Johan Ludwig Mowinckel

Faktaboks

Johan Ludwig Mowinckel
Født
22. oktober 1870, Bergen
Død
30. september 1943, New York
Johan Ludwig Mowinckel fotografert mellom 1916 og 1918.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Artikkelstart

Johan Ludwig Mowinckel var ein norsk skipsreiar og politikar for Venstre. Han var statsminister tre gonger; frå 25. juli 1924 til 5. mars 1926, frå 15. februar 1928 til 12. mai 1931 og frå 3. mars 1933 til 20. mars 1935.

I åra 1921–1922 var han handelsminister og i perioden 1922–1923 utanriksminister. Som formann i utanrikskommisjonen av 1920 leidde Mowinckel arbeidet med utanriksreforma.

Mowinckel danna si første regjering i 1924. Regjeringa fall i 1926 på Høgres og Bondepartiets forslag om sterkare nedskjering av budsjetta. Etter mistillitsforslaget mot Christopher Hornsrud-regjeringa i 1928 danna Mowinckel på ny regjering.

I 1931 fall Mowinckels andre regjering på Lilleborgsaken. Men våren 1933 danna Mowinckel si tredje regjering som sat til 1935, då Arbeidarpartiet og Bondepartiet gjennom kriseforliket skapte grunnlaget for Johan Nygaardsvolds langvarige arbeidarpartiregjering.

Mowinckel heldt fram på Stortinget og som Venstres leiar. I aprildagane 1940, etter okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen, vart Mowinckel sett inn i Londonregjeringa saman med eit par andre borgarlege politikarar. Deretter var han fram til våren 1942 ved legasjonen i Stockholm, men vart så kalla over til London, der han snart søkte avskjed. Han reiste deretter til USA, der han deltok i leiinga av Nortraship.

Skipsreiar

Mowinckel vart fødd i Bergen. Han vart på sett og vis fødd med ei sølvskei i munnen, men året etter at han vart fødd miste han mor si, og han voks opp i ein heim utan mor og med ein særs travel far. Far hans var rik kjøpmann i Bergen, og det var klart frå fødselen av at Johan Ludwig også skulle bli kjøpmann. Men slik gjekk det ikkje. Då han kom heim etter tre års studiar i utlandet, tok han til på reiarlagskontoret til Christian Michelsen. Han ville bli skipsreiar.

I 1898 kjøpte han det første skipet sitt, og i 1901 oppretta han sitt eige reiarlagskontor i Bergen. Reiarlaget vart etter kvart eit av dei større i Norge. Mowinckel var også sterkt med i skipinga av Norges Rederiforbund. Det var han som leia det konstituerande møtet i 1909. På det første generalmøtet i forbundet i Bergen i 1910 innleidde Christian Michelsen til ordskifte. Dei neste talarane var Gunnar Knudsen og Johan Ludwig Mowinckel. Det var i det minste politisk tyngde og Venstre-preg over debatten. Mowinckel spelte også ei sentral rolle ved skipinga av Den Norske Amerikalinje i 1910.

Stortingsrepresentant

Mowinckel var ordførar i Bergen i periodane 1902–1906 og 1911–1913, og representerte Bergens Venstre på Stortinget i åra 1906–1909, 1913–1918 og frå 1922 og fram til sin død.

I perioden 1913–1915 var Mowinckel odelstingspresident, i åra 1916–1918 stortingspresident og i 1927 varapresident i Stortinget. Han var også formann i utanrikskomiteen i perioden 1917–1918, Venstres parlamentariske førar i 1916–1918 og frå 1937, og dessutan formann i Venstre frå 1927.

Ein fritenkjar

Johan Ludwig Mowinckel var utanriksminister i Otto Blehrs andre regjering. Mowinckel og Blehr sitter foran.
Av .

I politikken var det unionsstriden som først tende Johan Ludwig Mowinckel, og i 1899 vart han innvald for Venstre i bystyre og formannskap i Bergen. I 1902 vart han ordførar, og det var han til 1906, då han 36 år gamal, for første gong vart vald til stortingsrepresentant.

Han kom nokså raskt i klammeri med sin gamle læremeister, Christian Michelsen, i synet på behovet for eit sterkt og uavhengig venstreparti. Mowinckel ivra sterkt for konsolideringa av Venstre, ja, det var han som på ein måte innførde forretningsuttrykket konsolidering i politikken. Mowinckel vart oppfatta som og kjende seg sjølv som ein representant for venstre fløy i Venstre. Han var republikanar og fritenkjar og mot ordensvesenet. Han hadde meldt seg ut av statskyrkja, og det kom etter kvart til å skape store problem for den politiske karrieren hans.

I 1916 vart Mowinckel vald til stortingspresident og parlamentarisk førar for Venstre, og han ville nok under første verdskrigen kunne ha blitt statsråd om det ikkje var for det at han ikkje var medlem av statskyrkja. Etter grunnlova den gongen var det berre medlemar av statskyrkja som kunne sitje i regjeringa. I 1919 vart grunnlova endra på dette punktet, slik at det berre var halvparten av statsrådane som måtte stå i statskyrkja. Endringa vart kalla «Lex Mowinckel» sjølv om han personleg ikkje hadde hatt noko med framlegget å gjere. Direkte lei seg var han nok likevel ikkje, og neste gong Venstre skipa regjering, var Johan Ludwig Mowinckel med.

I 1921 vart Mowinckel handelsminister i Otto Blehrs andre regjering. Den gongen var det framfor alt brennevinsforbodet som sto på den politiske dagsorden. Mowinckel hadde vore og var motstandar av dette forbodet, men aksepterte at folket hadde sagt ja til det gjennom ei folkeavstemming. Han ville ikkje fjerne det utan ei ny folkeavstemming.

Mowinckels første regjering (1924–1926)

Johan Ludwig Mowinckels første regjering satt frå 1924 til 1926. Mowinckel i midten på første rad.

Brennevinsforbodet

Det var nettopp Venstres nei til oppheving av forbodet som velta regjeringa Abraham Berge i juli 1924, og som gjorde at Mowinckel kunne skipe si første regjering nokre få månader før stortingsvalet. Forbodet vart hovudtema i valkampen, trass i den økonomiske krisa som rulla over landet. Både Venstre og Høgre/Frisinna Venstre gjekk tilbake, mens Bondepartiet og dei tre arbeidarpartia (Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti) gjekk fram. Mowinckel vart sitjande med sine 34 mandat som parlamentarisk grunnlag.

Regjeringa går

Noko av det første regjeringa gjorde etter at det nye Stortinget kom saman i 1925 var å gi amnesti til dei nyvalde Ap-representantane Martin Tranmæl og Børge Olsen-Hagen, som sat på Botsfengselet og sona ein dom for medverknad i streiken mot militærvesenet året før. Mowinckel var først tvilande, men gjekk til slutt med på å setje dei fri slik at dei kunne utføre det vervet dei var valde til. Tranmæl likte seg elles ikkje på Stortinget. «Anstalten» kalla han nasjonalforsamlinga, og han sat der berre denne eine perioden. Hausten 1926 fall brennevinsforbodet etter at eit klart fleirtal i ei folkerøysting hadde sagt ja til å fjerne det, men då hadde regjeringa Mowinckel gått av.

Avgangen skjedde på statsbudsjettet som regjeringa la fram. Høgre og Bondepartiet la kvar for seg fram avvikande forslag i høve til regjeringa sitt. Ingen av dei fekk fleirtal. Det gjorde heller ikkje den mistillit som også sosialistpartia la for dagen, men i sum tolka Mowinckel stemninga i budsjettinnstillinga frå finanskomiteen som mistillit. 5. mars gjekk han av og tok igjen sete som parlamentarisk leiar i Stortinget.

Partileiar i Venstre

I 1927 avløyste Mowinckel den gamle Gunnar Knudsen som leiar for Venstre, og det vervet hadde han fram til han døydde i 1943. Det var Mowinckel som måtte forme om Venstre-strategien frå det å vere eit fleirtalsalternativ til det å bli eit mellomstort parti. Han vidareførde Gunnar Knudsens vilje om at Venstre ikkje burde samarbeide til høgre, men modererte det noko etter kvart. Venstre skulle bli eit sentrumsparti, ein brubyggjar mellom fløyene, og Mowinckel meinte dette ville gi partiet eit styringstillegg.

Så oppteken var han av Venstres fortid som stort parti at han lenge meinte at Venstre i mindre grad var eit mindretalsparti enn til dømes Arbeidarpartiet som var tre gongar større. Ei slik kjensle av større rett til makta kjem gjerne når ein har styrt lenge. Frå 1927 derimot, etter samlinga av dei to arbeidarpartia (Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti), kasta Mowinckel brubygginga på båten for nokre år, og mana til felles borgarleg front mot sosialistane. Etter 1930 vart han derimot brubyggjar på nytt, og i 1933 gjorde han Høgre og Bondepartiet til hovudmotstandarar ved valet. Ikkje minst slike skifte har gjort at Venstres uvenner har kalla partiet for vingle-Venstre.

Det er liten tvil om at Venstres motvilje mot koalisjonar i den urolege mellomkrigstida bidrog sterkt til å underminere den politiske stabiliteten i desse åra. Elleve regjeringar frå 1920 til 1935 seier sitt om det. Mange år seinare, i slutten av 1960-åra kritiserte Arbeidarpartiets dåverande leiar, Trygve Bratteli, Mowinckles brubyggjarline. Han sa at Venstre vart «preget av taktikk og av holdningsløshet. Det var litt på den ene side og litt på den annen side og som regel et sted midt imellom. Venstre ble et parti uten standpunkter og uten tillit og i førti års nedgang», sa Bratteli. Han hadde nok mykje rett i det.

Det seier mykje om Mowinckels nokså impulsive sinnelag at han sommaren 1927 sikra fleirtal i Stortinget for den svært omstridde «tukthusparagrafen» i straffelova. I debatten bad han om at saka vart utsett for å hindre uro på arbeidsplassane, men då ein ungkommunist reiste seg på stortingsgalleriet og tok til å tale og kaste plakatar ned i salen, vart det meir enn Mowinckel kunne godta: «Landets lovgivende forsamling må vise at den ikke lar seg intimidere (skremme)», sa han og tilrådde at lova skulle vedtakast straks. Tukthusparagrafen ga eit spesielt vern til streikebrytarar, og vakte sterke reaksjonar i arbeidarrørsla.

Ved stortingsvalet i 1927 vart det samla Arbeidarpartiet det største partiet og Høgre-regjeringa til Ivar Lykke varsla avgang. Mowinckel var nokså sikker på at han kom til å bli spurd når det viste seg at leiaren i Bondepartiet, Johan E. Mellbye, ikkje lykkast med å skipe ei ikkje-sosialistisk samlingsregjering. Ei slik regjering sa Mowinckel og Venstre tvert nei til.

Dagen før kong Haakon ga regjeringsoppdraget til Christopher Hornsrud, uttalte difor Mowinckel i eit avisintervju at han ikkje hadde det minste tru på ei sosialistisk regjering. Der tok han feil, men Hornsrud-regjeringa skapte så stor panikk både i næringslivet, hos privatpersonar og blant bankane, at store summar vart flytta utanlands. Bankane var i krise, og då Hornsrud sa nei til å opprette bankane sin innskotssentral, Securitas, vart sjefen for Norges Bank, Nicolai Rygg, verkeleg redd.

Mowinckels andre regjering (1928–1931)

Venstre sat på vippen i Stortinget, og hadde i utgangspunktet meint at Hornsrud-regjeringa burde få prøve seg, men Mowinckel tok til å verte uroleg. Rygg ville ha han til å felle regjeringa. «Kan De, med hånden på hjertet, si at det er nødvendig for tilliten at regjeringen faller?», spurte Mowinckel. «Ja», sa Rygg. Dermed fekk Mowinckel Venstre-gruppa med på eit mistillitsforslag som vart vedteke. Det viste seg at krisa glei over og at det ikkje vart noko av innskotssentralen, men i arbeidarrørsla sette fellinga av regjeringa spor i mange år framover. Mowinckel hadde berre vore ein reiskap for storkapitalen, og han vart lenge kritisert for den rolla han hadde spela. Landsforrædar og «Ryggs lakei» vart han kalla.

Då Hornsrud gjekk, viste han kongen til Mowinckel som ny regjeringssjef, og 15. februar 1928 skipa han si andre regjering, og tonen i høve til Høgre var i denne regjeringa vesentleg mildare enn i den første. Høgre gjekk då også inn og berga regjeringa ved nokre høve.

Ved valet hausten 1930 auka Venstre stemmetalet og vann tre mandat, Høgre vann 13, mens Arbeidarpartiet tapte 12 mandat.

Etter mange val med tilbakegang vart sjølv ein auke på tre mandat sett på som ein stor siger i Venstre. «I år hadde vi valgvind», sa Mowinckel, og han var på ingen måte lei seg for at Arbeidarpartiet hadde gått tilbake så kraftig. Det programmet partiet gjekk til val på hadde blitt kraftig radikalisert, mellom anna som følgje av røynslene med Hornsrud-regjeringa, og det hadde gjort veljarane redde. Trass i at regjeringa til Mowinckel sat på Bondepartiets og Høgres nåde, såg Mowinckel ingen grunn til anna enn å bli sitjande. Nå var det viktig å demme opp for Arbeidarpartiet, og dei ikkje-sosialistiske partia fekk igjennom lova om listeforbund i 1930.

I Venstre var meiningane delte om dette, men Mowinckel stilte kabinettspørsmål og tvang gruppa til å støtte framlegget.

Det var krise i arbeidslivet. Børskrakket i New York i 1929 nådde Norge med full tyngde året etter. Talet på arbeidslause kom i desember opp i 110 000, og dei neste par åra skulle det stige til bortimot det dobbelte. Den økonomiske krisa råka også folk flest hardare enn før.

Lilleborgsaka

I 1930 hadde regjeringa gitt konsesjon til samanslåing av det norske selskapet A/S Lilleborg Fabrikker med De-No-Fa i Fredrikstad. Det siste selskapet var eigd av den britisk-nederlandske storkonsernet Unilever, og Unilever ville med fusjonen få halvparten av aksjane i Lilleborg. Konsesjonen var kombinert med ein kartellavtale mellom alle margarinfabrikkane i landet, og trustkontrollen under leiing av Wilhelm Thagaard sette foten ned og sa nei. Då førebudde regjeringa ei lovendring som skulle omgå Thagaards veto. Mowinckel sto på det han meinte var eit liberalt grunnsyn. Det same gjorde Thagaard som motstandar av tiltak som kunne hindre konkurransen.

Lilleborgsaka hamna i protokollkomiteen i Stortinget, vart det klart at eit fleirtal av Arbeidarpartiet og Bondepartiet meinte at konsesjonen ikkje burde ha vore gitt. I Odelstinget vart det ein debatt som gjekk over seks dagar, og Mowinckel gjorde det klart at dersom han ikkje fekk denne saka igjennom vil han trekkje seg ut av politikken. Det var ein resignert og skuffa mann som talte, og i avrøystinga fekk han støtte berre av Høgre. Til og med tre av hans eigne røysta mot regjeringa.

I mai 1931 var det slutt for Mowinckels andre regjering, og det er mange som meiner at det snarare var slik at han sjølv fann ei sak å gå på, enn at han vart felt.

Kolstads og Hundseids regjeringer (1931–1933)

12. mai 1931 skipa Bondepartiet ny regjering under leiing av Peder Kolstad, men den nye regjeringa godtok til slutt Lilleborg-konsesjonen. Mowinckel varsla i Stortinget at regjeringa Kolstad kunne rekne med Venstres støtte i den økonomiske politikken, men berre dersom dette verkeleg var ei regjering Kolstad og ikkje ei fordekt regjering Jens Hundseid. Hunseid tok over som statsminister då Kolstad døydde i mars 1932.

Mowinckel og Hundseid var det ein kan kalle bitre uvenner, og særleg frå Hundseid si side stakk motviljen djupt mot leiaren i Venstre. Under finansdebatten i 1933 fremja Mowinckel eit framlegg som sa at «Stortinget beklager Regjeringens avvisende stilling til de av Venstres under trontaledebatten opptrukne retningslinjer, som Stortinget finner skikket som grunnlag for samarbeid mellom partiene.»

Arbeidarpartiet støtta framlegget og det var ingen tvil om at dette var mistillit mot Hundseid si regjering. Han gjekk då også av og den 3. mars 1933 skipa Mowinckel si tredje regjering.

Mowinckels tredje regjering (1933–1935)

Johan Ludwig Mowinckels tredje regjering (1933–1935). Frå venstre: Jens Isak Kobro, Arne Sunde, Lars O. Meling, Håkon Five, statsminister Mowinckel, Ole Monsen Mjelde, Per Berg Lund, Knut Liestøl og Trygve Utheim.

Johan Ludwig Mowinckel (1870–1943) og kong Haakon 7 diskuterer den politiske situasjonen under et møte i Eidsvollsbygningen februar 1933.

Mowinckel og Haakon 7
Av /Kunnskapsforlaget/NTB Scanpix ※.

Før valet i 1933 hadde denne regjeringa støtte frå Venstres 33 representantar. Etter valet i 1933 kom Venstre inn att med 24 representantar. Det parlamentariske grunnlaget for Mowinckels tredje regjering utgjorde dermed etter 1933 berre 16 prosent av alle representantane i Stortinget. Inga anna norsk regjering har hatt ein så svak parlamentarisk basis. Det kunne sjølvsagt ikkje halde særleg lenge.

Arbeidarpartiet hadde gjort eit kjempeval i 1933 og auka mandattalet frå 47 til 69 mandat. Ap stilte då også krav om at Mowinckel måtte gå, men han svara at det måtte vere opp til eit fleirtal i Stortinget å avgjere det. «Det Norske Arbeiderpartis centralstyre er ikke Norges storting», sa han. Ap hadde ikkje fleirtal åleine, og han pressa dermed Arbeidarpartiet til å inngå allianse for å kunne ta over makta. Det skjedde gjennom det såkalla «kriseforliket» mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935. Mowinckel gjekk av 20. mars 1935 og Johan Nygaardsvold tok over. Frå då av og i 30 år framover var det Arbeidarpartiet som hadde regjeringsmakta.

Mowinckel gjekk tilbake til å bli medlem i utanrikskomiteen. Han sto på god fot med dåverande statsminister Johan Nygaardsvold, og han hadde tidvis nytte av Mowinckels lange røynsle. Venstre kom då også til å støtte Arbeidarpartiets motstand mot å auke forsvarsløyvingane så mykje som særleg Høgres C.J. Hambro kravde.

Andre verdskrigen

Til Stockholm

andre verdskrigen braut ut i 1939 var det på tale med ei nasjonal samlingsregjering, men i følgje utanriksminister Halvdan Koht så stranda dette fordi Mowinckel ikkje ville vere med i ei slik utan at han sjølv vart anten stats- eller utanriksminister. Det ville ingen av dei andre partia godta. Då krigen kom til Noreg, 9. april 1940, var Mowinckel ein av dei tre stortingsrepresentantane som saman med utanriksminister Koht skulle forhandle med den tyske sendemannen Curt Braüer. Mowinckel var nok på det tidspunktet meir villig til kompromiss med tyskarane enn mange andre norske politikarar. Han var ein av dei tre konsultative statsrådane som vart utnemnde i april 1940 for å gi Londonregjeringa eit større preg av å vere ei samlingsregjering

Etter Elverumsfullmakta reiste Mowinckel til Stockholm. Han nekta å følgje med til London, og i praksis møtte han i regjeringa berre ein gong under krigsåra, og det var i mai 1942 då han kom til London. Då fekk han melding i brevs form frå Nygaardsvold om at han måtte gå ut av regjeringa fordi han skulle til New York og gå inn i arbeidet for Nortraship. Realiteten var likevel, slik Olav Riste skriv i verket sitt om Londonregjeringa, at Mowinckel vart sparka frå regjeringa.

Til New York

Mowinckel var særs upopulær blant nordmenn i eksil. Dels kom det av hans motstand mot auka forsvarsløyvingar før krigen, men også fordi han under riksrådsforhandlingane i 1940 hadde synt meir forståing enn andre for eit kompromiss med tyskarane. Via ein svensk minister hadde han også lansert ein plan om å etablere ei demarkasjonsline mellom norsk og tysk styre, slik at Nord-Norge framleis kunne vere på norske hender. Inntrykket av at han var ettergivande i høve til tyskarane, festna seg i opinionen, og har nok prega ettermælet hans.

Mowinckel kunne ikkje anna enn godta stillinga i New York, men var svært bitter over måten det skjedde på. Det hadde han neppe grunn til. Mowinckel var 72 år då han kom til USA. Han hadde vore mykje sjuk dei siste åra, og vart på nytt sjuk like etter at han kom til New York. Der døydde han 30. september 1943.

Mowinckel som politikar

Ei europeisk rolle

Eigentleg var hans dimensjonar som politikar esla til noko meir enn som leiar for tre nokså vaklande Venstre-regjeringar i ei tid då partiets hans veikna frå å vere nesten statsberande til å bli middels stort. Som partileiar vann Johan Ludwig Mowinckel aldri noko val, men han fekk utretta mykje, og saman med den politiske konkurrenten sin og bysbarnet sitt, C. J. Hambro, spelte han også ei europeisk rolle i desse urolege mellomkrigsåra. I motsetning til Hambro var han sterk tilhengar av opprettinga av Folkeforbundet, og deltok aktivt der. Frå 1925 var Mowinckel stadig utsending til Folkeforbundet. Han vart rådsmedlem i 1930 og president i forsamlinga i Genève i 1933.

Nordist var han også, og ein av stiftarane av foreininga Norden. Utanrikspolitikk var han oppteken av, og i alle sine år som statsminister var han også utanriksminister. Det var Mowinckel som i 1917 fekk Stortinget med på å opprette utanrikskomiteen, og han vart sjølv den første formannen.

Ansvarleg

Mowinckel hadde alle dei eigenskapar som skulle til for å bli ein stor politisk leiar. Han var intelligent og kunnskapsrik, sjølv om han ikkje hadde store akademiske titlar å slå rundt seg med. Han snakka fleire språk etter sine opphald både i England, Frankrike og Tyskland, og han hadde eit omfattande internasjonal kontaktnett. Han var ein sterk administrator, og opplært frå han var liten til å ta avgjerder og til å bere ansvar.

I Mowinckels leiartid var det aldri tvil om kven som sto til rors både i regjeringa og i Venstre. Han var også ein stor talar og dyktig debattant, med ein slagferdig bergensk replikk. Han var stemningsmenneske og det hende meir enn ein gong at han vart riven med til avgjerder som han kanskje i ettertid kom til å angre på.

I medgangstider var Mowinckel omgjengeleg og sjarmerande, men så mykje medgang fekk han ikkje møte i politikken, og det kom difor til å bli ein av hans andre sterke eigenskapar, borgarånda, ansvarskjensla, som prega handlingane hans. Alle åra i motbakke sleit han ut, og når han på sine eldre dagar også møtte motstand frå den radikale fløy i eige parti, reagerte han som ein bitter mann.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Øksnevad, Toralv: Joh. Ludw. Mowinckel, 1963, Finn boken

Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg