Odelstinget var den eine av Stortingets to avdelingar mellom 1814 og 2009. Med delinga i Odelstinget og Lagtinget var Stortinget fram til 2009 organisert som eit tokammersystem, i motsetnad til eittkammersystem i dag.

Odelstinget bestod av 3/4 av Stortingets medlemmer. Resten av stortingsrepresentantane utgjorde Lagtinget. Odelstinget hadde møta sine i stortingssalen.

Funksjonar

Etter paragraf 76 i Grunnlova hadde berre regjeringa og Odelstingets medlemmer rett til å fremje lovforslag. Lagtingets medlemmer hadde ikkje forslagsrett. I praksis kom lovforslag vanlegvis frå regjeringa i form av ein odelstingsproposisjon (ot.prp.).

Alle lovforslag blei sette fram på Odelstinget. Blei lovforslaget vedteke der, gjekk det vidare til Lagtinget. Dersom dei to tinga ikkje var samde, gjekk lovforslaget tilbake for ny behandling i Odelstinget, etterfølgd av ny behandling i Lagtinget. Var dei to tinga framleis usamde, blei saka avgjord av Stortinget i plenum med to tredels fleirtal. Det var berre lovsaker som blei behandla på denne måten. Andre saker, som til dømes vedtak av statsbudsjettet, blei behandla og avgjorde i plenum.

Odelstinget hadde òg som oppgåve å reise tiltale i saker for Riksretten.

Bakgrunn

Riksforsamlinga i 1814 var det usemje blant representantane om Stortinget skulle delast i to avdelingar eller ikkje. Tilhengjarane, med Christian Magnus Falsen i spissen, meinte ei deling ville sikre grundig vurdering av lovene og motverke særinteresser og radikalisme. Motstandarane meinte at eit særskilt andrekammer, som Senatet i USA eller House of Lords i Storbritannia, verken var nødvendig eller passa i eit egalitært samfunn som det norske.

Resultatet blei eit kompromiss, som i praksis var eit eittkammersystem forkledd som tokammersystem. Stortinget blei formelt delt i to avdelingar, men desse blei ikkje valde i ulike val eller frå ulike samfunnsgrupper slik som i USA og Storbritannia. Lagtinget blei dermed ikkje den modererande eliteforsamlinga som tilhengjarane såg føre seg. Dessutan blei det bestemt at ved usemje mellom Odelstinget og Lagtinget skulle Stortinget i plenum vedta lovforslaget med 2/3 fleirtal. Sidan Odelstinget utgjorde 3/4 av Stortingets medlemmer, kunne eit stort fleirtal på Odelstinget i teorien overstyre Lagtinget.

Oppheva i 2009

Lagtingets samansetjing og avgrensa fullmakter gjorde at Odelstinget blei den sentrale politiske arenaen. Etter at Noreg på slutten av 1800-talet fekk eit system med parlamentarisme og politiske parti, blei det dessutan vanleg å gi Odelstinget og Lagtinget same forholdsmessige partisamansetjing som Stortinget. Etter dette var det i praksis ytst sjeldan at dei to tinga var usamde. Delinga i Odelsting og Lagting blei derfor overflødig. Erkjenninga av dette førte til eit grunnlovsvedtak 20. februar 2007 om å avskaffe begge ting og la lover bli vedtekne av Stortinget i plenum. Den gamle ordninga bestod likevel ut den stortingsperioden ein då var inne i, slik at endringa tredde i kraft 1. oktober 2009.

Odelstingspresidentar i 1945–2009

Namn Byrja Slutta Parti
Carl J. Hambro 1945 1949 Høgre
Carl J. Hambro 1949 1950 Høgre
Carl J. Hambro 1950 1954 Høgre
Carl J. Hambro 1954 1958 Høgre
Alv Kjøs 1958 1961 Høgre
Per Borten 1961 1965 Senterpartiet
Nils Hønsvald 1965 1969 Arbeidarpartiet
Håkon Johnsen 1969 1973 Arbeidarpartiet
Per Borten 1973 1977 Senterpartiet
Asbjørn Haugstvedt 1977 1981 Kristeleg Folkeparti
Arne Nilsen 1981 1985 Arbeidarpartiet
Åshild Hauan 1985 1989 Arbeidarpartiet
Inger Lise Gjørv 1989 1993 Arbeidarpartiet
Gunnar Skaug 1993 1997 Arbeidarpartiet
Gunnar Skaug 1997 2001 Arbeidarpartiet
Ågot Valle 2001 2005 Sosialistisk Venstreparti
Berit Brørby 2005 2009 Arbeidarpartiet

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg