Faktaboks

Administrasjonssenter
Ulvik
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
1 051 (2022)
Landareal
663 km²
Høgaste fjell
Hardangerjøkulen (1861 moh.)
Innbyggjarnamn
ulvikje
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4620 (frå 01.01.2020, tidlegare 1233)

Kommunevåpen

Kart: Ulvik kommune i Vestland
Ulvik kommune i Vestland fylke.
Kart: Ulvik kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Ulvik

Ulvik. Utsikt mot administrasjonssenteret Ulvik. Fjellet Vassfjøro (1633 moh.) ligg i bakgrunnen midt i bildet.

Av /KF-arkiv ※.

Ulvik er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Kommunen ligg på nordsida av Eidfjorden, som er den inste delen av Hardangerfjorden. Inn frå Eidfjorden går Osafjorden og Ulvikafjorden med dal- og fjelltrakter omkring. Ulvik omfattar også fjellområda austover med Bergensbanen si høgfjellsstrekning mellom Finse og Hallingskeid, likeins nordaustre del av Hardangerjøkulen og vestre del av Hallingskarvet.

Ulvik blei oppretta som kommune i 1891, då dåverande Granvin vart delt i dei tre kommunane Ulvik, Granvin og Eidfjord. Ved skipinga hadde Ulvik 1410 innbyggjarar. Fire år seinare, i 1895, blei eit mindre område med tre innbyggjarar overført frå Eidfjord til Ulvik. Sidan har Ulvik hatt uendra grenser.

Ulvik grensar til Ullensvang og Eidfjord i Eidfjorden i sørvest, Eidfjord i sør og søraust, Hol kommune i Buskerud, Aurland i nord og Voss herad i vest.

Natur

Berggrunnen består for ein stor del av grunnfjell, særleg granitt. Over dette finn ein innanfor botnen av Ulvikafjorden, og særleg i fjellområda, omdanna kambrosiluriske sediment (fyllitt og glimmerskifer). I dei høgastliggjande områda er hardare djupbergartar av kaledonsk opphav mange stader skyvde over desse sedimenta. På Hardangerjøkulen, nær grensa til Eidfjord, når skyvedekka 1861 meter over havet, som er det høgaste fjellet i både Ulvik og tidlegare Hordaland fylke.

Skyvedekka dannar ei nesten samanhengande fjellrekkje i nordre del av kommunen, ofte med bratt fall mot dei underliggjande, lausare kambrosiluriske avsetningane på sørsida. Ein slik nesten samanhengande brattkant mot sør opptrer heilt frå grensa mot Voss herad i vest til Hallingskarvet i aust. I dette området ligg toppar som Vassfjøro nord for Osafjorden (1633 meter over havet) og Kyrkjedørsnuten i Hallingskarvet (sørtoppen 1816 meter over havet).

Rundt dei inste delane av Ulvikafjorden er det terrassar med høgder opp til 120 meter. I Osadalen når terrassane opp til 100 meter. Dei fleste gardane ligg på dette terrasselandet der matjordlaget til dels er leirhaldig sandmold.

Ti prosent av arealet i Ulvik ligg over 1500 meter over havet. Dette er ein større del enn i nokon annan kommune i tidlegare Hordaland.

Busetjing

Storparten av busetjinga er konsentrert til terrasseområda rundt dei inste delane av Ulvikafjorden, med tettstaden og administrasjonssenteret Ulvik, og rundt botnen av Osafjorden. Ulvik tettstad, som er den einaste tettstaden i kommunen, hadde 514 innbyggjarar i 2021, noko som svarer til 49 prosent av folketalet. Til samanlikning hadde Hardanger/Voss dette året ein tettstadsdel på 60 prosent og Vestland fylke 80 prosent.

Folkemengda i Ulvik har stort sett gått tilbake i heile etterkrigstida, og i 2021 var ho 30 prosent lågare enn ved slutten av andre verdskrigen. I tiårsperioden 2011—2021 var nedgangen i folketalet i kommunen gjennomsnittleg 0,5 prosent årleg, mot ein vekst i Hardanger/Voss samla på 0,1 prosent og i Vestland fylke på 0,8 prosent årleg.

Kart over Ulvik kommune
Kart over Ulvik kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Ulvikafjorden
Epledyrking og -foredling er ei viktig næring i Ulvik.
Ulvikafjorden
Lisens: CC BY SA 3.0

Etter offentleg forvaltning og tenesteyting er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa med 19 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Næringa er dominert av turisttrafikk som omfattar både gjennomgangstrafikk og lengre opphald, ved så vel fjorden som i fjellet, særleg i Finse-området. Ulvik har fleire hotell og pensjonat, og dessutan campingplass.

Til samanlikning hadde primærnæringane dette året 11 prosent av arbeidsplassane. Ulvik har etter vestlandsforhold relativt store jordbruksareal. Dei viktigaste driftsformene er husdyrhald, særleg storfe og sau, og hagebruk. Ulvik er ein stor fruktkommune, og i kommunen blir det også drive mykje anna hagebruk, som bær- og grønnsaksdyrking.

Industrien i Ulvik er beskjeden og består hovudsakleg av næringsmiddelindustri, særleg drikkevarer (Isbre Water AS og Hardanger Saft- og Siderfabrikk, høvesvis i Osa og på Lekve inst i Ulvikapollen), og trevareproduksjon (Skeie Tre AS, produsent av pallar og kassar i kommunesenteret).

Ulvik er ein liten kraftkommune med tre kraftverk, to i Tysso, Ulvik I og II (sjå Ulvik kraftverk), og dessutan eit pumpekraftverk (Grasbotntjørni) for overføring av vatn til Langvatnet lengst søraust i kommunen til bruk i Sima kraftverk i Eidfjord. Samla har dei tre kraftverka i Ulvik ein maskininstallasjon på netto 21,1 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 100 GWh.

Av dei yrkesaktive som er busette i Ulvik, har 41 prosent arbeid utanfor kommunen. 20 prosent arbeider i Voss herad, fem prosent i dei andre kommunane i Hardanger, seks prosent i Bergen og to prosent i Oslo (2019).

Samferdsle

Hovudvegsambanda til Ulvik er fylkesveg 5380 som knyter Ulvik tettstad med riksveg 13 i Hollve i Granvin, og fylkesveg 572 som fører sørover frå tettstaden til Hardangerbrua. På sørsida av Hardangerbrua fører riksveg 7 austover til Eidfjord og over Hardangervidda til Hallingdal og Hønefoss. Frå Ulvik tettstad er det samband austover til Osa (fylkesveg 5374).

I fjellet i nordaust går Bergensbanen på ein del av høgfjellsstrekninga gjennom kommunen (Finse og Hallingskeid stasjonar).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Haugesenteret
Haugesenteret i Ulvik arrangerer ein årleg poesifestival. Senteret er særleg retta mot formidling av diktinga til Olav H. Hauge.
Haugesenteret
Lisens: CC BY SA 3.0

I kommunen ligg Hjeltnes vidaregåande skule (fylkeskommunal gartnarskule). Skule har røter tilbake til ein planteskule for frukttre som var landets eldste i sitt slag, og som vart grunnlagd i 1765. Nokre få år tidlegare starta potetdyrkinga i Ulvik.

Ulvik høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Hardangerrådet saman med Eidfjord, Voss, Kvam og Ullensvang.

Ulvik kommune svarer til soknet Ulvik i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Ulvik til Hardanger og Voss fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Ulvik

For statistiske føremål er Ulvik kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 11 grunnkrinsar: Vangsbygda, Bangstrond, Vambheim, Bergo, Ljono, Brakanes, Lekve, Osa, Finse - Hallingskeid, Osafjellet og Slondal.

Historikk og kultur

Ulvik kyrkje
Ulvik kyrkje frå 1859 har ein del bevart interiør frå 1600-talet. I bakgrunnen ser me fjellet Onen på grensa mot Eidfjord.
Ulvik kyrkje
Lisens: CC BY SA 3.0

Under andre verdskrigen brann tettgrenda rundt kyrkja i Ulvik som ei følgje av eit tysk bombardement frå sjøen 25. april 1940. Dette var i sin tur ein hemnaksjon for angrep på den tyske flåten.

Ulvik kyrkje, som er ei trekyrkje frå 1859, er vakkert dekorert av Ulvik-målaren Lars Osa. Kyrkja har altertavle frå 1630, fleire måleri frå 1600-talet og kopi av ein antemensale frå 1250, truleg den eldste i landet, frå ei tidlegare stavkyrkje (originalen er på Historisk Museum i Bergen). I Osa ligg Hjadlane Galleri for samtidskunst. I det gamle heradshuset i Ulvik ligg Haugesenteret, eit senter for formidling av nynorsk skriftkultur med særleg vekt på Ulvik-forfattaren Olav H. Hauges dikting.

Langs Bergensbanen går Rallarvegen frå Haugastøl i Hol kommune via Finse, Hallingskeid, Myrdal og ned til Flåm (dei to sistnemnde i Aurland kommune). Vegen blei opphavleg bygd som anleggsveg for Bergensbanen, og er i dag mykje nytta som sykkelveg om sommaren.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har åtte gullfarga spissruter i rosett mot ein raud bakgrunn. Motivet speglar husflid og folkekunst.

Namnet er sannsynlegvis namnet på prestegarden, på norrønt skrive Ulfvík. Første ledd kjem av dyrenamnet ulv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Kolltveit, Olav: Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid. Bygdesoga, 1977, 2 b. + kartb.
  • Kolltveit, Olav, Johannes Kvestad, Torbjørn Dyrvik, red.: Ulvik : gards- og ættesoga, 1987, 2 b.

Kommentarar (2)

skreiv Jon Richardsen

Det er misforhold mellom teksten i denne artikkelen og artikkelen om Eidfjord. Denne artikkelen påstår utskilling av Eidfjord fra Ulvik i 1895. Den andre artikkelen påstår 1891.

svarte Geir Thorsnæs

Takk for kommentarer. Du har rett i at Eidfjord - for øvrig sammen med Granvin - ble utskilt fra Ulvik 1891. Når 1895 har sneket seg inn her, skyldes det en sammenblanding med årstallet for overføringen av et område med bare 3 innbyggere fra Ulvik til Eidfjord dette året. Årstallet for opprettelsen av Eidfjord kommune er rettet til 1891. Hilsen Geir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg