Tyssedal

Faktaboks

Innbyggertall
596 (SSB, 2022)
Landareal
0,6 km²
Tettstedsnummer
5093 Tyssedal
Tyssedal tettsted med Tyssedalen i bakgrunnen

Tyssedal er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 596 innbyggjarar (2022).

Tyssedal ligg ved munninga av elva Tysso på austsida av Sørfjorden i Hardanger, seks km nord for Odda.

I Tyssedal låg tidlegare eit aluminiumsverk i tilknyting til dei store kraftverka som forsynte industrien i Odda og på Eitrheim med elektrisk kraft. I dag driv Tinfos Titan Iron eit ilmenittsmelteverk på staden basert på råstoff frå Titania AS som har dagbrudd på Tellnes i Dalane i Rogaland.

I Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum som viser industrireising og kraftutbygging i eit historisk perspektiv. Her ligg eit nasjonalt vasskraftmonument, Elektra, som vart innvigd i 2000.

Frå Tyssedal er det tilkomst til det spektakulære fjellutspringet Trolltunga, først med bil til Mogelii i vestenden av Ringedalsvatnet, og deretter ein rundt 14 km lang fottur kvar veg til fjellutspringet.

Kart

Tyssedal
Tyssedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg