Granvin (tidlegare kommune)

Faktaboks

Landareal
204 km²
Innbyggertall
937 (2019)
Administrasjonssenter
Eide/Granvin
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggernavn
gravensar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1234 (fram til 2020)
Høyeste fjell
Olsskavlen (1576 moh.) på grensa til Voss

Kommunevåpen

Granvin. Granvinvatnet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Av /Store norske leksikon ※.

Det gamle kommunesentrumet Eide har bevart mykje fin trehusarkitektur.

Eide
Lisens: CC BY SA 3.0

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Granvin var ein kommune i tidlegare Hordaland fylke. Den vart i 2020 slått saman med Voss kommune, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Granvin kommune låg i Hardanger, og omfatta begge sider av den tronge, ti kilometer lange Granvinsfjorden, ein nordgåande arm av Hardangerfjorden, med dalen innanfor og fjelltraktene omkring. Kommunen grensa til Kvam i sørvest, til Voss i vest og nord, til Ulvik i aust og til Ullensvang i Hardangerfjorden i sør.

Ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837 bestod Granvin òg av dei seinare kommunane Ulvik og Eidfjord. Kommunen skifta i 1859 namn til Ulvik, og i 1891 vart Granvin skilt ut frå denne. Den nye kommunen fekk namnet Graven, men namnet vart endra til Granvin i 1898. Granvin endra grenser i 1964, då området Lussand/Kvanndal, utanfor Granvinsfjordens munning, vart overført frå dåverande Kinsarvik kommune.

Natur

Berggrunnen i den tidlegare kommunen tilhøyrer Kaledonidene. Granvinsfjorden skjer seg mot nordaust inn i steile fjell av gneis av grunnfjellsopphav. I eit belte langs kommunegrensa i nordvest er gneisen dekt av fyllitt som blir breiare i det opne partiet rundt Granvinsvatnet (24 meter over havet) og vidare mot nordaust til kommunegrensa mot Ulvik. Mot nord og vest er skiferen dekt av overskyvde plater av gneis. Skyvedekket sin aust–vest-front reiser seg i ein stupbratt vegg nord for Granvinvatnet, og berggrunnen når i nord opp til 1576 meter over havet (Olsskavlen) på grensa mot Voss i nordaust. Langs foten av skyvedekket sin brattkant fører Espelandsdalen austover til Ulvik.

Fleire dalføre skjer seg djupt ned i skyvedekket, mellom anna Granvinelva sitt dalføre ovanfor Granvinsvatnet, som dannar den 120 meter høge Skjervsfossen. Granvindalen fører over til Voss gjennom eit trongt skar, med passhøgd 262 meter over havet. Også mot Ulvik er det relativt låg passhøgd, 343 meter over havet.

Busetjing

Granvin hadde éin tettstad, administrasjonssenteret Eide (Granvin) ved botnen av Granvinfjorden. Tettstaden hadde 485 innbyggjarar i 2019, noko som utgjorde 52 prosent av den samla befolkninga i kommunen; til samanlikning budde 83 prosent av folkemengden i Hordaland i tettstader. Hovudtyngda av busetjinga finn ein frå tettstaden og nordover på begge sider av Granvinsvatnet. Elles spreidd busetjing.

Granvin hadde stort sett nedgang i folketalet etter andre verdskrigen. I tiårsperioden 2009–2019 utgjorde nedgangen gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg. I same periode hadde Hardanger ein prosentvis nedgang på 0,2 prosent årleg, medan Hordaland fylke hadde ein vekst på 1,1 prosent årleg.

Næringsliv

Granvin er ei jordbruksbygd prega av husdyrhald, hovudsakleg sau, som utnyttar dei rike fjellbeita, likeins storfe. Granvin hadde i enkelte år atskilleg skogavverking samanlikna med dei andre kommunane i Hardanger. Av arbeidsplassane til kommunen var i alt åtte prosent i primærnæringane i 2019.

Industrien i Granvin er svært beskjeden, og han blir dominert av trelast- og trevareindustri, som i 2019 hadde 80 prosent av sysselsetjinga i industrien (Moelven Granvin Bruk). Elles finst berre nokre småbedrifter innan bergverk, maskin- og grafisk industri. Kommunen har atskilleg turisttrafikk, sommar og vinter.

I 2019 hadde 53 prosent av dei busette arbeidstakarane i Granvin arbeid utanfor kommunen, 29 prosent i Voss, til saman åtte prosent i resten av Hardanger-kommunane og fem prosent i Bergen.

Granvin var ein svært liten kraftkommune og hadde ein årleg middelproduksjon på 33 gigawattimar (GWh) frå seks kraftverk per 2019. Dette gav kommunen minst utbygd vasskraft av Hardanger-kommunane. Største enkeltverk ved kommunesamanslåinga var Folkedal i Folkedalselva vest i kommunen og Bulko i Granvinvassdraget med høvesvis 24,8 og 7,6 GWh i årleg middelproduksjon.

Samferdsel

Hovudvegnettet gjennom Granvin blir prega av riksveg 13, den indre stamvegen på Vestlandet, som fører inn i kommunen i Vallaviktunnelen i sør og følgjer Granvindalen nordover. Der er den gamle slyngvegen gjennom Skjervet erstatta av den 4,1 kilometer lange Tunsbergtunnelen. Frå riksveg 13 ved sørenden av Granvinvatnet tek fylkesveg 79 av sørvestover gjennom Granvin tettstad og vidare langs Granvinfjorden/Hardangerfjorden. Frå Trå ved Granvinsvatnet fører fylkesveg 5380 gjennom Espelandsdalen austover til Ulvik.

Hardangerbana mellom Granvin og Voss vart lagt ned i 1988, men persontrafikken stansa allereie i 1985. Banen er framleis i drift på strekninga mellom Voss og Palmafossen godsterminal for godstrafikk. Den tidlegare jernbanetraseen på Hardangerbana frå Kollanes til tidlegare Nesheim stasjon på vestsida av Granvinsvatnet er i dag sykkel- og gangveg.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Granvin høyrde til Vest politidistrikt, Hardanger tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Hardangerrådet saman med Eidfjord, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik.

Granvin kommune svarer til soknet Granvin i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Granvin til Hardanger og Voss fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Granvin

For statistiske formål var Granvin kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman åtte grunnkrinsar: Lussand/Kvandal, Folkedal, Hamre, Eide, Selland/Kjerland, Kyrkjestrandi, Seim/Nesheim og Spildo.

Historikk og kultur

Opp til Skjervefossen går det laks og sjøaure. Granvin kyrkje, som ligg på austsida av Granvinvatnet, er ein langkyrkje i tre, bygd i 1726, med mellom anna døypefont i kleberstein frå mellomalderen.

Granvin bygdatun har seks bygningar, mellom anna ei særprega årestove. Hardangerbanen mellom Granvin og Voss opna i 1935 og vart nedlagd i 1988. Granvin har rike folkemusikktradisjonar, og her kjem mellom anna felespelaren Knut Hamre frå, som har vunne landskappleiken fleire gonger.

Avisa Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik og Vaksdal og kom med første nummeret i 1883. Avisa har hovudkontor på Voss, kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1988) hadde eit hardingfele i gull, skråstilt venstre mot høgre, mot ein grøn bakgrunn. Dette symboliserte hardingfeletradisjonane i kommunen, og botnfargen viser til det grøne preget til kommunen.

Namnet kjem av trenamnet gran, og vin, 'naturleg eng'.

Granvin var ein av fire kommunar i Noreg som brukte nemninga herad, saman med Kvam, Ullensvang og Ulvik. Herad kjem frå norrønt herað som betyr 'bygd, grend'. Omgrepet herad finst ikkje lenger i lovverket, korkje i kommunelova (sidan 1992) eller i sektorlovgjevinga (sidan 1995).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haukenæs, Th.S.: Granvins saga, 1904-15, 3 b. i 2
  • Kolltveit, Olav & Henrik M. Kvalem: Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid, 1977-86, 3 b. (b. 3 med tittel: Bygdebok for Granvin)
  • Kvalem, Henrik M.: Ættarbok for Granvin, 2. utg., 1995
  • Olafsen, O.: Granvin i fortid og nutid : en bygdebok, [1923]

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg