Utne er eit sokn i Ullensvang kommune, Vestland, som femner om nordspissen av Folgefonnhalvøya og det meste av vestbreidda av Sørfjorden; 1172 innbyggjarar (2020). Det tett busette området rundt Utne kyrkje lengst nord på halvøya har 158 innbyggjarar (2020). Utne er ferjestad med samband til Kvanndal og Kinsarvik (fylkesveg 7 og riksveg 13). Utne har vegsamband med Jondal i vest og Odda i sør ved fylkesveg 550 (Folgefonnvegen).
Hardanger Folkemuseum ligg i Utne og husar mellom anna bygningar frå mellomalderen, samlingar av Lars Utne sine arbeid, og Arnold Haukeland sin skulptur, Atlantico II, til minne om jektefarten i Hardanger.
Utne har turisttrafikk med lange tradisjonar. Utne hotell opna i 1722 som gjestgjevarstad, hotell frå ca. 1840 som det første i Hardanger. Hotellet, som ligg ved ferjestaden, er blant dei eldste i Noreg som framleis er i drift. Utne kyrkje, som er ei langkyrkje av lafteplank frå 1895 og teikna av arkitekt Peter A. Blix, ligg like søraust for Utne Hotell.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.