Faktaboks

Jørgen Løvland

Jørgen Gunnarson Løvland

Fødd
3. februar 1848, Evje
Død
21. august 1922, Oslo
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Gunder Olsen Løvland (f. 1811) og Siri Eilifsdatter Åneland (f. 1812).

Gift 9.12.1884 med lærer Laura Mathilde Torkildson (22.7.1851–19.6.1938), datter av trelasthandler, stadshauptmann Tørres Torkildson og handlende Berthe Marie Ellefsen (f. 1811).

Farbror til Helge Løvland (1890–1984).

Jørgen Løvland

Jørgen Gunnarson Løvland var statsminister frå 23. oktober 1907 til 19. mars 1908. Løvland var Noregs første utanriksminister, eit verv han hadde i perioden 1905–1908.

Jørgen Løvland
Av /※.

Jørgen Gunnarsson Løvland var ein norsk politikar for Venstre. Han var statsminister frå 23. oktober 1907 til 19. mars 1908.

Løvland var ein av Noregs mest sentrale politikarar i nær 35 år. Frå 1886 deltok han i den prosessen som gjorde om venstrenasjonalismen frå ei rørsle for auka indre sjølvstyre innanfor unionen med Sverige til ei rørsle for norsk sjølvstende.

Som Noregs første utanriksminister, eit verv han hadde i perioden 1905–1908, la han premissane for Noregs forhold til framande makter på 1900-talet. Han spelte ei sentral rolle i sambandet med valet av Haakon 7. til norsk konge etter unionsoppløysinga i 1905. Seinare var han ein viktig pådrivar for den kulturelle frigjeringa frå Danmark. Han avslutta den politiske karrieren sin som kyrkje- og undervisningsminister frå 1915 til 1920.

Han var også formann i Noregs Mållag.

Bakgrunn

Jørgen Løvland kom frå jamt velståande bondefolk i Setesdal. Både onkelen hans og onkelen til mora hadde vore stortingsrepresentantar, og Løvland sjølv var tremenning til og jamaldring med ein annan sørlending som skulle bli ein stor politikar, Gunnar Knudsen. Det vart diskutert mykje politikk i familien, og det var Ole Gabriel Ueland og seinare Søren Jaabæk som var heltane der i garden.

Heilt frå barndomen hadde Løvland ein brennande lesehug. Presten i heimbygda la merkje til guten og tenkte å få han til den lærde skulen i Kristiansand, men det vart for dyrt. 16 år gamal reiste han i staden til seminaret – lærarskulen – på Holt. Det tok han på berre eitt år, og gjekk ut med utmerking i 1865.

I nærmare 20 år arbeidde han i skulen, først som lærar i folkeskulen i Kristiansand frå 1866 til 1878, deretter som rektor ved den nye amtsskulen i Nedenes, ei stilling han hadde til 1884. Han var redaktør av Christianssands Stiftsavis frå 1884 til 1892. I 1908 vart han tollskrivar i Oslo, og frå 1910 tollkasserar. I alle desse åra som lærar nytta Løvland all si fritid til å lære meir. Han studerte språk på eiga hand og han grov seg ned i norsk historie.

Løvland vart ikkje berre den første utanriksministeren i Noreg. Han vart også den første statsministeren utan akademisk utdanning. Bortsett frå eittårig lærarutdanning var han sjølvlært, og han studerte heile livet. Han kunne både meir historie og meir språk enn dei fleste i samtida si.

Stortingsrepresentant

Jørgen Løvland
Portrett av Jørgen Løvland, måla av Halfdan Strøm 1907. Biletet er i Stortingets eige.
Av /Stortinget.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Karlstadforhandlingane
Løvland spilte en sentral rolle under unionsoppløysinga i 1905. Norske og svenske delegatar under Karlstadforhandlingane, 23. september 1905. Ståande frå venstre: sekretær Johannes Hellner, Hjalmar Hammarskjöld, Karl Staaff, sekretær Carl Berg, Benjamin Vogt og Andreas Urbye. Sittande fra venstre: Fredrik Wachtmeister, Christian Lundeberg, Christian Michelsen, Carl Berner og Jørgen Løvland.

Løvland var stortingsrepresentant for Venstre i periodane 1886–1888, 1892–1897 og 1913–1915. Han var odelstingspresident i perioden 1892–1897, og stortingspresident i i perioden 1913–1915. Han var medlem av Johannes Steens anna regjering frå 1898. I 1898–1899 var han sjef for Arbeidsdepartementet, i 1899–1900 medlemmer av statsrådsavdelinga i Stockholm, deretter var han igjen arbeidsminister til 1903.

Splittinga av Venstre

Løvland vart først vald til Stortinget for Venstre ved valet i 1885. I den indre striden i partiet i åra framover sto Løvland klart på politiske lina til den fløya som vart kalla Reine Venstre, men han hadde vondt for å akseptere kløyvinga i partiet, og saman med Otto Blehr var han difor leiar for den gruppa som vandra litt mellom begge leirane. Denne gruppa vart kalla «nomadane».

Som stortingsmann støtta Løvland i 1888 eit krav om omorganisering av regjeringa slik at ho kunne samle det parlamentariske fleirtalet av Venstre. Det førte til Johan Sverdrups fall og Johannes Steens leiarskap og regjeringsdanning i 1891, og dermed til den unionspolitiske radikaliseringa i Venstre. Løvland orienterte seg politisk i retning av dei mest kompromisslause radikalarane og støtta kravet frå Wollert Konow (H) om eigen norsk utanriksminister uansett følgja.

Samferdselspolitikar

Løvlands viktigaste innsats i norsk politikk i 1890-åra var likevel som samferdselspolitikar. Han var oppteken av dei revolusjonerande transport- og kommunikasjonsmidla i tida – jernbanen, telefonen og telegrafen – med potensiala deira for å binde saman landa kulturelt, økonomisk og sosialt. Som formann i Stortingets jernbanekomité revitaliserte han jernbaneutbygginga i 1890-åra etter stillstanden i 1880-åra. Han kjempa for Setesdalsbana, mens den seinare statsministeren Christian Michelsen kjempa for Bergensbana. Dei vann fram begge to. I 1894 hadde Løvland ansvaret for det store jernbanekompromisset, som samordna jernbaneutbygginga og la grunnen for det stambanenettet som landet framleis har. Han hevda urokkeleg at bygging og drift av infrastruktur var eit samfunnsansvar, både av omsyn til den geografiske og sosiale rettferda og av militære grunnar. Dette prinsippet styrte òg leiinga hans av Arbeidsdepartementet i fleire regjeringar mellom 1898 og 1903.

Unionspolitikar

Som stortingsmann interesserte Løvland seg i første rekkje for unionspolitikken. Han var blant dei som ønska auka grad av norsk sjølvstyre innanfor unionen med Sverige. Venstre erkjende i 1890-åra at eigen utanriksminister ville bety oppløysing av unionen og derfor ikkje kunne aksepterast av Sverige. I staden kravde Stortinget eit nasjonalt konsulatvesen.

I 1892 gjekk Løvland sterkt inn for at Konsulatsaka ikkje måtte utsetjast. Han ville ta kampen med svenskane med ein gong. Han var også ein ivrig tilhengar av eit sterkt forsvar, og såg ein naturleg samanheng mellom dette og det faktum at han var ein av dei sterkaste talsmennene på Stortinget for fredssaka. Han kom med i Johannes Steen si regjering i 1897, og vart arbeidsminister. Eitt år, 1899–1900, var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Det skulle gi nytting innsikt til då han seinare fekk same jobben i Christian Michelsen si regjering. Han nytta opphaldet i den svenske hovudstaden til å lære seg fransk og til å studere svensk politisk historie. Sommaren 1900 kom han heim att og vart arbeidsminister fram til Steen gjekk av, og same posten hadde han i Otto Blehr si første regjering (1902–1903).

Då venstrenasjonalistane hevda at norske statsrådar hadde plikt til å nekte å kontrasignere kongelege vedtak som dei var usamde i, var unionstvisten med kongen og Sverige bringa inn i det sporet som leidde til unionsoppløysinga i 1905. Løvland støtta dette sporet konsekvent og kompromisslaust. I yngre år var Løvland republikanar, men i 1905 kjempa han for kongedøme. Han gjorde det klart at Venstres tradisjonelle republikanisme måtte leggjast til side for å roe stormaktene om at unionsoppløysinga ikkje betydde revolusjon.

Først fekk kong Oscar 2. tilbod om å la ein av sønene sine overta den ledige norske trona («Bernadotte-tilbodet»), eit tilbod som straks blei uformelt avvist. Regjeringa gjekk derfor inn for å få den danske prinsen Carl til ny norsk konge, fordi denne var gift med den britiske prinsessa Maud og dermed kunne sikre Noreg politisk støtte på kort og lang sikt. Det var også Løvland som utifrå si store historiske interesse gjorde framlegg om at prins Carl burde ta namnet Haakon og at sonen burde få namnet Olav.

Norsk statsminister i Stockholm (1905)

Sjølv om han hadde 20 års virke i norsk toppolitikk bak seg før 1905, var det likevel det året som kom til å gi Jørgen Løvland ein viktig plass i norsk historie. Løvland var ein av dei første Christian Michelsen vende seg til då han fekk i oppdrag å skipe regjering i mars 1905. Løvland aksepterte den vanskelege posten som statsminister i Stockholm. Det var nettopp hans kjennskap til Sverige og til kongen som vart utslagsgivande, og det var Løvland som på vegner av regjeringa førte tingingar med kongen og kronprinsen. Som statsminister i Stockholm den vanskelege oppgåva med å leggje fram det norske vedtaket til konsulatlov.

Det fall i Løvlands lodd å prøve å få kongehuset til å forstå at sanksjonsnekting i konsulatsaka ville føre til at regjeringa gjekk av og at det ikkje ville vere mogleg å finne noka erstatning for ho. Etter at kongen likevel valde å nekte sanksjon, og Stortinget 7. juni fastslo at han dermed hadde slutta å fungere som norsk konge, deltok Løvland i Karlstad-forhandlingane.

Noregs første utanriksminister (1905–1908)

Den norske regjering 1905
Christian Michelsens regjering i 1905, der Jørgen Løvland var utanriksminister. Foran frå venstre: Wilhelm Olssøn (H), Sofus Arctander (V), Michelsen (Samlingspartiet), Jørgen Løvland (V), Gunnar Knudsen (V), Aasmund Halvorsen Vinje (Moderate Venstre). Bak frå venstre: Harald Bothner (V), Edvard Hagerup Bull (H), Kristofer Lehmkuhl (Samlingspartiet), Christopher Knudsen (H).
Av .

Den 7. juni 1905, som ein del av lausrivingspakka, vart Utanriksavdelinga i Handelsdepartementet skilt ut, og det var denne som vart grunnvollen i det nye Utanriksdepartementet. Løvland vart Noregs første utanriksminister, formelt først frå 27. november, men i praksis allereie frå 15. juni.

Løvland organiserte eit sjølvstendig norsk utanriksdepartement. I dette arbeidet fekk han hjelp av blant andre diplomatane Helmer Bryn, Thor von Ditten og Fritz Wedel Jarlsberg. Dei skapte eit departement beståande av ei avdeling for diplomatiske saker og ein for handelssaker, ei inndeling som blei kritisert som lite passande for eit land med store handelspolitiske og påstått ubetydelege «politiske» interesser.

Bjørnstjerne Bjørnson tala sterkt mot at Noreg skulle ha eiga utanriksteneste. Han meinte at den beste utanrikspolitikken er «ingen udenrikspolitik at have». Det hadde då også vore Noregs offisielle line sidan midten av 1890-åra, men i 1905 utforma Løvland det som skulle bli grunnlaget for norsk utanrikspolitikk i lang tid framover, den såkalla Løvland-doktrinen. Han sa seg samd i at berre ein norsk nøytralitetspolitikk kunne halde landet «udenfor deltaking» i framtidige konfliktar mellom «dei europæiske krigarstatar». Men målet om nøytralitet kravde etter hans oppfatning ein aktiv utanrikspolitikk.

Integritetstraktaten (1907)

Etter unionsoppløysinga og kongevalet var hovudsaka å få i stand ei erstatning for den antirussiske novembertraktaten av 1855, som fall bort fordi han var inngått mellom vestmaktene og dei sameinte rike Noreg og Sverige. Løvland leidde dette diplomatiske arbeidet, som resulterte i integritetstraktaten i 1907 mellom Noreg og alle dei nordeuropeiske stormaktene. Forhandlingane viser at Løvlands hovudformål primært var å få den britiske garantien mot Russland, generelt å «sætte os udenfor» dei europeiske intrigane til stormaktene, og dessutan å få stormaktenes «godkjenning» av unionsoppløysinga. Traktaten blei dårleg motteken i Sverige, og i Noreg blei han kritisert som ein falsk tryggleik. Den blei då også sagt opp så snart det var mogleg og fall bort i 1924/1928.

Historikarane har nyansert den harde dommen til samtida over «den løvlandske papirpolitikk». Integritetstraktaten kunne tolkast som ein internasjonal garanti av unionsoppløysinga i 1905. Traktaten kunne òg sjåast på som ei verbalisering av viljen til stormaktene til å respektere norsk integritet. Endeleg verka den som eit forsøk på å binde Storbritannia til å forsvare Noreg mot andre stormakter. Integritetstraktaten kan tolkast som eit kollektivt dekke framfor den uformelle britiske garantien av Noregs tryggleik som var søkt etablert ved kongevalet i 1905.

Statsminister (1907–1908)

Regjeringa Løvland

Jørgen Løvland var Noregs statsminister frå 1907 til 1908. Stjande frå venstre: Sven Aarrestad (V), Sofus Arctander (V), Jørgen Løvland (V), Abraham Berge (V) og Jørgen Brunchorst (uavhengig). Ståande frå venstre: Karl Friederich Griffin Dawes (V), Johan Magnus Halvorsen (Moderate Venstre) og Johan Olaf Bredal (liberal).

Då Michelsen trekte seg som statsminister 28. oktober 1907 som følgje av helseproblem, insisterte Michelsen på at Løvland måtte ta over som regjeringssjef. I utgangspunktet ville ikkje Løvland det, men bøygde seg til slutt, av lojalitet til Michelsen. Å ta over etter den folkekjære Michelsen var inga lett oppgåve. Det hadde etter valet i 1906, som var eit vonbrot for Samlingspartiet, vorte klart at regjeringa Michelsen sat på nåde. Det kom også regjeringa Løvland til å gjere, og Jørgen Løvland sa til statsrådane då han spurte dei om å bli med i regjeringa hans, at det truleg ikkje kom til å bli eit langvarig oppdrag.

Løvlands første og einaste regjering vart då heller inga langvarig regjering, og ei sterk regjering vart ho heller ikkje. Han gjekk inn for ein brei samlingspolitikk, men fekk sterke krefter i Venstre mot seg. Når Michelsen var borte, ramla samlingspolitikken saman, og Løvland prøvde å få regjeringa si godkjend som ei Venstreregjering. Det gjekk ikkje. Den nye Venstre-leiaren, Gunnar Knudsen, reiste eit piggtrådgjerde mellom partiet og Løvland-regjeringa. Det skjedde då Knudsen og Johan Castberg på nyåret i 1908 gjekk saman om å løyse opp Stortingets Venstreforening og i staden skipa Det konsoliderte Venstre. I det Venstre var det ikkje plass for dei som sat i regjeringa. I trontaledebatten i mars 1908 vart det klart at både Venstre og sosialistane kvar for seg ville røyste mot regjeringa, og dermed utgjere eit negativt fleirtal. Det var lettare å felle Løvland enn det ville ha vore å ha felt Michelsen. 19. mars gjekk Løvland av, og ba kongen vende seg til Gunnar Knudsen. Løvland og Knudsen var på det tidspunktet 60 år gamle, dei var tremenningar, men ikkje spesielt gode vennar, og Knudsen hadde stilt spørsmål ved om Løvland i det heile tatt burde ha blitt statsminister. Gunnar Knudsens første regjering overtok i 1908.

Formann i Noregs Mållag og språkpolitikar

Løvland hadde allereie i 1880-åra gått inn for likestilling mellom dei to målformene riksmål og landsmål, og han stod bak det første stortingsvedtaket som blei formulert på landsmål (1886). Han var pådrivar for rettskrivingsreforma i 1907 og innføringa av sidemålsstil til examen artium same år. Begge desse vedtaka var ledd i det kulturelle lausrivingsarbeidet frå Danmark som skulle fullføre den politiske sjølvstendiggjeringa frå Sverige, eit arbeid som blei hovudsaka for Løvland i siste del av hans lange politiske liv.

Som formann i Noregs Mållag frå 1909 stod Løvland som den fremste talsmannen til målsaka. Då han på nytt vart innvald i Stortinget i 1913, gjekk den gamle mannen over til å nytte nynorsk både i tale og skrift. Han var så oppteken av at også språket måtte få sitt «7. juni-vedtak». Med andre ord at det norske språket måtte lausrivast frå dansk. «Fornorskingskravet» hans gjekk visstnok så langt i Michelsen-regjeringa at han reiste framlegg om at ein burde skifte namn på Karl Johans gate.

Han vart raskt tilgitt i Venstre, og då Gunnar Knudsen i 1913 skipa den andre regjeringa si, ønskte han primært å få Løvland som utanriksminister. Dette vart det ikkje noko av. Løvland sjølv ønskte å bli stortingspresident, ikkje minst med tanke på å kunne representere og tale ved den store markeringa av grunnlovsjubileet i 1914. Han vart då også den første stortingspresidenten som nytta nynorsk.

Kyrkje- og undervisningsminister (1915–1920)

I perioden 1915–1920 var Løvland kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsens anna regjering. Igjen var det språksaka som lokka, og det vart sagt om han at han gjorde departementet om til eit kulturdepartement.

Rettskrivingsnemnda

I 1916 sette han ned ei ny rettskrivingsnemnd, og ga denne i oppdrag å få til ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål (samnorsk). I 1917 vart resolusjonen om ei ny rettskriving vedteke. Frå fleire hald vart det reist sterk kritikk mot Løvland for dette. Ein storm reiste seg både frå riksmålssida og frå dei nynorskfolka som ville halde på Ivar Aasen-normalen.

I 1918 fekk også Løvland gjennomført ei fornorsking av det norske namneverket. Dei administrative nemningane amt og stift vart erstatta med nemningane «fylke» og «bispedømme» i 1918. Fylka og bispedømma fekk att sine gamle norske namn, til dømes Bjørgvin, Nidaros og Hålogaland. Også dette skapte storm, og det er liten tvil om at desse sakene, i tillegg til at Venstre hadde programfesta brennevinsforbod, medverka til at partiet gjekk kraftig tilbake ved valet i 1918, og at det nesten vart utan mandat i byane. Løvland sat som kyrkje- og undervisningsminister fram til regjeringa Gunnar Knudsen gjekk av sommaren 1920. Då var både Løvland og Knudsen 72 år gamle.

Nobelkomiteen

Heilt frå stiftinga i 1897 og til sin død var Løvland medlem av Nobelkomiteen, frå 1901 som formann. Han var med og delte ut fredsprisen i over 20 år. Samtidig var han ein sterk forsvarsvenn og medlem av Noregs forsvarsforeining frå stiftinga i 1886. Også freds- og forsvarsengasjementet var ledd i det som var Løvlands eiga oppsummering av sitt livslange politiske virke: «uppattreisinga av det heilt norske» og forsvaret av Noreg mot alle utanlandske truslar.

Utnemningar

Jørgen Løvland blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1898, han fekk kommandørkorset av 1. klasse i 1900 og storkors i 1907. Han hadde òg storkors av Dannebrogordenen og den franske Æreslegionen, og var innehavar av ei rekkje andre utanlandske ordenar. Løvland døydde i 1922 og er gravlagd i ÆreslundenVår Frelsers gravlund i Oslo.

Utgivingar

  • Menn og minner fra 1905, 1929

Avbildningar

  • Måleri (halvfigur) av Halfdan Strøm, 1907; Stortinget, Oslo
  • Måleri (brystbilde) av Henrik Lund, 1922; Utenriksdepartementet
  • Byste (bronse) av Ingemund Berulvson, 1955; Wergelandsparken, Kristiansand
  • Statue (bronse, helfigur) av Ingemund Berulvson, 1976; Evje sentrum

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Berg, Roald: Norge på egen hånd 1905–1920, bind 2 i Norsk utenrikspolitikks historie, 1995
  • Berg, Roald: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 6, 2003
  • Bergsgård, Arne: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 8, 1938
  • Dybing, Anders: Jørgen Løvland og unionsoppløsningen i 1905, Valle 2000
  • Fuglum, Per: Én skute – én skipper. Gunnar Knudsen som statsminister 1908–10 og 1913–20, Trondheim 1989
  • Hem, Per Eivind: Jørgen Løvland : vår første utanriksminister, 2005
  • Lindstøl, Ole Torjesen: Stortinget og statsraadet 1814–1914, bind 1, 1914
  • Mjeldheim, Leiv: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, Bergen 1984
  • Mollestad, J. C.: Jørgen Løvland – brobyggeren. Ungdom og første stortingsperiode (1886–1888), hovudoppgåve UiO, 1967
  • Salmon, Patrick: Foreign Policy and National Identity: The Norwegian Integrity Treaty 1907–24, Forsvarsstudier nr. 1/1993

Faktaboks

Jørgen Løvland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045044493

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg