Oscar Torp

Faktaboks

Oscar Torp

Oscar Fredrik Torp

Født
8. juni 1893, Skjeberg, Østfold
Død
1. mai 1958, Oslo
Oscar Torp

Foto 1947. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Oscar Torp
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Oscar Torp var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Torp var statsminister frå 19. november 1951 til 22. januar 1955. Han var utdanna som smed og elektrisk montør.

Torp var formann i Arbeidarpartiet frå 1923 til 1940/1945. Han var stortingsrepresentant for Oslo i perioden 1937–1949 og for Vestfoldbyene frå 1949 til sin død.

Torp møtte ikkje på Stortinget før i 1948, idet han sat i regjeringa frå 1935 til 1948, og som konstituert forsvarsminister i Johan Nygaardsvolds regjering frå 1935 til 1936. Deretter var han sosialminister i perioden 1936–1939, finansminister i perioden 1939–1941 og igjen forsvarsminister i Londonregjeringa frå 1941 til 1945. Vidare var han forsvarsminister i Einar Gerhardsens samlingsregjering i 1945, og forsyningsminister i Gerhardsens andre regjering i perioden 1945–1948.

Som finansminister ved utbrotet av andre verdskrigen i Noreg i 1940 var han ansvarleg for den storstilte evakueringa av Noregs Banks gullreservar («gulltransporten»). I 1948 vart han utnemnd til fylkesmann i Vestfold, og var Arbeidarpartiets parlamentariske leiar frå 1948 til 1951. Han avløyste Gerhardsen som statsminister i litt over tre år i perioden 1951–1955, og vart sjølv avløyst av Gerhardsen. Deretter var Torp stortingspresident til sin død.

Som organisasjonsmann og administrator spelte Torp ei leiande rolle under partisplittinga i Arbeidarpartiet i 1920-åra, der den opne haldninga hans til alle kantar og hans store samarbeidsevne gjorde han til ein sentral skikkelse i norsk politikk.

Bakgrunn

Komintern 1922

I 1918 vart Torp innvald i landsstyret i Arbeidarpartiet, då den radikale fløya sigra. I 1919 meldte Arbeidarpartiet seg inn i Komintern. Den norske delegasjonen ved Kominterns 4. kongress i Moskva, 1922. Sittande frå venstre: Rolf Hofmo, Emil Stang, Rachel Grepp, Håkon Meyer, Olav Scheflo. Stående fra venstre: Aksel Zachariassen og Oscar Torp.

Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Oscar Torp var fødd i ein av arbeidarbustadene på Hafslund gods ved Sarpsborg i 1893. Faren døydde då Oscar var 14 år og mora sat att med åtte barn. Etter folkeskulen måtte han ut i arbeid, og den vidare skulegangen skjedde gjennom kveldskurs og kveldsskule. I ungdomen var han flink til å spele fotball og han kom på kretslaget. Heile livet var han glødande interessert i fotball.

I 1917 vart Torp vald til formann i Sarpsborg Arbeidarparti. Då var han 24 år gamal, og mangla eitt år på å få stemmerett. Han var medlem av Sarpsborg formannskap i perioden 1920–1923. I 1918 vart han innvald i landsstyret i partiet, då den radikale fløya sigra. Dei neste åra vart han nærast overdynga med tillitsverv både i LO og i Arbeidarpartiet. Då han vart formann i Arbeidarpartiet i 1923, flytte han og familien til Aker, og i 1928 til Oslo.

Partileiar

I 1923 vart Oscar Torp vald til formann for Arbeidarpartiet. Saman med seg fekk han Einar Gerhardsen som sekretær og Martin Tranmæl som redaktør i partiavisa. Gerhardsen og Tranmæl reiste mykje på hytteturar og dreiv friluftsliv.

«Tranmæls kaniner» vart Torp og Gerhardsen kalla i dei knallharde fraksjonskampane i 1923, då Norges Kommunistiske Parti vart splitta ut. Det er då heller ingen tvil om at det var Tranmæl som politisk sett kom til å ha det siste ordet i dei fleste sakene, mens Torps oppgåve først og fremst var å bygge ut organisasjonen. Tranmæl såg nok rett når har plukka ut nettopp den 29-årige elektrikaren og fotballspelaren frå Sarpsborg til å bygge ut partiet. Oscar Torp hadde eit vinnande vesen, var open og skvær og hadde ein guteaktig sjarm. Han hadde i motsetning til Gerhardsen lett for å snakke med folk, lett for å kommunisere, og han var sterk som agitator. Han var også systematikar med stor arbeidskraft og når det var bruk for det kunne han vise handlekraft. Som politikar hadde han ikkje dei same ekstreme kvalitetane som Einar Gerhardsen. Ingen av dei var store ideologar og originale tenkjarar, men både Torp og Gerhardsen hadde gjennom maurflittig arbeid oppøvd eit politisk instinkt som få om nokon hadde maken til.

Under samlingskongressen i 1927, der Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti slo seg saman, var det ingen tvil om at Torp skulle halde fram som formann i eit samla parti. I tida framover til midten av 1930-åra reiste Torp mykje rundt i landet. Han hadde ansvaret for å bygge opp partipressa og han skipa lokalforeiningar. Dei nye avisene måtte ha teknisk utstyr, redaktørar og disponentar og dei måtte ha kapital. Det var Torp som måtte skaffe det meste. I førstninga av 1930-åra leia han arbeidet med å skipe Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) og Tiden Norsk Forlag.

Statsråd

Oscar Torp
Oscar Torp var finansminister, forsvarsminister og sosialminister i Nygaardsvold-regjeringa. Foto frå London under andre verdskrigen.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

I 1934 vart Torp valt til ordførar i Oslo og frå årsskiftet 1935 tok han plass i ordførarstolen. Det vart eit heller kortvarig verv. I desember 1935 måtte han vikariere som forsvarsminister i Johan Nygaardsvold si regjering, året etter vart han fast utnemnd til sosialminister. I 1939 skifta han til finansminister og i 1942 tok han over på nytt som forsvarsminister.

I perioden før andre verdskrigen var Torp blant dei som først ivra for at Arbeidarpartiet burde omvurdere forsvarspolitikken sin. Han gjekk inn for at forsvaret burde byggast ut til å kunne fungere som nøytralitetsvakt. Saman med Trygve Lie var han vel også den i regjeringa som først såg behovet for ei nyvurdering av den strenge nøytralitetspolitikken som utanriksminister Halvdan Koht og statsminister Nygaardsvold sto for.

Gullet ut av landet

Som finansminister 9. april kjende Oscar Torp eit spesielt ansvar for å sikre Norges Bank sitt lager av gull. Natta til 9. april fekk Torp varsla om at gullet måtte evakuerast straks. Alt i 1938 hadde ein gjort gullet klart for transport, nettopp med tanke på at det kunne bli krig. Norsk lov sa at Norges bank skulle ha gull til ein verdi av 120 millionar kroner. Resten av det norske gullet vart då sendt til USA. Gullet i Norges Bank var pakka i 1503 kasser og 39 kaggar, og det vart mange tunge lyft for veike bankfunksjonærar før det 26 lastebilane var klare til å frakte gullet til Lillehammer. Det var på hekta at dei siste bilane kom seg ut av Oslo før tyskarane tok dei.

På Lillehammer fekk Torp organisert togtransport til Åndalsnes. Der vart mykje av det sendt med eit britisk krigsskip til England. Resten vart frakta med fiskeskøyter nordover til Tromsø. Som finansminister måtte Torp også sørgje for finansieringa av regjeringa si verksemd i desse hektiske dagane. Han fekk med seg 550 000 i kontantar frå Norges Bank si avdeling på Lillehammer og før det hadde han fått ein koffert med pengar av direktør Nicolai Rygg i Norges Bank.

Forsvarsminister under krigen

Under opphaldet i London (Londonregjeringa) gjorde Torp eit stort arbeid då han frå 1941 tok over som forsvarsminister, først som vikar og seinare permanent. Trygve Lie skriv i boka si «Med England i ildlinjen» at «ingen av regjeringens medlemmer har fått mer berømmelse og ros for sitt arbeid under krigen. Den tillit Torp vant hos de militære chefer, blev en styrke under krigen og lettet samarbeidet mellem de civile og militære myndigheter».

Regjeringa etter krigen

Regjeringa Gerhardsen
Regjeringa Gerhardsen etter første statsråd på Slottet 25. juni 1945. Frå venstre: sosialminister Sven Oftedal, skipsfartsminister Thor Skjønsberg, konsultativ statsråd, Kirsten Hansteen (første norske kvinnelege statsråd), arbeidsminister Johan Strand Johansen, statsminister Einar Gerhardsen, landbruksminister Einar Frogner (i bakgrunnen), forsvarsminister Oscar Torp, kyrkjeminister Kåre Fostervoll og konsultativ statsråd Conrad Bonnevie-Svendsen. Øvrige regjeringsmedlemer er utanriksminister Trygve Lie, finansminister Gunnar Jahn, konsultativ statsråd for gjenreisinga av Finnmark Hans Gabrielsen, justisminister Johan Cappelen, handelsminister Lars Evensen og forsyningsminister Egil Offenberg.
Regjeringa Gerhardsen
Av .

I 1945 ville leiaren for heimefronten, Paal Berg, ha med Lie og Torp frå den gamle regjeringa og inn i ei ny samlingsregjering. Nettopp det vart ein av grunnane til at Berg måtte gi opp å skipe ei slik regjering, men langt frå den einaste. Mange meinte at ingen frå Nygaardsvold-regjeringa burde inn i ei ny før krigsregjeringa hadde vore granska. Då ballen gjekk til Einar Gerhardsen, så tok han likevel med både Torp og Lie.

Gerhardsen tok dei med også då Ap etter valet skipa ei rein Ap-regjering, men då flytta han Torp frå forsvarsminister til forsynings- og gjenreisingsminister. Argumentet var at Torp hadde blitt for nær knytt til dei militære sjefane. Etter krigen tok også Gerhardsen over som partileiar. Det skjedde utan at Torp hadde blitt spurt om han ville halde fram, men Torp reagerte ikkje på det, i alle fall ikkje offisielt. Han tok for gitt at det nå var Gerhardsen som skulle ta over.

Parlamentarisk leiar

Tidleg i 1948 gjekk Torp av som statsråd. Då hadde han vore samanhengande i regjeringa i 12 år, inkludert fem krigsår. Han hadde nok ikkje så mykje i mot å gå, men den direkte grunnen var at Erik Brofoss hadde kritisert at Direktoratet for Eksport- og Importregulering som låg under Torp, hadde gitt for mange importlisensar. Dette medverka til underskot i utanriksøkonomien. Brofoss meinte at Torp ikkje hadde god nok kontroll. Dette medverka til at Torp gjekk ut av regjeringa og over til Stortinget. Han hadde vore innvald der sidan 1936, men berre tidlegare møtt som statsråd.

I Stortinget vart han parlamentarisk leiar, og han kunne med full tyngde gå inn for norsk medlemskap i NATO. Torp var ein av dei som tvilte minst i denne saka, men han hadde fleirtalet i gruppa mot seg. Det vart likevel ikkje stortingsgruppa som skulle avgjere saka denne gongen heller. Det skjedde på landsmøtet. Torp var med som rådgivar under drøftingane om ei nordisk løysing, og han reiste saman med Halvard Lange til USA for å finne ut om Norge i eit nordisk forsvarsforbund kunne rekne med å få kjøpe våpen og få tryggingsgaranti frå USA. Svaret dei kom heim att med var nei, og dei to gjorde neppe dette nei’et utydelegare.

I juni 1948 vart Oscar Torp utnemnd til fylkesmann i Vestfold. På den tida var det ikkje pensjonsordningar for politikarar, og Torp hadde inga stilling utanom stortingsvervet. Det ville han nå rette på. Han sa frå seg attval i 1949, men kom seg ikkje unna. Arbeidarpartiet i Vestfold kravde at han måtte stille for dei. Dermed vart han attvald, denne gongen frå byane i Vestfold. På nytt vart han parlamentarisk leiar.

Statsminister

Oscar Torps regjering
Torp var statsminister frå 19. november 1951 til 22. januar 1955.

Det var Einar Gerhardsens kjensle av fysisk og psykisk å møte veggen i 1951 som gjorde at Oscar Torp fekk prøve statsministertaburetten. Det var den einaste taburetten Oscar Torp mangla, og sjølv om Torp klart og tydeleg ga uttrykk for at han hadde gjort sitt i regjeringa og ikkje ville bli statsminister, så var han nok smigra over å vere spurt. I følgje dagboka til Konrad Nordahl, LO-sjefen, var Torp ikkje så stor motstandar mot å ta på seg jobben som han ga uttrykk for. Nordahl skriv også at han ga uttrykk for at Torp ville vere for veik til å ta over etter Gerhardsen, men i denne saka som i så mange andre var det partiformannen som hadde siste ordet. Nordahl fekk likevel rett i at Torp kom til å få det tungt som statsminister. I statsministerstolen vart han ein avløysar.

I november 1951 fortalde Gerhardsen til Torp at han nå ville trekkje seg som statsminister, og at Torp måtte ta over. Torp ba Gerhardsen halde fram, men om nødvendig tilbydde han seg å gå inn som statsråd i regjeringa for å avlaste statsministeren. Gerhardsen insisterte likevel på at nå var han trøytt og sliten og ville trekkje seg. Dermed måtte Torp ta over 19. november 1951. Det vart ikkje lett for han å ta over regjeringsansvaret i denne situasjonen. Det hadde vore mykje enklare om det var slik at Gerhardsen vart tvinga til å gå. Nå vart dette eit skifte som berre Gerhardsen ville ha, og Gerhardsen sjølv, som den sterke mann, vart sitjande som partiets parlamentariske leiar i Stortinget. Makta vart flytta dit. Dei fleste statsrådane frå Gerhardsen si regjering vart sitjande, men Trygve Bratteli tok over som ny finansminister. Han hadde vore nestleiar i partiet sidan 1945.

Torp var ikkje utan ambisjonar i politikken, men i 1951 hadde han eit langt liv bak seg i toppverv, og ikkje minst ein lang og hard periode som statsråd, inkludert fem krigsår. Det viste seg då også fort at Torp ikkje lenger var så frisk og kraftfull som han hadde vore tidlegare. Han var sliten han også. Tidleg i si statsministertid hadde han hatt ei lettare hjerneblødning. Ei tid etterpå var han også lamma i den eine arma. I 1954 var det fleire som merka at helsa hans ikkje lenger var så god. Han gløymde lettare enn før, og var ikkje lenger like blid og omgjengeleg. Sjølv ville han likevel ikkje ha noko snakk om helseproblem, men det var eit faktum at krava kom både frå parti og fagrørsle om at nå måtte vel Gerhardsen ha kvilt seg lenge nok og nå måtte han kome tilbake i statsministerstolen.

Tilbake til Stortinget

Oscar Torp
Oscar Torp på ski i 1955.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY 4.0

Rykta gjekk om eit snarleg skifte, og det såra Torp at det skjedde på denne måten. Det var eit sterkt press på regjeringa om at noko måtte gjerast for å dempe prisutviklinga. Trygve Bratteli fortel at tiltaka låg klar, men at ein var usikker på om ein kunne få dei godtatt i Ap-gruppa i Stortinget, der Gerhardsen var sjef. Uansett, så ville Torp ha ei avklaring, og det vart kalla inn til møte 27. desember 1954, der leiande folk frå parti og fagrørsle møtte. Der sa Gerhardsen at dersom han skulle gi Torp noko råd, så var det at han burde gå av. Etter det var saka avgjort.

Torp var ikkje bitter over utfallet, men svært bitter over måten det skjedde på. Han meinte at nokon i stortingsgruppa hadde prøvd å undergrave autoriteten til regjeringa, og han tenkte nok ikkje minst på gruppeleiaren og partileiaren, Gerhardsen, som var den som skulle halde styr på gruppa. 14. januar 1955 søkte han om avskjed og 22. januar skjedde skiftet. Torp gjekk tilbake til Stortinget og vart nå stortingspresident. Han fekk ikkje tilbake jobben som parlamentarisk leiar.

Det er eit særtrekk ved Oscar Torp at han ikkje hadde sterke ambisjonar om å vere den sterke leiaren. Han var lojal og tok dei verv han vart pålagt, men godtok å vere nummer to. Han var aldri, korkje som formann i partiet eller som statsminister, den som sat med den verkelege makta. Tranmæl og seinare Gerhardsen gjorde det, kanskje med unntak av den tida Nygaardsvold var statsminister. Dette godtok han. Oscar Torp var 58 år då han tok over som statsminister. Han var såleis ingen gammal mann, men han hadde hatt ein lang og svært strevsam arbeidsdag, og noko av overskotet hadde nok blitt borte.

Oscar Torp døydde 1. mai 1958. Den dagen skulle ha halde tale på eit første mai-arrangement i Stavanger, men dagen før hadde han kjent seg uvel og han fekk handelsminister Arne Skaug til å halde talen for seg. Sjølv såg Torp på 1. mai-toget som tilskodar for første gong på svært lenge. Om kvelden fekk han eit nytt tilfelle av hjernebløding og døydde like etter. Då Torps bortgang vart kjent den kvelden, vart alle 1. mai arrangement avlyste. I minneordet sitt skreiv Einar Gerhardsen at Oscar Torp var ein som aldri sparte seg sjølv: «Og så brukte han opp det han hadde av krefter tidlegare enn folk flest».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lahlum, Hans Olav: Oscar Torp : en politisk biografi, 2007, isbn 978-82-02-23573-4

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg