Vindafjord kommune i Rogaland. Frå Ranavik på Halsnøya er det også bilferjesamband til Skjersholmane på Stord.

Sunde har snøggbåtsamband med Bergen og dei omkringliggjande bygdene i Sunnhordland.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Det er psykiatrisk sjukehus på Valen for Sunnhordland og Hardanger (som sorterer under Helse Fonna HF), og på Husnes er det fylkeskommunal vidaregåande skule. På Halsnøya ligg Sunnhordland folkehøgskule.

Kvinnherad høyrer til Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Stord, Sveio og Tysnes.

Kvinnherad kommune svarer til dei ni sokna Fjelberg/Eid, Hatlestrand, Husnes/Holmedal, Kvinnherad, Uskedalen, Varaldsøy, Ænes, Ølve og Åkra i Sunnhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Kvinnherad til Søndhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Historikk og kultur

Kommunen har stor turisttrafikk. Langs Hardangerfjorden finst det fleire hotell og hytteanlegg, og det blir drive atskilleg gardsturisme. I fjellet er det særleg Folgefonna og dei tilgrensande fjellområda som er mykje besøkte, med utgangspunkt i Mauranger i nord og Blådalen innanfor Matre i sør.

Hovudkyrkja i Kvinnherad ligg i Rosendal og er frå 1255. Ænes kyrkje i nord er frå litt før 1200. Begge kyrkjene er bygde i stein. Baronigodset i Rosendal i nærleiken av hovudkyrkja var omkring 1870 eit av dei største jordegodsa i landet. Dei fleste bruka er no selde ifrå. Hovudbygningen frå 1660-åra og ein stor prydhage er eigd av Universitetet i Oslo.

Halsnøy kloster, grunnlagt i 1164 av Erling Skakke, har mellomalderruinar, hageanlegg og gardshus i bygdeempire, og er bygd av stein frå kyrkjeruinen. Dette utgjer ei avdeling av Sunnhordland Folkemuseum. Eigedommen er eit av dei største gardsbruka i fylket.

I nærleiken ligg Sunnhordland folkehøgskule. Det er elles eit skipsbyggingsmuseum i Rosendal, og i Uskedalen ligg Rød bygdetun. Mindre bygdetun finst også på Gjerde i Mauranger og dessutan i Åmvikdalen (Omvikdalen) og på Kyrkjehus ved Gjermundshamn.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1982) har ein blå gaffelkross danna ved bølgjesnitt, mot sølvfarga bakgrunn. Dette skal symbolisera dei mange elvane i kommunen.

Det første leddet i namnet er danna av ein stamme, *kvinn, norrønt tvinn, ‘todelt eller dobbelt', som opphavleg var eit fellesnamn på elvane Mjølelva og Hattebergselva, som møtest like før utløpet i Skålavika i Rosendal. Rosendal er den historiske hovudbygda med Kvinnherad kyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Stuland, Arne: Kvinnherad : naturtilhøve og gardssoga, 1924, Finn boka
  • Vaage, Erling & Anders Havnelid: Kvinnherad, 1972-92, 5 b., isbn 82-991528-2-8, Finn boka

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg