Faktaboks

Innbyggjartal
596 (SSB, 2023)
Landareal
0,8 km²
Tettstadsnummer
5101 Lofthus

Lofthus er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 596 innbyggjarar (2023).

Lofthus er ein kjend turiststad med Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim og Lofthus Camping. Det er stor fruktavl i området omkring, og Lofthus har statleg forskingssenter for fruktdyrking (Bioforsk). Her ligg òg Hardanger Folkehøgskule, etablert i 1869 og på Lofthus sidan 1917. Lofthus har elles noko småindustri. Hordaland tingrett med sete i Bergen har fast tingstad i Lofthus.

Ullensvang kyrkje i Lofthus er ei steinkyrkje fra mellomalderen, bygd i engelsk gotikkstil. Lofthus har også ei freda røykstove fra middelalderen. Komponisthytta til Edvard Grieg står i hagen til Hotel Ullensvang. Skredhaugen museum er eit bygdemuseum på Lofthus med mellom anna kunstmålaren Bernhard Greve sine samlingar og kunstsamlaren Jon Bleie si kunst- og boksamling, Museet er ei avdeling av Hardanger og Voss museum.

Kart

Lofthus
Lofthus
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg