Sogns Tidende

Sogns Tidende var ei avis som kom ut frå 1878. Sogns Tidende blei tatt opp i avisa Sogn og Fjordane i 1947.

Historie

Etter at Otto Blehr hadde drege i gong Fjordenes Blad i 1874, flytta han til Lærdal i Sogn. Der gifta han seg med kvinnesaksforkjemparen Randi Marie Nilsen og opna advokatpraksis. Sogn var utan avis, og i 1878 fann Blehr ut at han trengte eit talerøyr som kunne fremje hans politiske karriere. Etter vel eitt år som bladstyrar i Sogns Tidende forsvann Blehr ifrå avisa, og fann seg etter kvart godt til rette i rikspolitikken.

Venstre-avisa Sogns Tidende møtte sporadisk konkurranse rundt 1890, men fekk ein varig konkurrent fyrst med Høgre-avisa Sogningen, skipa i Vik i 1897. Sogns Tidende blei ei tidleg nynorskavis, men blei eit fullt utvikla mål blad fyrst etter fusjonen med bladet Sygna, då Sogns Tidende flytta til Sogndal i 1903. Sygna var også eit Venstre-organ, men blir rekna som det fyrste reine nynorskbladet i landet.

Gjennom samanslåinga med Jens Kvåle si meir eldfulle og radikale Venstre-avis blei Sogns Tidende justert i pakt med regionen sitt gemytt. Avisa kom no under påverknad av norskdomsradikale Sogndal, slik blei Sogns Tidende snart ein markant aktør i samtidas kulturkamp. Sogns Tidende fekk eit solid løft i kjølvatnet av unionsrøystinga og var i Sogn sterkt medverkande til mobiliseringa for republikk.

I tråd med god nynorsk sløyfa avisa e-endinga i Tidende i 1927. Fram til 1932 fekk Sogns Tidend ha Indre Sogn for seg sjølv. Avisa møtte rett nok konkurranse frå Sogns Socialdemokrat i Lærdal i 1919. Men det trugsmålet blei varig svekka då partiet flytte den seinare kommunistavisa frå Indre til Ytre Sogn. Ved innleiinga til 1930-talet hadde Sogns Tidend stordomstida bak seg. Avisa tapte til den sosialliberale avisa Sogn, seinare Sogn og Fjordane, også ei slags Venstre-avis, men med høveleg distanse til partiet.

Jens Kvåle klarte ikkje å sikre overgangen til generasjonen etter seg. Den gamle bladkjempa tapte også produksjonsteknisk terreng gjennom 1930-ta- let. Avisa gjekk inn under krigen. Etter krigen måtte avisa setjast for hand.

Avisa hadde tinga setjemaskin i september 1945, men i januar 1947 var ho enno ikkje komen. Dette var enden på Sogns Tidend.

Forlagsretten til avisa blei kort etter kjøpt av ein boktrykkar i Leikanger og selt vidare til utgjevaren av Sogn og Fjordane, der Sogns Tidend var undertittel til sistnemnde gjekk inn i 1992.

Opplag

År Opplag
1920 2200
1932 2500

Fakta

  • Sogns Tidende: fyrste nr. 1878.
  • Skifta namn til Sogns Tidend i 1927. Førebels siste nr. 31.3.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 17.5.1945. Siste nr. 17.1.1947, deretter opptatt i Sogn og Fjordane.
  • Vestmannen: fyrste nr. truleg 18.4.1896, siste nr. 11.7.1896, skifta namn til Ungdom 18.7.1896, siste nr. 27.9.1901, skifta så namn til Sygna 4.10.1901, siste nr. 20.3.1903, deretter opptatt i Sogns Tidende.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg