Otto Blehr

Faktaboks

Otto Blehr

Otto Albert Blehr

Født
17. februar 1847, Stange, Hedmark
Død
13. juli 1927, Oslo
Otto Blehr
Otto Blehr var politiker for Venstre og Norges statsminister i to perioder.
Otto Blehr
Av /SCANPIX.
Otto Blehrs andre regjering
Otto Blehr (foran til høyre) og hans andre regjering i 1922. Stående, fra venstre: Ivar Aavatsmark, Rasmus Olai Mortensen, Håkon Five, Arnold Holmboe, Martin Olsen Nalum, Ole Monsen Mjelde og Lars Oftedal. Sittende: Johan Ludwig Mowinckel og Otto Albert Blehr.
Av .

Otto Albert Blehr var ein norsk jurist og politikar frå Venstre. Han var statsminister i periodane 1902–1903 og 1921–1923. I tillegg var han norsk statsminister i Stockholm i periodane 1891–1893 og 1898–1902.

Otto Albert Blehr gjekk inn og ut av Venstre-regjeringar i over 30 år, og to gongar var han sjølv statsminister. Begge gongane sat han likevel for kort til å bli skikkeleg varm i statsministerstolen.

Han møtte som varamann på Stortinget i perioden 1880 til 1882, men vart fast ved valet i 1882. Han vart plassert i protokollkomiteen, og i 1883 vart han vald til ein av tre aktorar i riksrettssaka mot regjeringa Christian Selmer. Det var også han som førte ordet under den viktigaste delen av prosedyren, og han utforma det punktet i påtalen som omhandla kongens veto. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova. Blehr spelte ei framståande rolle under gjennomføringa av fleire venstrereformer, mellom anna jurylova og den nye straffelova.

Otto Blehr var gift med Randi Marie Blehr.

Bakgrunn og utdanning

Otto Blehr
Otto Blehr som ung, foto truleg frå 1870-åra.
Av .

Blehr vart fødd i Stange, og voks opp i ein velståande embetsmannsheim. Far hans var amtsfysikus (fylkeslege), men det var jurist Otto Blehr ville bli. I studietida deltok han aktivt i Studentersamfundet. Han høyrde der til den nasjonale gruppa, og i 1871, året etter han var ferdig med eksamen, var han formann i Studentersamfundet.

Same året prøvde han seg som journalist. Han var stortingsreferent i Dagbladet og politisk medarbeidar i Bergensposten i åra 1871–1872. I dei åra vart han lommekjent i Stortinget og skaffa seg mange nyttige kontaktar i det politiske miljøet. I 1874 var han med på å skipe Fjordenes blad, no Fjordabladet, på Nordfjordeid. I 1877 var han med på å skipe Sogns TidendLærdalsøyri, og var også den første redaktøren der.

Valmann og stortingsrepresentant

I 1873 vart han konstituert som sorenskrivar i Nordfjord og flytte til Nordfjordeid. Der kasta han seg inn i den politiske kampen for parlamentarismeJohan Sverdrup si side. Han deltok på folkemøte, og vart lagt merke til. I 1876 vart han vald til valmann. På den tida var stortingsvalet indirekte. Veljarane i ein valkrins valde ei forsamling valmenn, og det var denne forsamlinga som med vanleg fleirtal valde stortingsrepresentantane. Slik var det fram til 1906.

I 1879 var det like før Blehr fekk fleirtal i valmannsforsamlinga, men då var det nokre av valmennene som bad amtmannen om å utsetje valet. Dei hadde noko viktig å fortelje: Blehr hadde «bespottet Gud og Kongen». Det vart då fortalt at han på ein båttur eit par år tidlegare hadde kalla læra om kongedømmet av Guds nåde for «noget vrøvl».

Det var nok til at nokre av valmennene endre stemmegiving, og Blehr rakk ikkje høgare enn til å bli første varamann, men ved det neste valet, i 1882 fekk han alle venstrestemmene på valmannstinget for Nordre Bergenhus. I 1888 vart ikkje Blehr attvald, men var konstituert fut i Sogn og Fjordane med sete i Førde. Året etter vart han utnemnd til lagmann i Hålogaland, og ved det første valet han stilte i etter det, i 1894, vart han difor vald frå Nordland.

Han var stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus i åra 1883–1888 og for Nordland i åra 1895–1900. Han lagmann i Hålogaland frå 1888 til 1891.

Riksrettssaka

I riksrettsstriden var Johan Sverdrup den store talaren. Det var han som agiterte, mens den særs nøkterne Blehr var den som måtte bygge opp den juridiske argumentasjonen for Sverdrups krav.

Den unge juristen fekk her sin elddåp, og den kom han seg godt gjennom. Det viser dei dokumenta frå riksrettsprosessen som Blehr har vore opphavsmann til. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova. Det var med grunnlag i folkesuvereniteten forsamlinga på Eidsvoll hadde vedteke grunnlova. Ein spurte ikkje kongen om sanksjon. Den same folkesuvereniteten kunne ikkje brått forsvinne fordi grunnlova var vedteken, hevda Blehr.

I studietida hadde han innpass i mange av dei rike familiane i Kristiania, men etter riksretten var dørene stengde. I mange år vart han blant sosieteten i hovudstaden stempla som riksrettsaktoren.

Han kom ikkje med i Sverdrups regjering, og vart utover i siste halvdel av 1880-åra meir og meir skeptisk på det religiøse trongsyn som trengde seg inn i Venstre.

I sak var han difor samd med den grupperinga som kalla seg Reine Venstre, men han mislikte så sterkt splittinga at han ikkje ville bryte banda til den moderate delen av partiet. Blehr og nokre andre med same synet vart difor kalla «nomadane». Det kom av at dei vandra mellom gruppene. Blehr prøvde også å få utvida Sverdrup si regjering med folk frå venstrefløya, men lukkast ikkje.

Statsminister i Stockholm

Johannes Steens andre regjering
Blehr var medlem av begge regjeringane til Johannes Steens som statsminister i Stockholm. Johannes Steens andre regjering (1898–1902). Steen sitt som nummer to frå venstre. Nummer tre frå venstre på same rad er Otto Blehr. På bakerste rad står mellom andre Gunnar Knudsen (nummer en frå venstre) og Jørgen Løvland (nummer fire frå venstre).
Av /Nasjonalbiblioteket.

Frå 1891 til 1893 var Blehr medlem av Johannes Steens første regjering som statsminister i Stockholm, og frå 1893 var han lagmann i Kristiania. I tida 1895–1898 var han medlem av unionskomiteen og gjekk her inn for eit eige norsk utanriksstyre i unionen med Sverige.

I februar 1891 skipa Johannes Steen si første regjering med statsrådar berre frå Reine Venstre. Blehr vart tilkalla frå sin posisjon som lagmann i Hålogaland og utnemnd til statsminister og sjef for statsrådsavdelinga i Stockholm.

På det tidspunktet når det var unionspolitikken som skulle bli Venstres fanesak, vart stillinga som statsminister i Stockholm ei av dei viktigaste og vanskelegaste i regjeringa. Av same grunn fekk Blehr også stor innverknad på Venstres unionspolitikk i åra som kom, men han tykte nok stundom at partiet gjekk for fort fram. Som Christian Michelsen var han skeptisk til det som vart kalla Venstres «knyttenevepolitikk» i unionssaka. Det var vel også juristen i Blehr som stundom hadde vanskar med å finne lovgrunnlaget for Venstres krav.

Konsulatssaka

Som norsk statsminister i Stockholm var det Blehr som den 22. juni 1892 hindra kongens nekting av sanksjon mot løyvinga på 50 000 kroner til eige norsk konsulatvesen (sjå konsulatsaka). På førehand hadde Blehr fått eit tips om at kong Oscar 2 kom til å nekte sanksjon. Først prøvde Blehr å overtale kongen til å gi sanksjon. Men kong Oscar hadde ikkje tolmod til å vente og drog fram eit dokument der det stod at han ville nekte sanksjon av løyvinga. Blehr sa då at kongen hadde gjort eit vedtak utan å ha høyrt synet til det norske statsrådet, og på det grunnlaget fann han å måtte levere inn regjeringa sin søknad om avskjed. Kongen hadde ikkje rekna med ein slik reaksjon, og bad om at saka måtte utsetjast. Det var ho også, til neste statsråd i Kristiania, men med same resultat.

Regjeringa hadde ferdigskriven søknad om avskjed, og då kongen nekta sanksjon, så var avskjedssøknaden levert inn. Utan ein statsminister (eller ein statsråd) som ville medunderskrive – kontrasignere – kongen si sanksjonsnekting var ho heller ikkje gyldig. På den måten innleidde Blehr den første av dei unionelle krisene i 1890-åra, og han viste ei oppskrift som vart nytta også til å bryte ut av unionen i 1905.

Både i 1814 og i tida etterpå var oppfatninga at statsministeren hadde plikt til å medunderskrive kongen sine vedtak, men etter gjennombrotet for parlamentarismen frå 1884 vart grunnlova omtolka på dette punktet, slik at regjeringa ikkje kunne tvingast til å underskrive på eit kongeleg vedtak regjeringa var usamd i. Det var ein naturleg konsekvens av at det etter 1884 var regjeringa som hadde det parlamentariske ansvaret for kongens vedtak. Dermed fekk regjeringa eit maktmiddel overfor kongen. Ikkje minst Blehr var sentral i utforminga av dette maktmiddelet.

I Johannes Steens andre regjering i åra 1898–1902 var Blehr på ny statsminister i Stockholm. Særleg under den siste regjeringa vart Blehr meir og meir den mannen som styrte Venstres unionspolitikk. Han representerte også «realismen» i unionspolitikken.

Den 17. oktober 1900 kom ein formell invitasjon frå Sverige om forhandlingar om konsulatsaka, og mange av dei mest aksjonslystne i Venstre mistenkte Blehr for å ha ordna invitasjonen. Fleire av statsrådane ønskte då også heller aksjon enn forhandlingar, og statsministeren sjølv, Steen, var gamal, trøytt og i tvil.

Statsminister (1902–1903)

I april 1902 gjekk Steen av, og kampen om å bli etterfølgjaren tok til. Blehr sigra med knapp margin i ei avstemming i Stortingets Venstreforening, og han fekk i oppdrag å skipe ny regjering 21. april. Etter mykje list greidde han også å få alle dei gamle statsrådane til å bli sitjande. I tillegg fekk han med seg folkerettseksperten Sigurd Ibsen. Han var hovudmannen bak eit utkast som viste at eit særleg norsk konsulatvesen kunne skipast utan å skiple ved fellesskapen i utanriksstyret.

Medan Blehr var regjeringssjef fant dei avgjerande konsulatforhandlingane i forkant av unionsoppløysinga stad, og han fekk her mellom anna bestemmande innverknad på utforminga av den norsk-svenske overeinskomsten, det såkalla kommunikeet av 24. mars 1903.

Regjeringa Blehr gjekk inn for forhandlingar med Sverige, og oppnådde semje med svenskane om korleis konsulatsaka kunne løysast. Det viste seg likevel at det fanst formuleringar i det felles norsk-svenske kommunikeet av 24. mars 1903 som krefter i Venstre ikkje ville godta.

Blehr kasta to statsrådar i eit forsøk på å få fred, men den interne striden i Venstre medverka til at partiet tapte valet i 1903. På den tida kunne ikkje statsminister eller statsrådar stille til val, og etter at Venstre-regjeringa måtte gå, forsvann Blehr ut av norsk politikk i ein lang periode.

Lagmann og stiftsamtmann

I over ti år framover var han bortimot ein politisk død mann for Venstre. Etter at han gjekk av i 1903 vart han lagmann og stiftamtmann i Kristiania frå 1905 til 1917. Han nytta likevel høvet til å markere seg ved unionsoppløysinga i 1905, då han støtta opprop til fordel for republikk.

Finansminister (1915) og justisminister (1917–1920)

Otto Blehr
Edvard Munch måla dette portrettet av Blehr siste våren han levde. Biletet var ikkje ferdig da Blehr døydde.
Av /Stortinget.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Etter kvart vart det likevel bruk for han på nytt. Han vart formann i den norske delegasjonen som skulle forhandle fram ein reinbeiteavtale med Sverige, og der gjorde han ein framifrå jobb som vart lagt merke til.

I 1915 vart han utnemnd til vikarierande finansminister i nokre månader mens den ordinære finansministeren i Gunnar Knudsens regjering, Anton Omholt, var sjuk. Dette var nok til at statsminister Knudsen tok han inn i regjeringa som justisminister i 1917. Otto Blehr var no 70 år og igjen med i regjeringa, 26 år etter at han vart norsk statsminister i Stockholm.

Tilhøvet mellom Knudsen og Blehr hadde tidlegare vore heller kjøleg. Blehr hadde meir sans for borgarleg samarbeid enn det Knudsen hadde. Med si lange røynsle vart Blehr ein styrke for Knudsen-regjeringa, men det viste seg også no at han kom etter kvart meir og meir i utakt med den eigenrådige statsministeren.

Då Gunnar Knudsen i juni 1920 stilte kabinettspørsmål på ein einsleg million kroner på vegbudsjettet, var Blehr saman med fleirtalet av statsrådane kraftig motstandar av statsministerens handlemåte. Regjeringa vart felt på denne saka, og ei Høgre-regjering under leiing av Otto B. Halvorsen tok over.

Denne regjeringa vart felt etter berre eitt år, og i juni 1921 var det på nytt Venstres tur. Då nekta Gunnar Knudsen å bli statsminister, og Venstre vende seg til veteranen Otto Blehr. Han var då 74 år, men var framleis ein populær mann i Venstre, og litt av ein høvding.

Statsminister (1921–1923)

Otto Blehrs andre regjering

Blehr (sittande i midten) og hans andre regjering. Foran frå venstre: Ivar Aavatsmark, Arnold Christopher Ræstad, Otto Albert Blehr, Martin Olsen Nalum og Olaf Amundsen. Bak frå venstre: Rasmus Olai Mortensen, Håkon Five, Johan Ludwig Mowinckel, Ole Monsen Mjelde og Lars Oftedal.

I 1921 vart Blehr leiar for den nye venstreregjeringa. Han overtok her sjølv Finansdepartementet.

Strid om alkohol og fisk

Politikken var dominert av at Noreg som følgje av det vedtekne importforbodet mot heitvin og brennevin (brennevinsforbodet) låg i handelskrig med Spania og Portugal. Før Blehr tok over hadde Stortinget vedteke at Noreg kunne forplikte seg til å importere brennevin og heitvin til vitskapeleg, medisinsk og teknisk bruk. På dette grunnlaget vart det prøvd å få til avtalar med Spania og Portugal.

Ein avtale med Spania om tvangskjøp av 500 000 liter heitvin årleg gjekk igjennom i Stortinget, men desse forhandlingane svekka i høg grad Venstres posisjon blant veljarane, og ved valet i 1921 gjekk partiet ned frå 51 til 37 representantar.

Trass i valnederlaget vart Blehr-regjeringa likevel sitjande. Opposisjonen var ikkje interessert i å ta over akkurat då. Blehr hadde også problem med usemje i Venstre om ein skulle halde fast på vin- og brennevinsforbodet som vart innført etter folkeavstemninga i 1919, eller om ein skulle oppheve det.

Også innanfor regjeringa var det usemje, og då fleirtalet i regjeringa i mars 1923 gjorde framlegg om å inngå ein mellombels avtale med Portugal som batt Noreg til å kjøpe 850 000 liter heitvin, var det slutt. Med 119 mot berre 28 stemmer vart framlegget forkasta, og regjeringa Otto Blehr måtte gå.

Striden handla ikkje berre om alkohol, men også om fisk. Fordi Spania og Portugal ikkje fekk eksportere heitvin, nekta desse landa å kjøpe fisk frå Noreg, og kysten var i opprør. I denne saka som i så mange andre både før og sidan sto moralen og handelen mot kvarandre. I den siste regjeringsperioden sin var nok Blehr merkt av alderen.

Han var ikkje sterk nok til å halde regjeringa samla, og den store Gunnar Knudsen sat i stor grad med makta, sjølv om han sat utanfor regjeringa. Otto Blehr var 76 år då han vart felt som statsminister, og han er difor den eldste statsministeren Noreg har hatt.

Blehr møtte som norsk delegat i Folkeforbundet i 1920 og 1922–1925.

Utgivingar

I 1946–1948 kom ut Mot frigjørelsen; utdrag av statsminister O. B.s politiske korrespondanse 1891–1903. Med indledende historisk oversikt ved Sigurd Blehr (2 bind).

Eit måleri, utført av Astri Welhaven i 1925, heng på Statsministerens kontor.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg