Fjordabladet

Avishode til Fjordabladet
Fjordabladet.
Landets eldste eksersisplass blei skipa på Nordfjordeid (Eid) i 1628, og etter kvart vaks det fram verksemder innan handel og handverk kring den militære aktiviteten. Husklynga ved Eidselva sitt utløp vaks, og Eid utvikla seg etter kvart til å bli ein viktig skulestad. Fjordabladet sin redningsmann, John Myklebust (1861–1937), var nær knytt til desse viktige lokale institusjonane. Myklebust var krigskommissær då han tok over avisa i 1892. I 1891 fekk han skipa Eid Middelskole, der han sjølv var styrar til 1918, og initiativtakar til at Eids Gymnas kom i gang i 1922. Myklebust var ordførar (1898–1916 og 1922–1923) og stortingsmann for Venstre (1910–1912). Etter at Myklebust forlét Fjordabladet i 1894, har mange andre skulefolk vore redaktørar i avisa.
John Myklebust
Av /John Myklebust jr..
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Fjordabladet er ei dagsavis i Nordfjordeid, grunnlagt 1874, og kjem ut tre gonger i veka. Lokalavis for Eid og områda rundt. Største eigar er Sunnmørsposten. Fjordabladet blei kåra til Årets lokalavis i 1994. Redaktør: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Historie

Etter ei kort periode i Bergens Tidende flytta juristen Otto Blehr (1847–1927) til Eid i 1872 for å vikariere som sorenskrivar i Nordfjord. Den komande statsministeren skjønte kva makt som låg i det trykte ord i kampen for liberale og nasjonale idear, og i november 1873 tok han initiativ til lutlaget som danna grunnlaget for den fyrste avisa i Nordfjord. Avisa skulle ut i januar, men oppstarten av boktrykkeriet til ingeniør Dahl måtte utsetjast. Difor leid det på sommaren 1874 før bladstyrar Edvard Kr. Storm Blom kunne sende ut fyrste nummer av Fjordenes Blad, som førebels blei trykt i Bergen.

Blom var fødd i Stavanger, utdanna jurist og eitt år yngre enn Blehr. Medan Blehr kort tid etter flytta til eit nytt embete i Sogn og starta ei ny avis, skapte Blom ei sverdrupsk opposisjonsavis som blei teken godt imot av nordfjordingane. Blom forlét eit blad i medgong i 1882. Dei neste åra hadde boktrykkarane Dahl, Marthinussen og Olsen bladstyraransvaret etter tur, heilt til Mons Syltevik overtok i 1885. Syltevik var frå Geiranger og tok med seg sine tungsindige sunnmørske indremisjonsverdiar inn i avisa. Brotet med fortida førte avisa lukt mot stupet, abonnentane likte slettes ikkje at bladet la seg på den oftedølske lina. Syltevik slutta tidsnok til at avisa kunne reddast. I 1892 overtok den omtykte krigskommissæren John Myklebust og førte avisa tilbake til reine Venstre. Overgangen til offentleg aksjeselskap i 1895 bidrog til å føre avisa vidare framover.

Fjordenes Blad rådde grunnen aleine i fleire tiår, men fekk etter kvart konkurranse frå aviser som etablerte seg ytst (Måløy 1910) og inst (Stryn 1929) i Nordfjorden. Desse la seg til høgre for Fjordenes Blad, sosialistane har aldri klart å få til noko avis i denne delen av fylket. I 1920 skifta avisa namn til Fjordabladet, slik det høvde seg for eit Venstre-organ midt i nynorsken sitt kjerneområde. Sidan 1911 hadde avisa kome ut tre dagar i veka. Etter krigsstansen auka ho frå to til tre utgåver fyrst i 1974.

Fjordabladet sitt opplag har auka lite sidan 1945, i motsetnad til konkurrerande aviser i nabolaget. Abonnentane er blitt relativt færre, både i aust og i vest, og er i dag stort sett å finne i Eid kommune. Fjordabladet har i dag fleire hundre lokale aksjonærar som eig om lag 60 prosent. I tillegg har også Sunnmørsposten og Fjordingen eigendelar i avisa.

Opplag

År Opplag
1920 2400
1932 1500
1952 2200
1960 2383
1970 2421
1979 2296
1989 2981
1998 2911
2008 2800
2015 2423

Fakta

  • Fjordenes Blad: fyrste nr. 10.7.1874, Siste nr. 30.6.1920.
  • Skifta namn til Fjordabladet 12.7.1920. Førebels siste nr. 31.3.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 17.5.1945.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

  • Sandnes, Astrid, m.fl.: Fjordabladet gjennom 100 år, 1975, isbn 82-7128-007-4, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg