Nils Bergslien

Faktaboks

Nils Bergslien
Nils Nilsen Bergslien
Født
26. februar 1853, Voss, Vestland
Død
18. desember 1928, Eidfjord, Vestland
Postkort med nissemotiv, laga av Nils Bergslien i 1887. Nils Bergslien er særleg kjend for nissebileta sine og andre bilete med godlynt skjemt.
Av /Nasjonalbiblioteket .

Nils Bergslien. Nissen smakar på drykken (1900).

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Nils Bergslien var kunstmålar og skulptør. Bergslien var ein folkelivsskildrar som nytta motiv frå norsk bygdetradisjon og frå norsk soge. Særleg er han kjend for nissebileta sine og andre bilete med godlynt skjemt.

Nils Bergslien var fødd på Voss. Han var brorson til kunstmålaren Knud Bergslien og bilethoggaren Brynjulf Bergslien. Begge dei to farbrørne prøvde å få han til å følgje i sitt fotefar, men for Nils Bergslien vart målarkunsten den viktigaste uttrykksforma.

Han var elev på Eckersbergs Malerskole i Kristiania frå 1869, seinare på Knud Bergsliens Malerskole. I 1873 tok farbroren Knud han med til verdsutstillinga i Wien, to år seinare reiste han på studietur til Telemark saman med Gerhard Munthe. I 1876–1878 studerte han ved kunstakademiet i München under professor Otto Seitz.

Frå tidleg i 1880-åra budde han lengste tida i Eidfjord, der han bygde seg eigen heim. Mykje av kunsten hans er no samla og utstilt på Eidfjord Hotell, mellom anna ein serie måleri i store format av munkar i lystige lag. Til kortstokken «Peik», som første gongen kom ut i 1898, teikna Nils Bergslien kongane, dronningane og knektane som karikaturar av folk i Eidfjord. Det fall ikkje i god jord hos alle.

Mellom dei mest kjende arbeida hans elles er «Etter slaget på Stiklestad» og «Kyrkjeofring». Bronserelieffet «Ridande vossabrudlaup» på Voss er reist til minne om spelemannen Ola Mosafinn. Altertavlene i Granvin kyrkje og Oppheim kyrkje er måla av Nils Bergslien. Bergslien laga også fleire ungdomslagsfaner i Hardanger og på Voss.

Les meir i Store norske leksikon

Nils Bergslien: Nissen smakar på drykken (1900).

Av /KF-arkiv ※.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Borge, Alf m.fl. (1993): Eit portrett av Nils Bergslien. Kunstnar eller handverkar? Voss: Alf Borge (eige forlag). Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Dagestad, Magnus (1945): Dei tre Bergsli-kunstnarane. Voss: Magnus Dagestad (eige forlag). Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Warberg, Thor (2008): Bergslien-målarane. Folkeliv i fargar. Førde: Selja Forlag

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg