Faktaboks

Innbyggjartal
393 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
5146 Vikøy

Vikøy er ein tettstad i Kvam kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 393 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg ved Fylkesveg 49 like søraust for Norheimsund. Nær tettstaden ligg Framnes vidaregåande skule som er drive av Indremisjonssamskipnaden.

Vikøy er også eit sokn i Kvam kommune, Vestland fylke, tidlegare kalla Vikør som inntil 1911 også var namn på heile kommunen. Soknet utgjer i dag den midtre delen av Kvam kommune som har Norheimsund som administrasjonssenter. Ei stavkyrkje er nemnd i Vikøy så tidleg som 1316. Denne blei erstatta av den noverande kyrkja i 1838.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn, førsteleddet siktar til ei vik ved garden, sisteleddet øy er 'lågtliggjande lende ved vatn'.

Kart

Vikøy
Vikøy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg