Frilynt er eit ord som betyr fordomsfri, tolerant eller frisinna. Det har særleg vore forbunde med den frilynde ungdomsrørsla som voks fram i Noreg på andre halvdel av 1800-talet.

Faktaboks

Også kjend som

frilynd

I dag er nok ordet frilynt best kjend i samband med dei frilynte folkehøgskulane. Desse er éin av to grupperingar av folkehøgskular i Noreg. Den andre er dei kristne folkehøgskulane.

Den frilynte ungdomsrørsla

Den frilynte ungdomsrørsla var ei rørsle som samla ungdombygdene, og bygdeungdom som hadde flytta til byane, i ungdomslag som mellom anna gjekk inn for målsak, fråhaldssak og å fremje norske kulturuttrykk som folkedans og bunader. I 1896 vart rørsla samla i Noregs Ungdomslag.

I ordet frilynt låg det at ungdomslaga etter eiga oppfatning stod for ei open og tolerant haldning, mellom anna i religiøse spørsmål. Det innebar òg at dei var forholdsvis radikale i politikken, med tilknyting til den breie politiske rørsla som utvikla seg til partiet Venstre, og med engasjement for norsk nasjonalkjensle og sjølvstende både i tida før og etter oppløysinga av unionen med Sverige.

Frilynte folkehøgskular

Folkehøgskulene i Noreg stod frå starten nær den frilynte ungdomsrørsla, og var inspirert av danske Nikolai Grundtvig.

Kristelege skular som vart starta som eit meir utprega religiøst alternativ til folkehøgskulane, kalla seg først ungdomsskular. Etter at «ungdomsskule» vart innført som namn på ein del av den felles grunnskulen, tok òg dei kristne skulane i bruk namnet folkehøgskule. Frilynt folkehøgskule vart då nemninga på resten av folkehøgskulane, når ein skulle skjelne dei frå dei kristne.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg