Nils Hjelmtveit

Faktaboks

Nils Hjelmtveit
Født
21. juli 1892, Alversund (senere Lindås)
Død
30. oktober 1985, Austre Moland (nå Arendal)

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Nils Hjelmtveit
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Nils Hjelmtveit var ein norsk lærar og politikar for Arbeidarpartiet. Han var ein sentral skulepolitikar i mellomkrigstida og kyrkje- og undervisningsminister i Johan Nygaardsvolds regjering frå 1935 og fram til andre verdskrigen. Som statsråd innførte han framhaldsskule, kjempa mot obligatorisk teoretisk ungdomsskule for alle elevar og endra skuledagen for norske born gjennom viktige reformer.

Bakgrunn

Hjelmtveit tok lærarskuleeksamen på Stord i 1913, og han fekk lærarpost i Eydehavn i dåverande Stokken kommune i Aust-Agder. Etter nokre år som lærar var han skulestyrar frå 1918 til 1946. Hjelmtveit var medlem av Arbeidarpartiet og hadde mange verv og oppgåver, mellom anna var han i ei årrekkje formann i styret for NRK og medlem av Riksskattestyret. Han var ordførar i Stokken kommune i 1932–35, og han var stortingsrepresentant i 1925–30, kyrkje- og undervisningsminister i 1935–45 og fylkesmann i Aust-Agder i 1945–61.

Politikk

I skulepolitikken var han særs aktiv. Han arbeidde for reformer med ei meir praktisk tilnærming. Kunnskap var grunnleggjande for alle. Teoretisk opplæring var viktig – men det praktiske skulle liggje i botnen. Hjelmtveit hadde ei god songrøyst og arbeidde for fellesskap i song og kultur. Han var eit organisasjonsmenneske og hadde i tillegg til arbeidarrørsla feste i fråhaldsrørsla.

I dei politiske stormkasta i arbeidarrørsla i tjueåra, med kløyving og strid, var han mest på Martin Tranmæl si side og var heller varsam i dei ideologiske oppgjera. Han hadde i det heile mest sans for praktisk politikk lokalt.

Krigsåra

I regjeringsåra 1935–45 stod han Nygaardsvold nær – i rikspolitikken og i London-tida. Han skreiv ei bok om det politiske livet sitt, Vekstår og vargtid (1969), der han gav uttrykk for eigne røynsler og gav kritiske perspektiv kring krigshendingane i perioden fram til 1945. Det vart brytningar mellom regjeringa og «Kretsen», med strid om regjeringa si rolle, om Stortinget og heimefronten sine interesser. For Hjelmtveit vog dei konstitusjonelle prinsippa tungt når overgangstida kom i 1945: Regjeringa skulle gå av, Stortinget skulle tre saman og det skulle haldast nyval etter konstitusjonell ordning. Hjelmtveit heldt fast på slike prinsipp.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nils Hjelmtveit: Vekstår og vargtid. Oslo 1969

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg