Artikkelstart
Bergens Tidende er ei dagsavis i Bergen, grunnlagd 1868, som kjem ut måndag til laurdag i papirformaet og som E-avis om søndagar. Både redaksjonelt og økonomisk er Bergens Tidende det leiande norske mediehuset utanfor Oslo og den dominerande medieaktøren på Vestlandet. Bergens Tidende eig delar av lokalaviser i Vestland fylke, som Askøyværingen, Fanaposten og Vestnytt. Avisa er eigd av Schibsted ASA. Sjefredaktør er Frøy Gudbrandsen.
Bergens Tidende (BT) framstår som eit moderne mediehus, med sterk satsing på nye digitale plattformer. Dei lagar mellom anna fleire podkastar, til eksempel Nokon må gå, der kommentatorar diskuterar aktuelle saker.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.