Faktaboks

Hagbard Berner

Hagbard Emanuel Berner

Fødd
12. september 1839, Sunndal, Møre og Romsdal
Død
24. januar 1920, Kristiania (no Oslo)
Verke
Politikar og embetsmann
Familie

Foreldre: Sokneprest Ole Christian Berner (1807–65) og Laura Nicoline Collin (1806–74).

Gift 27.7.1871 med Selma Augusta Hovind (3.8.1846–14.10.1919), dotter til overtollbetjent Ole Larsen Hovind (1811–83) og Berthe Kathrine Sørensdatter (1817–62). Svoger til Hans Mustad (1837–1918) og Hans Gerhard Stub (1849–1931).

Hagbard Berner
Hagbard Berner ca. 1880.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Hagbard Berner var ein norsk avisredaktør, politikar for Venstre, forleggjar og foreiningsmann. Som stortingsrepresentant og grunnleggjar av Dagbladet og Det Norske Samlaget var han ein sentral aktør i det store Venstre-prosjektet som endra Noreg på 1800-talet.

Berner vart fødd i SunndalNordmøre. Han hadde ein særs mangfaldig karriere. Han var redaktør av Dagbladet frå 1869 til 1880, stortingsrepresentant for Venstre frå 1880 til 1888 og seinare riksrevisor, hypotekbankdirektør og borgarmeister i Kristiania.

I 1884 vart han første formann i Norsk Kvindesagsforening, og i åra 1891 til 1909 var han formann i Norsk Ligbrændingsforening. Han var også medstiftar og første formann i Det Norske Samlaget frå 1868. Berner var heile livet i sterk opposisjon til unionen med Sverige og ein forkjempar for norsk sjølvstende både når det galdt språk og politikk. Han var på same tid strategisk tenkjar og praktisk igangsetjar i ein av dei mest hendingsrike epokane i norsk historie.

Målsaka

Berner var presteson, men valde sjølv ein annan karriereveg og tok juridisk embetseksamen i 1863. Som ung mann blei han medlem av den såkalla Døleringen, ein krins av unge, radikale menn med diktaren Aasmund Olavsson Vinje som leiar. Her vart Berner for alvor oppteken av målsaka, og kampen for «det norske folkemålet» skulle bli ei livslang interesse. Han engasjerte seg sterkt i stiftinga av Det Norske Samlaget i 1868 og sat som formann fram til 1877.

Redaktør i Dagbladet

Berner fekk også tidleg interesse for journalistikken, og i 1869 gav han opp ein trygg karriere som jurist og embetsmann for å bli redaktør av den nystarta avisa Dagbladet. Gjennom 11 strevsame år bygde han opp Dagbladet til å bli den viktigaste venstreavisa i landet, i klar opposisjon til den konservative, unionsvenlege regjeringa under leiing av Frederik Stang.

Framleis står portrettet av Hagbard Berner på side 2 i kvar einaste utgåve av Dagbladet, saman med føremålsparagrafen for avisa: «Uavhengig og riksdekkende venstreorgan for frisinnet og fremskrittsvennlig politikk i nasjonalt, sosialt og økonomisk henseende.» Selskapet som gav ut Dagbladet, tok i 2007 namnet Berner Gruppen AS, men selde Dagbladet til Aller Media AS i 2013.

Politikk

Johan Sverdrups mann

Kampen for det reine norske flagget var ei anna av kampsakene til Hagbard Berner, og dei politiske motstandarane hans kalla han ofte Flagg-Berner. Sjølv om han som person vekte sterke kjensler, klarte han i 1879 å bli vald inn på Stortinget for Venstre. Han var ein av dei næraste medarbeidarane til Venstre-leiaren Johan Sverdrup og sat i riksretten som i 1884 felte regjeringa Selmer og dermed bana vegen for det parlamentariske styresettet i Noreg.

Berner var blant dei som miste plassen sin då Venstre gjekk på eit nederlag ved stortingsvalet i 1888. I staden vart han direktør for Hypotekbanken og gjorde ein viktig innsats for omlegginga av jordskattesystemet i Noreg. Frå 1898 var Berner borgarmeister (tilsvarande dagens byrådsleiar) i Kristiania. Den stillinga hadde han fram til 1912.

Breitt politisk engasjement

Ved sida av det daglege arbeidet sitt var Hagbard Berner heile livet engasjert i aktuelle politiske spørsmål. Han var med og stifta Norsk Kvindesagsforening i 1884 og vart vald til første formann i foreininga. Usemje om kor raskt ein skulle gå fram med å innføre kvinneleg røysterett, gjorde at han trekte seg alt året etter.

Som formann i Norsk Ligbrændingsforening frå 1891 fekk Berner gjennom at kremering frå 1898 skulle vere lovleg i Noreg. Dei frivillige skyttarlaga, juryordninga og internasjonal skilsdom var andre saker han engasjerte seg sterkt i. Han var ein typisk demokratisk reformator, som brukte dei juridiske evnene sine til å nå politiske mål.

Hagbard Berner står som representant for ein av dei viktigaste generasjonane i norsk politisk historie. På nokre få tiår gjekk dei frå absolutt opposisjon til gradvis posisjon og utvikla seg politisk gjennom tre fasar: frå mobilisering til organisering, og frå organisering til strukturering. Hagbard Berner var ein sentral deltakar i alle dei tre fasane av dette politiske eventyret.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl m.fl.: Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år. Oslo 1993
  • Sindre Hovdenakk: Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid. Oslo 2007

Faktaboks

Hagbard Berner
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392063043

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg