23. april 1883 vedtok Odelstinget å starte riksrettsprosess mot medlemene av ministeriet Selmer. Saka vart drøfta i åtte stortingsmøte, det lengste ordskiftet i ei einskild sak inntil då. Under avrøystinga 23. april var Sverdrup uroleg. Fleirtalet var knapt, men stort nok. Berre ein venstremann svikta. Han vart i ettertid kjent i norsk historie som Didrichsen frå Flekkefjord.
Tiltalen var forma i fire punkt. Det første punktet gjaldt regjeringa si tilråding til kongen i 1880 om at han måtte nedlegge veto mot grunnlovsvedtaket i statsrådsaka. Det andre var regjeringa si nekting av å kunngjere 9. juni-avgjerda i Stortinget. Det tredje galdt bruken av veto mot ei løyving som stortingsfleirtalet hadde vedteke i juni 1882 til dei såkalla folkebevæbingssamlagene, «Venstres hær» som dei konservative kalla denne organisasjonen. Det tredje tiltalepunktet galdt ei endring som regjeringa hadde gjort i eit stortingsvedtak om kven som skulle sitje i sentralstyret for jarnbanene.
Tiltalen omfatta altså både kongens grunnlovsveto, hans veto i løyvingssaker og om han hadde rett til å nedlegge veto mot ein del av eit stortingsvedtak. Riksretten vart sett i mai 1883 og sat til mars året etter. I retten sat ni høgsterettsdommarar og 17 lagtingsmenn, av desse 15 bonderepresentantar. For Selmer og høgresida var det einaste håpet at høgsterettsdommarane med si faglege tyngde ville overtyde lagtingsrepresentantane, men det skjedde ikkje.
Alle høgsterettsdommarane både tala og røysta mot fellande dom. Det same gjorde utgreiingane frå Det juridiske fakultet. Alt i 1881 hadde Det juridiske fakultet støtta det synet Selmer hadde, og det gjorde han endå meir overtydd om at han ikkje måtte gi etter.
Den første domen kom 27. februar 1884. Då vart statsminister Selmer dømd for å ha misbrukt embetet sitt. Han vart vidare dømd til store sakskostnader. Tilsvarande dommar kom deretter mot sju andre medlemer av regjeringa, mens tre av dei slapp med bøter.
Kong Oscar 2. var til stades i Kristiania då dommen fall. Eigentleg skulle 27. februar vere ein festdag. Sonen til kongen, prins Carl, var 23 år, men festen vart utsett til etter klokka tolv, då Lagtinget skulle avseie dommen. Kongen kunne ikkje vere til stades i Lagtinget sjølv, men hadde ordna seg med bodbringar. Han parkerte hest og slede rett utanfor Stortinget og ga ordre til kusken om å vente.
Presis klokka tolv starta opplesinga av dommen. Samstundes small det frå Akershus festning ein festsalutt for prinsen som hadde fødselsdag. Straks dommen var lesen ferdig, styrta bodbringaren med og kasta seg i sleden og køyrde opp til slottet. Der sat kongen og venta. Han reiste straks ned til Stiftsgården, statsministerbustaden, der familien Selmer sat oppløyst i gråt. Selmer sjølv var roleg, «ja, nästan iskall förekom mig hans stolta hällning i denna svåra stund», skreiv kongen i memoarane sine.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.