Sand (tettstad i Suldal)

Artikkelstart

Sand er ein tettstad i Suldal kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1190 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
1190 (SSB, 2020)
Landareal
1 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4651 Sand

Sand er administrasjonssenter i Suldal kommune, og ligg på sørsida av Sandsfjorden, ved munninga av Suldalslågen. Sand har noko småindustri, mellom anna trevare- og verkstadsindustri. Staden har elles mykje handelsverksemd og turisttrafikk.

Riksveg 13 Ryfylkevegen går gjennom Sand og gjennom Suldal nordover til E134 i Røldal i Ullensvang kommune. Riksveg 13 held nordover fram gjennom Hardanger og Voss til riksveg 5 på Moskog i Førde i Sunnfjord. Tidlegare gjekk det ferje frå Sand til Ropeid på vestsida av Sandsfjorden; herfrå fører fylkesveg 46 vestover til E134 på Knapphus i Vindafjord. Ferjesambandet Sand-Ropeid vart i 2015 erstatta med bruer over Sandsfjorden der denne er smalast, rundt 12 kilometer sørvest for Sand (Sandsfjordbrua/Åsarøybrua). Frå Ropeid går det elles veg nordaustover til Sauda (fylkesveg 520); i sumarhalvåret òg over fjellet til Røldal.

Sand er stoppestad for hurtigbåtruta SaudaStavanger. Tettstaden har vidaregåande skule med fleire liner, og her hovudsete for Ryfylkemuseet med mellom anna folkemusikkarkiv. Sand var på 1800-talet kjend for treskipsbyggjeria sine, men desse er no forsvunne.

Namnet er etter sandstrekninga ved utløpet av Suldalslågen i fjorden.

Kart

Sand
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg