Første verdskrig
Trippelententen (markert i grått) og trippelalliansen (markert i raudt) ved utbrotet av første verdskrigen i 1914. Dei kvite landa er nøytrale. Noreg var nøytralt, men sympatiserte mest med ententen.
Andenes festning, nøytralitetsvakt
Noreg var nøyralt under første verdskrig. Soldatar halder nøytralitetsvakt ved Andenes festning under krigen.
Av /Anno Domkirkeodden.

Noreg heldt seg nøytralt under heile den første verdskrigen mellom 1914 og 1918. Krigen blei likevel ei påkjenning på nesten alle sider ved samfunnslivet, på dei sosiale forholda, økonomien og på det politiske systemet.

Faktaboks

Også kjend som

Norge under første verdenskrig

Noreg blei hardt pressa frå begge dei krigførande sidene, som nok respekterte den norske nøytraliteten, men ynskja å dra økonomiske og strategiske fordelar av å presse norsk politikk og utanrikshandel i retningar dei såg seg tente med.

Krigen forsterka konfliktar og spenningar som hadde vore under oppbygging i det unge norske industrisamfunnet. 1920- og 1930-åra blei difor ei uroleg tid. Det norske demokratiet stod likevel imot påkjenningane, og midt i 1930-åra kom det til viktige politiske forlik, som skulle bli avgjerande for samfunnsutviklinga i resten av hundreåret.

Noreg i 1914

Feltartilleriet 1914
Feltartilleriet øver utenfor Fredrikstad i Østfold i 1914, året da første verdenskrig brøt ut og Norge forble nøytralt.
Av /Østfold fylkes billedarkiv.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Det budde kring 2,5 millionar menneske i Noreg i 1914 – av desse to tredelar på bygdene. Det norske samfunnet var «halvindustrialisert», då industriarbeidarane passerte hundre tusen i 1910. Industriproduksjonen var på det nærmaste dobla sidan hundreårsskiftet. Kvar tredje sysselsette arbeidde framleis i jordbruket, berre kvar sjette i industrien. Men industriproduksjonen passerte jordbruket i verdi nokre år før 1914.

Med vekst innan industri og aukande differensiering av arbeid og yrke blei interessene meir ulike, og organisasjonane som ville fremje desse interessene, voks. Fagrørsla blei sterkare og meir radikal i desse åra og dreiv fram eit avtalesystem, medan også arbeidskjøparane organiserte seg. Norsk Landmandsforbund voks til ein sterk organisasjon på bakgrunn av striden om tollvern.

Det politiske livet var dominert av dei to store partia frå stridane om statsskipnad og union: Høgre og Venstre. Dei stod mot kvarandre i sosialpolitikk, språkspørsmål, fråhald – og i konsesjonspolitikken. Spørsmål vart stilt rundt mellom anna kor langt staten skulle gå i å sikre nasjonal kontroll med fossekrafta og dei nye industriane, som blei bygde dels for utanlandsk kapital og med importert teknologi.

Med den aukande arbeidarklassa trengde Arbeidarpartiet seg fram, med støtte av fagrørsla, til å bli ein tredje faktor. Veljarane var nokolunde tredelte under første verdskrigen, men valordninga gjorde at Arbeidarpartiet var sterkt underrepresentert på Stortinget – og miste etter kvart, av denne og andre grunnar, tillit til det parlamentariske systemet frå 1880-åra. Bondeinteressene gjekk i aukande grad på tvers av både Høgre og Venstre – men først i 1920 blei det skipa eit sjølvstendig Bondeparti.

Nøytralitet

Nøytralitetsvakt
Noreg var nøytralt under første verdskrigen, men sympatien gjekk helst vestover til Storbritannia og Frankrike, Noreg sine gamle garantistatar. Fire soldatar på nøytralitetsvakt i Randesund utanfor Kristiansand i 1915.
Av /Fredrikstad museum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Vestvend nøytralitet

Noreg ville vere nøytralt i 1914, slik som Danmark og Sverige. Etter unionsoppløysinga i 1905 hadde utanriksleiinga arbeidd for at stormaktene skulle garantere Noreg nøytralitet. Det hadde ikkje lykkast, men i integritetsavtalen av 1907 forplikta garantimaktene (Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Russland) seg til å godkjenne og respektere Noreg sin territoriale integritet og støtte landet med høvelege middel når Noreg bad om det. Verdien av avtalen er omdiskutert. Først og fremst var avtalen uttrykk for eit norsk ønske om å få stadfest at landet stod utanfor stormaktspelet og konfliktane elles i Europa.

Men sympatien gjekk helst vestover til Storbritannia og Frankrike, Noreg sine gamle garantistatar. Storbritannia var den viktigaste handelspartnaren, og særleg i krigstid var norsk skipsfart avhengig av dette landet, supermakta på havet. Også opinionen blei meir britisk-venleg for kvart skip som blei torpedert av tyske ubåtar, og særleg då Tyskland tok i bruk giftgass og uavgrensa ubåtkrig. Men fleire såg den andre vegen: Mange intellektuelle hadde band til Tyskland, og mothugen mot det autoritære Russland var levande. For dei fleste var ikkje engasjementet særleg sterkt, og få rekna det som noko lagnadsspørsmål kven som vann.

Noreg kunne halde seg utanfor krigen først og fremst fordi ingen av partane var interesserte i å dra landet inn i konflikten. Begge stormaktsblokkene såg seg best tente med norsk nøytralitet. Militært var Noreg veikt, og å få landet som alliert gav knapt noko militært tilskot. Tvert imot kunne det binde opp store styrkar. Men det var lite ønskjeleg å få Noreg på den andre sida. Ententemaktene (først og fremst Storbritannia, Frankrike og Russland) trong handelstonnasjen til transportoppdrag, og Tyskland trong det norske sjøterritoriet som trygg kanal ut til Atlanterhavet. Dessutan hadde begge partar interesse av visse norske varer, som dei lettast kunne hente når det var fred her.

Folk venta ein kort krig. Dei moderne våpna var så effektive og krigføringa så kostbar at eit felttog ikkje kunne vare lenge, men krigen drog likevel i langdrag. Forsyningsproblema blei viktigare for dei krigførande, og interessa for å hindre tilførslane til motparten større. Dermed voks problema for Noreg og andre nøytrale land. Særleg skipsfarten kom bokstavleg talt i skotlinja, og det blei vanskelegare å få tak i dei importvarene landet trong. Utanriksleiinga måtte gi seg ut på ein vanskeleg balansegang mellom dei krigførande.

Økonomisk press på den norske nøytraliteten

Rasjoneringskort for brød og pengesedler
Noreg deltok ikkje i første verdskrig, men nordmenn blei likevel påvirka av krigen. Her ses eit rasjoneringskort for brød og to pengesedlar frå 1917. 1-kroner blei kalt «bolsjevikar» og 2-kroner kalt «rødgardistar».

Straks krigen var i gang, kom Noreg under økonomisk press. Norsk næringsliv var særleg avhengig av tilførslar frå Storbritannia, slik som maskinar, smørjeolje til fiskeflåten, kol og høgforedla kopar. Norske importørar måtte garantere at varer frå ententelanda ikkje skulle kome fienden til gode, noko bransjeorganisasjonane til dei norske eksportørane etter kvart tok ansvar for at ikkje skjedde.

Tyskland satsa stort på å sikre mattilførselen og kjøpte det dei kunne av norsk fisk. Storbritannia truga med å stanse tilførslane av olje, tinn og kol om ikkje det blei slutt på fiskeeksporten til Tyskland. Etter kvart måtte Noreg gå med på ein avtale om at Storbritannia fekk kjøpe nesten heile den norske fiskeeksporten. Noreg måtte gi etter for krav om stopp i eksporten av koparmalm og kis til Tyskland. Britane skulle ha forkjøpsrett til desse krigsviktige varene.

Det blei vanskelegare å stå imot britisk enn tysk press. Det økonomiske sambandet med ententemaktene auka, og handelen med sentralmaktene (alliansen mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn, Det osmanske riket og Bulgaria) minka gjennom krigsåra. Dette dilemmaet mellom omsynet til økonomisk interesse og upartisk nøytralitet prøvde regjeringa å møte med å la private interesser og bransjeorganisasjonar ta hand om det økonomiske sambandet og avtalar med ententemaktene. Det hadde den prisen at særleg private interesser fekk ein temmeleg direkte kontroll med delar av næringslivet. Etter kvart måtte regjeringa gripe sterkare inn, særleg frå 1916.

Tyskland hadde lite motpress å setje opp mot det britiske presset. Eit handelsbrot med Noreg ville råke Tyskland hardast. Dei kunne truge med å søkkje norske skip. Det gjorde dei òg, men om dei gjekk for hardt ut, kunne dei presse Noreg heilt over i fiendeleiren.

Då krigen gjekk mot slutten, arbeidde norsk næringsliv i stor grad for ententen sin krigsøkonomi, og norsk marine sperra kysten for tyske ubåtar. Historikaren Olav Riste har treffande kalla boka si om Noreg under første verdskrigen The neutral ally («den nøytrale allierte»).

Strid om skipsfarten

Den første verdenskrig

Tyskaranes uinnskrenka ubåtkrig ramma òg Noreg. Biletet viser bergensbåten D/S Consul Person i ferd med å synke etter å ha blitt truffe av ein tysk torpedo. Båten gjekk med malm på Storbritannia.

Av /KF-arkiv ※.

Som skipsfartsnasjon stod Noreg overfor store problem då partane i verdskrigen prøvde å hindre at fienden fekk forsyningar. Det første harde møtet med stormaktsinteressene kom i november 1914. Storbritannia ville sperre av Nordsjøen i nord og kontrollere trafikken ut til Atlanterhavet. Norske skip fekk pålegg om å følgje ei bestemt rute over Nordsjøen, sørover langs den britiske kysten og ut gjennom Den engelske kanalen. Regjeringa protesterte, for det var ein lang omveg gjennom svært minefarleg farvatn. Etter ei tid fekk norske skip nytte ei rute nord om Skottland, på det vilkåret at dei gjekk innom KirkwallOrknøyane for inspeksjon. Dette blei delvis respektert, sjølv om det vanskeleg kunne sameinast med nøytralitet.

Tyskland svarte i februar 1915 med å erklære heile sjøområdet kring Storbritannia som krigssone og åtvara nøytrale skip mot å gå inn. Tryggleiken til nøytrale skip kunne ikkje garanterast. Dei nordiske landa gjekk saman om ein felles protest til begge partar, både mot britisk flaggmisbruk og tyske trugsmål.

Konflikten roa seg noko etter dette, fram til hausten 1916. Då vart 143 norske skip senka og den tyske marinen prøvde å bryte forsyningane til Nord-Russland. Ententen hadde kravd at Noreg sette ein stoppar for at Tyskland brukte norskekysten som ubåtkanal ut i Atlanterhavet, noko Tyskland etter folkeretten hadde lov til.

Noreg svarte på denne situasjonen med ein «ubåtresolusjon» i oktober 1916: Framande ubåtar fekk gå inn i norsk farvatn «på grunn av hardt vêr eller havari» berre når føremålet var «å redde menneskeliv».

Dei tyske reaksjonane var trugande, og ententen, og særleg Frankrike, førebudde militær hjelp til Noreg. Tyskland skjøna etter kvart at dei kunne bruke den spente situasjonen til å oppnå handelspolitiske konsesjonar. Noreg gjekk med på at Tyskland fekk nokre økonomiske fordelar og noko meir fisk. Krisa glei slik over.

Men det blei ny krise då Tyskland kunngjorde uavgrensa ubåtkrig i sjøområda kring ententemaktene frå 1. februar 1917. Britane var redde for at norske reiarar ville ta skipa sine ut av trafikk til ententelanda og slo inn på «skip for skip»-politikken: Dei sleppte ikkje norske skip ut av britisk hamn før dei var sikre på at eit anna kom inn. Skipa heldt fram med å gå i krigssonene, med svært store tap av tonnasje og menneskeliv.

Etter vanskelege forhandlingar kom det ein «tonnasjeavtale» sommaren 1917. Ententen hyrte det meste av den norske flåten til fart utanfor Nordsjøen, der ubåtfaren var mindre, mot at britiske skip tok over nordsjøfarten. Dei kunne væpnast og gå i konvoi med britisk eskorte til den norske territorialgrensa, der norsk marine tok over.

I april 1917 gjekk USA inn i krigen på ententesida. USA, som før hadde vore ei støtte for interessene til nøytrale land, kravde no ein særleg avtale om at Noreg skulle slutte med eksport til Tyskland. Storbritannia la seg på same linje. Etter lange og vanskelege tingingar måtte Noreg godta drastiske restriksjonar på eksporten til Tyskland. Ententen skulle ha fri import frå Noreg, mot at Noreg fekk strengt tilmålte mengder av varer som var absolutt nødvendige for å halde næringslivet gåande og unngå direkte naud.

Sommaren 1918 hardna krigen til att. Britiske krigsskip la eit minebelte tvers over Nordsjøen til territorialgrensa utanfor Utstein og kravde at Noreg skulle leggje miner derifrå og inn til strendene for å stoppe dei tyske ubåtane. Gjorde ikkje Noreg det, ville britiske skip gå inn og få det gjort sjølve. Regjeringa bøygde seg og la ut minene, men viste samtidig til at ein britisk ubåt hadde krenkt territorialgrensa.

Spekulasjonsår

Demonstrasjon mot dyrtid
Krigen førte til stor prisauke. På biletet demonstrerar 40 000 personar mot dyrtida utanfor Stortinget 6. juni 1917.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Med store forsyningsvanskar under første verdskrigen steig prisane på mange varer. Om økonomien ikkje skulle ende i kaos, blei sterke reguleringstiltak nødvendige, slik som rasjonering, valutakontroll, maksimalprisar og tvangsdyrking av korn. I desse spørsmåla auka klassemotsetningane. Arbeidarklassa aksjonerte for å oppnå løner dei kunne leve med. Bøndene opplevde at maksimalprisane gav stadig mindre inntekt når driftsmidlar og andre kostnader steig.

Innslaga av spekulasjonsøkonomi og «jobbing» synte at mange kunne tene på folk si nød og andre land sin krig. Krigsåra blei rike spekulasjonsår for dei som hadde pengar å setje inn i etterspurde varer og tenester. Særleg i skipsfarten var det svære fortenester å hente, der fraktene voks til eventyrlege høgder. I 1914 kosta det kr 4,60 å frakte eitt tonn varer over Nordsjøen, i juni 1917 kr 260. Skipsaksjar kunne fort bli seksdobla i verdi. Medan denne spekulasjonen gjekk føre seg på land, gjekk 900 skip tapt i krigsforlis, halvparten av flåten frå 1914. To tusen sjøfolk miste livet (sjå krigsseilar). Sidan skipa var godt forsikra kunne eigarane bygge og kjøpe nye skip, og dermed tene pengar likevel.

For vanlege folk blei situasjonen svært vanskeleg utover i krigsåra. Prisane steig, somme forbruksvarer kunne gå til reine svartebørsprisar, eller dei blei beint fram borte frå butikkane. «Dyrtida» skapte uro og sosiale spenningar. Aggresjonen retta seg både mot «matfordyrarar», spekulantar og bønder, men etter kvart også mot regjeringa, som nølte med å gripe inn med prisregulering og rasjonering. Først frå nyåret 1918 blei vanlege forbruksvarer rasjonerte.

Den økonomiske situasjonen betra seg snøgt då krigen var over i november 1918. Det kom ein etterspørselseksplosjon. Mange forbruksønske skulle møtast, og nedslite produksjonsutstyr skulle fornyast. Pengane flaut frå spekulasjonsvinstar, og det var vanskeleg å finne investeringsprosjekt å setje dei i. 1600 nye aksjeselskap kom i stand i åra 1915–1920, og bankvesenet voks svært raskt, med kring 80 nye forretningsbankar.

Det gjekk ikkje lenge etter krigen før krakket kom både for spekulantar, aksjeselskap og bankar, og så høgt som nivået var drive opp, så djupt blei fallet. Prisane steig i ein ny inflasjonsprega konjunktur, og lønene auka i økonomisk optimisme – før omslaget kom med dramatisk alvor hausten 1920.

Reguleringar og kriseordningar

Kristiania melkeforsyning
Krigen førte til varemangel i Noreg, sjølv om landet ikkje var med i krigen. Kø utanfor Kristiania melkeforsyning på Sagene i Oslo, 1915.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Snuskø på Rjukan
Under første verdskrigen var snus ei mangelvare. Snuskø utanfor landhandel på Rjukan.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Krigen blei ei enorm påkjenning for norsk økonomi og gav staten ei ny, utvida og etter kvart omstridd rolle. Straks krigen braut ut, blei det ei allmenn tillitskrise og stor pågang på bankane. Folk ville ha ut pengane sine. Noregs Bank suspenderte gullinnvekslinga. Prisane fauk i vêret. Mange bedrifter fekk ikkje råvarer frå utlandet, andre var redde for at eksporten ville svikte. I begge tilfelle gjekk dei til permitteringar. Snart stod kvar fjerde fagorganisert utan arbeid.

I krigsåra måtte regjeringa gripe inn i næringsliv og økonomi på ein heilt annan måte enn før for å prøve å sikre forbruksvarer til folket og innsatsvarer til næringslivet. Statsadministrasjonen blei bygd ut med nye avdelingar, nye kontor, nye direktorat og etter kvart nye departement. Dessutan kom det kommisjonar og komitear der staten og næringslivet skulle samarbeide og finne løysingar saman.

Provianteringsarbeidet balla på seg, og i 1916 blei den veksande administrasjonen omskipa til eit provianteringsdepartement. Både staten og dei lokale nemndene hadde fullmakt til å beslagleggje matvarelager for å hindre spekulasjon i nøda. Bøndene fekk tvangspålegg om å dyrke korn. Seint på våren 1915 oppretta staten monopol på kornimporten. Sukkerimportmonopol blei innført i 1917.

Styresmaktene greip inn i prisdanninga med maksimalprisar og priskontroll. I 1917 kom det ei lov om prisregulering, eit prisreguleringsråd og eit prisreguleringsdirektorat, med Wilhelm Thagaard som sjef. Dermed var grunnsteinen lagd for offentleg prisregulering, som stod ved lag i skiftande former gjennom størstedelen av 1900-talet. Då fraktene steig og steig og truga forbruksvareprisane, kjøpte staten skip og starta reiarlag for å kunne frakte nødvendige varer. Husleigene steig mykje, særleg i dei større byane, og alt i 1915 greip regjeringa inn med prisregulering på husleiger.

Frå 1918 fekk kvar familie rasjoneringskort, der kjøpmannen klipte ut merke for viktige matvarer han selde: eit kilo sukker og eit kvart kilo kaffi i månaden for vaksne, 250 gram mjøl per dag, med tillegg for folk med hardt arbeid. Eit rasjoneringsdirektorat tok seg av utdelinga av rasjoneringskorta.

Det kom òg mange slags forbod. Poteter og korn skulle ikkje nyttast til brennevinsbrenning. I 1916 kom det forbod mot import av brennevin, i 1917 mot sterkvin og øl (i klasse 2 og 3).

Ikkje alle desse reguleringane lykkast like bra. Våren 1918 blei smøret heilt borte frå butikkane. Med tvangsdyrking av korn blei det mindre fôr til dyra og dermed mindre smør. Mange bønder ville heller selje det dei hadde direkte til forbrukarane, utan prisregulering. Styresmaktene svarte med å forby postpakkar med smør til privatpersonar, og ingen måtte ha meir enn tre kilo smør i kofferten på reise.

Næringslivskrinsar pressa òg på for å få eit næringsdepartement som kunne ta seg av interessene deira. Eit industriforsyningsdepartement blei skipa, som skulle vere eit slags «upolitisk» fagdepartement til å ta seg av forsyningsproblema for industrien.

Den offentlege økonomien voks under krigen. Dyrtidsløyvingane, fiskeoppkjøp og forsyningskjøp kosta mykje. Like eins var det med matvarekjøp og nøytralitetsvern. Statsgjelda blei tredobla, til ein milliard kroner. Skattesatsane auka kraftig både i staten og kommunane. Statsskatten fekk progressive satsar, og det kom forbruksskattar i tillegg.

Dei fleste reguleringane og kriseordningane blei avvikla like etter krigen, men ein god del blei ståande, til dømes prisdirektoratet og bransjeorganisasjonane. Og stats- og kommunebudsjetta var framleis store. Krigen legitimerte statsinngrep som blei varige. Det offentlege arbeidsområdet blei såleis utvida, og oppfatningane endra seg om kva som var statsansvar – og kva som ikkje var det. Kontaktflata mellom stat og næringsliv blei vidare. Den første verdskrigen styrkte altså dei regulerande og «korporative» trekka ved staten, noko også den andre verdskrigen gjorde.

Følgjer for Noreg av første verdskrigen

Krigen tok slutt i 1918, men dei «normale tidene» vende ikkje tilbake. Økonomisk turbulens, klassekamp og politiske kriser kom til å kjenneteikne mellomkrigstida. Regjeringar kom og gjekk med korte mellomrom. Prisar og valutakursar svinga sterkt, og arbeidsplassane var usikre. Fabrikkar stengde, og gardar kom under hammaren. Jamvel bankane var ikkje pålitlege. Streikar og lockoutar varte i månadsvis, med titusenvis av lønstakarar i steile konfliktar. Sjølve det parlamentariske styresettet kom i skotlinja: Frå venstre med ei arbeidarrørsle, der leiinga talte om kommunisme og klassediktatur, og frå høgre med aktivistiske flokkar som drøymde om ei sterk regjering, som skulle styre uavhengig av stortingsrot og setje arbeidarane på plass.

Uroa hadde delvis bakgrunn i internasjonale nedgong frå verdskrigen – kriser, revolusjon og reaksjon. Men dei norske årsakene var òg synlege: Omskipinga frå eit stabilt agrarsamfunn mot eit urbanisert industrisamfunn hadde gått føre seg lenge. Konfliktar som gjerne følgjer slike sosiale og økonomiske strukturskifte, braut ut for fullt mellom klasser, mellom gamalt og nytt næringsliv og mellom by og land, og etterslepet i økonomisk tenking kom til syne i politiske avgjerder som ettertida har stempla som feilgrep.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Artikkelen er eit utdrag frå Berge Furre: Norsk historie 1914–2000. Det Norske Samlaget 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg