Artikkelstart
Kvam er ein kommune i Vestland fylke, på vestsida av Hardangerfjorden frå Øynefjorden vest for Varaldsøy i sørvest til Kjepso, seks–sju kilometer utanfor munningen av Granvinfjorden i nordaust.
Kvam vart under namnet Vigøer (seinare òg Vikør og Vikøy) oppretta som kommune i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Kommunen fekk sitt noverande namn i 1911 og fekk dei noverande grensene sine i 1965, då Kvam vart tillagt dei delane av Jondal, Varaldsøy og Strandebarm kommunar som ligg på vestsida av Hardangerfjorden. Samtidig vart Kvam sin del aust for fjorden (Åsgrenda) tillagt Ullensvang.
I nordvest når Kvam delvis over vasskilet mot Bergsdalsvassdraget og Samnangervassdraget, og i sør vidar den opne og breie Strandebarmsbukta seg inn mot Strandebarm kyrkjestad. Sentralt i kommunen treng to buktar seg inn mot dei to tidlegare tettstadene Norheimsund (administrasjonssenter) og Øystese som frå 2019 er klassifisert som éin tettstad under namnet Norheimsund.
I nord skjer det cirka ti kilometer lange og 200–600 meter breie Fyksesund seg inn mellom stupbratte fjellsider. Kvam grensar i sør til Kvinnherad, i vest til Bjørnafjorden og Samnanger, i nordvest til Vaksdal og i nord og aust til Voss. Kvam har i søraust grense mot Ullensvang i Hardangerfjorden.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.