Stoltenberg og Bondevik
17. mars 2000 gjekk Kjell Magne Bondevik av som statsminister og Jens Stoltenberg tok over. Maktskiftet kom etter at Bondevik stilte kabinettsspørsmål. Det vil seie at han varsla at regjeringa ville gå av om ho ikkje fekk fleirtal i ei avstemning i Stortinget som gjaldt utbygging av gasskraftverk.
Stoltenberg og Bondevik
Av /NTB scanpix.

Kabinettsspørsmål er eit pressmiddel det utøvande organet kan bruke overfor den folkevalde forsamlinga i eit parlamentarisk system. Når ei regjering eller ein regjeringsmedlem trugar med å forlate stillinga si om ikkje det nødvendige fleirtalet stemmer slik regjeringa ønskjer, stiller dei kabinettsspørsmål. Kabinettsspørsmål blir brukt på liknande vis som pressmiddel i andre parlamentariske system, til dømes i kommunar og fylkeskommunar med parlamentarisk styreform.

Faktaboks

Uttale
kabinˈettspørsmål

Når kabinettsspørsmålet blir stilt

Overfor nasjonalforsamlinga kan kabinettsspørsmål brukast av mindretalsregjeringar for å presse gjennom ei sak mot viljen til fleirtalet, eller som svar på mistillitsforslag mot ein av statsrådane i regjeringa. I begge tilfelle håpar regjeringa at opposisjonen ikkje ønskjer regjeringsskifte sjølv om han har fleirtal i den aktuelle saka. Årsaker til at opposisjonen bøyer av, kan vere at det ikkje finst eit styringsdyktig regjeringsalternativ, eller at opposisjonspartia vil tape oppslutning på å gå i regjering kort tid før eit stortingsval.

Ikkje regulert

Kabinettsspørsmål er eit politisk pressmiddel i parlamentariske system. I Noreg er ikkje kabinettsspørsmål lovregulert, verken i Grunnlova for regjeringa på nasjonalt nivå eller i kommunelova på lokalt nivå. Eit kabinettsspørsmål er ikkje formelt bindande for organet som set det fram, og organet kan velje å bli sitjande etter å ha tapt avstemninga. I så fall blir det opp til opposisjonen å felle regjeringa eller eit by-, kommune- eller fylkesråd med mistillitsvedtak.

Kabinettsspørsmål i norsk historie

I Noreg har kabinettsspørsmål blitt brukt ei rekke gonger på nasjonalt nivå. Både regjeringa til Kåre Willoch i 1986 og til Kjell Magne Bondevik i 2000 gjekk av som følgje av kabinettsspørsmål som ikkje førte fram. Kabinettsspørsmål er også brukt på lokalt nivå i kommunar med parlamentarisk styreform. I6. juni 2021 gjekk byrådet til Raymond Johansen i Oslo av etter eit kabinettsspørsmål som følgje av at bystyret vedtok mistillit mot byråd Lan Marie Nguyen Berg (MDG).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (8)

skreiv Svein Askheim

Det heter da vel kabinettspørsmål?

svarte Jon Gisle

Ja, med én s. Mvh Jon Gisle

svarte Andreas Tjernshaugen

Hei, Språkrådet fastslår at det skal være kabinettsspørsmål med to s-er, se http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/kabinettssporsmal/. Beste hilsen Andreas Tjernshaugen, redaktør.

skreiv Jon Gisle

Artikkelen bør utvides litt. For det første bør det komme fram at regjeringen ikke har plikt til å gå av om den har stilt kabinettspørsmål. For det andre kan det jo bli tale om en oppdatering ut fra hva som nå skjer i desember -16.

svarte Andreas Tjernshaugen

Hei Jon, det ble jo mindre dramatikk enn mange ventet før jul. Den første delen av kommentaren din skal vi få en fagansvarlig til å se på når vi får vedkommende på plass.

svarte Kjell-Olav Hovde

Artikkelen er oppdatert med at en regjering ikke plikter å gå av om den ikke få flertall etter å ha stilt kabinettspørsmål, slik Jon Gisle foreslo tidligere i tråden.

skreiv Bjørnar Dahl

Kanskje greit å oppdatere teksten under bildet i slutten av artikkelen, slik at det også der står kabinettsspørsmål og ikke kabinettspørsmål

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei! Godt sett. Din fuge-s er levert. God helg!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg