Johannes Steen

Faktaboks

Johannes Steen

Johannes Vilhelm Christian Steen

Født
22. juli 1827, Christiania (nå Oslo)
Død
1. april 1906, Voss, Hordaland
Foto fra en gang mellom 1890 og 1900.
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Maleri. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Johannes Steen
Av /※.

Artikkelstart

Johannes Steen var ein norsk politikar frå Venstre. Han var Noregs statsminister i periodane 1891–1893 og 1898–1902.

Steen og Venstre arbeidde for større norsk likestilling i unionen med Sverige. Regjeringa hans gjekk av to gongar i eit forsøk på å presse gjennom eit eige norsk konsulatvesen.

Allereie på sitt første storting vann Steen seg ein plass blant dei leiande innanfor den liberale opposisjonen og vart ein av Stortingets beste talarar. Opphavleg var han ivrig tilhengjar av Johan Sverdrup, men stod frå slutten av 1860-åra i eit visst motsetningsforhold til denne. Frå 1886 vart Steen den samlande skikkelsen for den gruppa av Venstre som var misfornøgd med Sverdrups politiske linje. I 1888 vart han formann i det «reine» Venstre, og i 1891–1893 sjef for ei rein venstreregjering, der han samtidig styrte Finansdepartementet. I perioden 1898–1902 var han på nytt statsminister, og på same tid sjef for Indredepartementet.

Steen var stortingsrepresentant i periodane 1859–1860, 1862–1873, 1877–1888 og 1895–1900. Han var odelstingspresident i periodane 1871–1873 og 1877–1881, og han var stortingspresident i periodane 1881–1888 og 1895–1898.

I åra 1867–1891 var han rektor ved Stavanger katedralskule.

Yrke og utdanning

Steen var utdanna cand.philol., og var den første ikkje-juristen som vart statsminister i Noreg, og han var den eine av tre skulefolk som sat ved statsroret dei første femti åra med statsminister på norsk jord. Han tok artium i Oslo. Til filologisk embetseksamen var han med i det første kullet som tok «Oldnorsk og Modersmaalets Litteratur», og nettopp språkspørsmål kom til å interessere han også som politikar. Mest var han likevel skulemann, og ved sidan av å vere politikar, tidvis på heiltid, så var han skuleadministrator og lærar i 42 år.

Han meinte at den norske skulen burde fjerne seg frå den gamle lekse-eksersisen, puggeskulen, slik at undervisninga lettare kunne tenne det han kalla «Hjærtets Varme» hos elevane. Knapt nokon politikar fekk meir å seie for oppbygginga av folkeskulen og det vidaregåande skuleverket i siste halvdel av 1800-talet. Steen var med som pådrivar i fleire store skulekommisjonar, og han kjempa både i Stortinget og i regjeringa for eit betre skulevesen.

Stortingsrepresentant

Johannes Steen vedgjekk at han flytta til Tromsø for å finne seg ein valkrins der han kunne bli vald til Stortinget, og det gjekk ikkje meir enn fire månader etter at han kom til Tromsø før han vart formann i den nystifta Tromsø Arbeiderforening. Han kom inn i bystyret og vart ordførar frå 1857 til 1862 og frå 1864 til 1865, men ved sidan av dette ville han inn i rikspolitikken, men det var først i 1857 at han var gammal nok – 30 år – til å bli stortingsrepresentant. I valkampen i 1859 la han til og med fram eit program for kva han ville gjere dersom han vart vald. Det var stikk i strid med vanleg praksis at ein sjølv ga uttrykk for at ein ønskte å bli stortingsrepresentant. Det var noko andre skulle kome og be om, og Steen vart bedd om å stille, og han vart vald i 1859. Jomfrutalen hans på Stortinget var ei oppmoding om at det måtte løyvast pengar til «lappiske studier».

Nesten frå første dag kom Johannes Steen inn i flokken rundt Johan Sverdrup, og saman med Ole Gabriel Ueland og Sverdrup utarbeidde han programmet for «Reformforeningen», det første som minte om gruppeorganisering på Stortinget. Meir og meir vart han Sverdrup sin nestkommanderande, og levde nok litt i skuggen. Steen var skeptisk til Sverdrups sterke samrøre med sparepolitikarane og Søren Jaabæks bondepolitikk. Han var mindre strategisk enn Sverdrup og tenkte ikkje alliansebygging på same måten som han gjorde. Dei personlege motsetningane mellom Sverdrup og Steen vart også sterkare med åra. Steen sa meininga si og brukte sterke ord, mens Sverdrup tilpassa seg det som kunne tene saka på lang sikt.

I den konstitusjonelle maktkampen som voks fram utover i 1870-åra, var Steen ein av dei som ikkje ville skjerpe kampen for mykje. Han var meir moderat enn Sverdrup.

I 1866 hadde Johannes Steen blitt utnemnd til rektor ved Stavanger katedralskole, og frå 1868 representerte han Stavanger og Haugesund på Stortinget. Også i Stavanger kom han inn i kommunepolitikken og vart ordførar frå 1872 til 1883 og også fleire gongar seinare. I 1872 vart det sett i gang ein aksjon mot Steen i Stavanger fordi han støtta Sverdrup, og ved valet i 1873 fall Steen ut. Den neste stortingsperioden måtte han vere berre skulemann og lokalpolitikar. Då han kom inn att i 1877, var han 50 år og hadde nok mildna i forma. Han uttrykte frykt for at Sverdrup skulle «løpe løpsk», men for Sverdrup vart Steen meir og meir verdfull. Sverdrup visste at dersom Steen godtok noko, kunne han rekne med å få støtte frå også den moderate delen av venstresida. Steen fungerte som Sverdrups politiske barometer, men det personlege tilhøvet mellom dei var aldri godt.

Statsrådssaka og Sverdrup-regjeringa

Johannes Steen kom i fokus under statsrådssaka i 1883–1884. Då vart det frå høgresida hevda at han så seint som i 1880 hadde uttalt seg til ein kollega som om han godtok at kongen hadde absolutt veto i lovsaker, men under eid avsanna Steen at han hadde sagt noko slikt. I høgrepressa vart han skulda for å ha vitna falskt, og kong Oscar 2. la på grunn av denne hendinga nærast ned veto mot at Steen skulle bli statsråd i Sverdrup si regjering. Mange, inkludert kongen, meinte at Steen burde ha reist sak mot dei som skulda han for å ha vitna falskt, for på den måten å fri seg frå skuldinga, men det ville han ikkje.

Det var bittert for Steen å stå utanfor Sverdrup-regjeringa. Som eit slags plaster på såret vart han stortingspresident og hadde æra av å ønskje Sverdrup og statsrådane velkomne i stortingssalen for første gong.

Reine Venstre

Frå 1885 og utover vart det dårlege forholdet mellom Sverdrup og Steen endå verre. Steen var no parlamentarisk leiar for Venstre, og måtte meir og meir balansere mellom fraksjonane i partiet. Til slutt fall han ned på den «reine» sida, men ikkje heilhjarta.

I januar 1888 var Steen med på å oppløyse den gamle venstreforeininga i Stortinget, men han ville likevel halde ei bru open mot dei moderate Venstre. Seinare same året måtte han brenne brua. Då fremja han mistillitsforslag mot den gamle kampfellen sin, Johan Sverdrup. I hjartet sitt sto han kanskje framleis i sentrum, men der vart han ståande åleine. Det at han gjekk over til Reine Venstre gjorde også at han ved valet i 1888 vart kasta som stortingsrepresentant frå Stavanger. Der var det dei moderate «oftedølene», tilhengarane av presten Lars Oftedal, som tok mandata.

Då Steen i 1889 vart vald til formann i Reine Venstre, var han ikkje lenger med i Stortinget. I staden hadde han blitt ordførar i Stavanger. 23. februar 1891 vart regjeringa Emil Stang felt i Stortinget. I synet på unionspolitikken sto dei to Venstre-partia saman – dei ønska begge større likestilling for Noreg i unionen med Sverige. Steen vart telegrafisk bodsendt i Stavanger. Han måtte møte i Kristiania straks, og visste då at det endeleg hadde blitt hans tur til å skipe regjering.

Målet hans var å skipe ei brei regjering med både moderate og «reine» venstremenn. Fleirtalet i hans eige parti avviste dette. Dei moderate som hadde vore med på å felle regjeringa Stang, vart støytt ut i mørkret. Berre «reine» venstremenn kom med i regjeringa. Taktisk var nok det ein tabbe. Moderate Venstre kjende seg sett til side, og dreiv meir i retning Høgre.

Statsminister 1891–1893

Steen var 64 år då han vart statsminister første gongen, den 6. mars 1891. Han visste at det var med stor motvilje kongen hadde utnemnd han. Han vart heller aldri særleg god ven med kongen. På Venstre-landsmøtet det året vart det vedteke eit partiprogram der kravet om ein aktiv unionspolitikk var den viktigaste saka. Dernest kom kravet om røysterett for alle vaksne menn. Den nye radikalismen i Venstre slo først igjennom i lokallaga. Mange lag var særs nasjonalistiske, andre meir prega av sosialliberale idear. Både den første og andre regjeringa Steen vart langt på veg kontrollert av radikale partiaktivistar, og Steen var ikkje sterk nok til å ta føringa sjølv.

Unionsaktivisme

Postkort fra 1904 med påskriften «Eget Konsulatvæsen» på det norske flagget, tegnet av Olaf Krohn. Striden om innføringen av eget norsk konsulatvesen under unionen med Sverige ble den formelle årsaken til unionsoppløsningen i 1905.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Det var aktivistane som gjorde framlegg om at Venstre skulle programfeste eigen norsk utanriksminister. Sidan ein union ikkje kan ha to utanriksministrar, var ein slik programpost eigentleg eit krav om å bryte ut av unionen med Sverige. Den gamle Venstre-lina om likestilling i unionen var no endra til ei langt meir offensiv line, og Steen vart driven med. Kravet om eigen utanriksminister var indirekte stilt, men tydeleg nok til at veljarane ga Venstre ein knusande valsiger i 1891. Etter valet vart programposten om eigen utanriksminister lagt på is, og der låg han heilt til unionen vart oppløyst i 1905. Leiinga i Venstre innsåg det fåfengde i kravet, og i staden vart eige norsk konsulatvesen den nye merkesaka (konsulatsaka). Dette kravet var alle parti samde om. Politisk måtte difor Venstre velje noko meir. Ein pågåande unionspolitikk var saka som heldt regjeringa saman.

I 1892 vart det slege fast av Venstre-fleirtalet i Stortinget at eit eige norsk konsulatvesen kunne opprettast av Noreg åleine, utan å ha drøfta saka med svenskane eller oppnådd semje med det. Dette vedtaket nekta kongen å sanksjonere, men før han rakk å gjere det formelt i statsråd, gjekk regjeringa Steen av den 29. juni 1892. Dermed kunne ikkje kongen få statsministerens kontrasignatur på si nekting, og ho var difor ikkje gyldig. Det var tilsvarande framgangsmåte som vart nytta då unionen omsider vart sprengt i 1905.

Dette knepet kunne fungere berre dersom kongen ikkje fekk nokon annan til å skipe regjering. I 1892 hadde Venstre fleirtalet og kunne blokkere for ei Høgre-regjering. I tillegg vedtok fleirtalet i Stortinget å legge ned arbeidet sitt. Nasjonalforsamlinga streika i protest mot kongemakta. Det vart skipa til folketog og folkemøte, og Emil Stang prøvde å stable på beina ei Høgre-regjering, men det gjekk ikkje. Landet sto på kanten av ei konstitusjonell krise, og regjeringa Steen hadde ingen annan utveg enn å snu. Regjeringa trekte avskilssøknaden tilbake og konsulatsaka vart utsett.

Trass i nederlaget, prøvde Venstre seg igjen året etter. Det same kravet om konsulatvesenet vart sett fram på nytt i statsråd 22. april 1893, og før kongen fekk høve til å nekte sanksjon, gjekk regjeringa Steen av, men denne gongen hadde han avtalt med Emil Stang om at han skulle skipe regjering. Den 2. mai vart høgreregjeringa utnemnd.

Stang og Hagerups regjeringar

Under hendingane i førstninga av 1893 viste Johannes Steen sviktande evne til førarskap. I rådville tider for regjeringa var Steen den mest rådville av dei alle. På nytt hadde Venstres unionsaktivisme stanga hovudet mot veggen, og det er liten tvil om at både i spørsmålet om eigen utanriksminister og i konsulatsaka så førde partiet ein uansvarleg politikk. Mykje kan forklarast med manglande røynsle med saker av utanrikspolitisk karakter. I frustrasjon over feilvurderinga si vende Venstre no harmen sin mot Høgre og Stang si mindretalsregjering. Ei rekkje mistillitsframlegg kom, men Stang brydde seg ikkje om dei.

Stortingssesjonane 1893 og 1894 vart ei kamptid som minte om tida før 1884. Valet hausten 1894 vart om lag uavgjort, etter ein valkamp og ei valdeltaking som er utan sidestykke. Statsminister Emil Stang hadde ikkje fått den støtta frå veljarane som han ba om, og søkte avskil i januar 1895. Kongen vende seg så til Steen, men stilte slike vilkår for ei ny Venstre-regjering at Steen avviste dei tvert. Krisa var dermed like fastlåst, og igjen var Steen bortimot handlingslamma. Frykta tok til å breie seg om at svenskane ville bruke våpenmakt mot ein ulydig unionspartnar.

Presset var nok til at Venstre kløyvde seg. Den 7. juni 1895 vart det mot berre 24 av dei mest aktivistiske venstrestemmene i Stortinget vedteke å innleie forhandlingar med Sverige. Steen støtta vedtaket. Ei koalisjonsregjering vart skipa under leiing av justisministeren i Emil Stang si regjering, Francis Hagerup. Dermed vart striden om unionspolitikken lagt på is nokre år.

Statsminister 1898–1902

Johannes Steens andre regjering (1898–1902). Steen sitt som nummer to frå venstre. Nummer tre frå venstre på same rad er Otto Blehr. På bakerste rad står mellom andre Gunnar Knudsen (nummer en frå venstre) og Jørgen Løvland (nummer fire frå venstre).
Av /Nasjonalbiblioteket.

Varsemd i unionspolitikken

Steen vart attvald som representant i 1897, denne gongen frå Mjøsbyane. Venstre vann valet og fekk meir enn to tredjedels fleirtal. Det var utenkjeleg med anna enn ei Venstre-regjering, og Steen vart på nytt utnemnd til statsminister den 17. desember i 1898. Parlamentarismen var etablert på nytt, etter fem års pause. Med seg i den nye regjeringa tok han mange av sine tidlegare statsrådar. Om lag samstundes med skiftet vart det klart at unionsforhandlingane med Sverige hadde blitt resultatlause. Noreg og Sverige sto kvar på sitt i konsulatsaka. Regjeringa Steen starta ei opprusting av det norske forsvaret, mellom anna vart to panserskip sett i bygging. Regjeringa fekk fullmakt til å ta opp eit statslån på heile 20 millionar kroner som skulle nyttast til opprustning.

Varsemd i unionspolitikken og opprustning var regjeringa sitt program. Alderen tok no til å merkast på Johannes Steen. Han var over 70 år. Manglande handleevne og sviktande førarskap frå Steen vart etter kvart brukt i kritikken mot regjeringa. Bjørnstjerne Bjørnson skreiv at Steen hadde blitt for «tung i sessen». Til slutt vart han pressa til å trekkje seg, 21. april 1902. Då var han 75 år gamal.

Ved Steens avgang løyvde Stortinget han ein «nasjonalpåskjønning» på 6000 kroner årleg.

Dei siste åra budde han hos svigersonen sin på Voss. Der døydde han 1. april 1906. Han fekk altså oppleve at unionen vart oppløyst.

Steen fekk Storkors av St. Olavs orden i 1892.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sunnanå, Olav: Johannes Steen : opposisjonspolitikaren, 1966, Finn boken
  • Sunnanå, Olav: Johannes Steen : statsminister og parlamentarisk førar, 1967, Finn boken
  • Sunnanå, Olav: Johannes Steen : politikaren frå 1880-åra, 1969, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg