Faktaboks

akkalasamisk
Språkkodar
sia (SIA)
ISO-639:3
sia
Samiske språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Akkalasamisk er eit forsvunne eller nært forsvunne samisk språk som vart brukt på Kolahalvøya i Russland. Akkalasamane utgjer ei etnisk gruppe på kring 100 menneske som tidlegare budde ved sjøen Imandra på Kolahalvøya, nord for den russiske byen Kandalaksja (russisk Kandalakša Кандалакша, karelsk Kannanlakši) inst i Kandalaksjabukta i Kvitsjøen.

Den siste vi veit om som snakka akkalasamisk flytande, Marja Sergina Маря Сергина, døydde 29. desember 2003. Lingvistar som forskar på kolasamiske språk hevdar at det finst minst éin person som framleis snakkar språket – i ei viss grad, og eit fåtal som har passiv kunnskap. På UNESCOs raude liste over trua språk blir språka under den kolasamiske språkgruppa (akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk) klassifisert som svært alvorleg trua eller nesten forsvunne.

Saamlɨnč er det akkalasamiske ordet for ‘same’, og i fleirtal heiter det saamla ‘samar’. Dei kallar seg sjølve áhkk'el'saamla ‘akkalasamar’. Innsjøen Imandra kallar dei Eev'er (nordsamisk Avvir). Tradisjonelt budde akkalasamane i landsbyane Áhkk'el'sijjt (russisk Babino Бабино) og Čuk'suul (russisk Jokostrov Йокостров).

Språkfamilie

Samiske språk i den uralske språkfamilien
Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Akkalasamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Akkalasamisk er eit austsamisk språk, og høyrer til undergruppa kolasamiske språk saman med kildinsamisk og tersamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Språkhistorie

Tradisjonelt budde akkalasamane i landsbyane Babino (akkalasamisk Áhk'el'sijjt) og Jokostrov (akkalasamisk Čuk'suul) ved den store innsjøen ImandraKolahalvøya, eit stykke nord for Kandalaksja.

Den første samiskspråklege boka for samane i Russland blei utgitt i Helsingfors i 1878 og hadde tittelen Max'tveest Пas'-Evangeli Samas. Evangelìe ot" Matḟeja (na russko-loparskom" jazykě) Махьтвеест Пась-Евангели Самас. Евангеліе отъ Матѳея (на русско-лопарскомъ языкѣ) og inneheldt Matteusevangeliet – dei tjueto første kapitla på kildinsamisk og dei seks siste på akkalasamisk. Teksten var omsett av den finske språkforskaren og diktaren Arvid Genetz (1848–1915).

Etter revolusjonen i 1917 byrja eit systematisk vitskapleg studium av dei samiske språka i Sovjetunionen, og i 1926 tok Instituttet for dei nordlege folka til å arbeide med rettskrivingsspørsmål. I 1933 blei det gitt ut ei ABC-bok i latinsk skrift med tekstar på eit felles kolasamisk skriftspråk som bygde på kildinsamisk, skoltesamisk og tersamisk. Dette skriftspråket viste seg å fungere dårleg i undervisninga, og alt i 1934 blei det laga nye bøker på kildinsamisk. I 1937 gjekk ein over frå det latinske til det kyrilliske alfabetet. Det blei ikkje utvikla noko akkalasamisk skriftspråk.

Den største konsentrasjonen av akkalasamar i dag er kring 80 som bur i landsbyen Ëna [ˈjonǝ] Ёна i Kovdor kommune (russisk Kovdorskij rajon Ковдорский район) i Murmansk fylke (russisk Murmanskaja oblast' Мурманская область) i eit avstengt militært område nær finskegrensa, eit stykke vestanfor innsjøen Imandra.

Den siste personen som snakka akkalasamisk flytande, døydde i 2003, men det fanst kring 2010 minst eit par eldre menneske som har visse kunnskapar i språket. Alle andre har gått over til russisk. Ei gruppe midaldrande akkalasamar i Ëna driv og lærer seg kildinsamisk, i håp om at dei kan gå over til akkalasamisk når kunnskapane i kildinsamisk er gode nok. I 2010 skipa akkalasamane i Ëna eit språksentrum der dei held språkkurs og driv med andre språkrevitaliseringsaktivitetar.

Språksystem

Ei enkel setning som denne får fram viktige trekk ved språksystemet i akkalasamisk:

  • Mist' liaj vuojjim-hierrk'. ‘Vi hadde ein køyrerein.’

Setninga kan setjast om ord for ord til nordsamisk, og likskapen er tydeleg: Mis leai vuodjin-heargi. Både den akkalasamiske og den nordsamiske setninga kan setjast om ord for ord til norsk som «Hos oss var køyre-rein». Akkalasamisk mist' ‘hos oss’ er lokativ av mij ‘vi’, og liaj ‘var’ er 3. person eintal fortid av verbet lijje ‘vere’.

Akkalasamisk og nordsamisk har ikkje noko verb som tyder ‘ha’, og bruker – som dømet ovanfor viser – i staden ein konstruksjon som bokstavleg tyder ‘vere hos’, akkurat som på mellom anna finsk og russisk. Setninga ovanfor heiter U nas byl ezdovoj bolen' У нас был ездовой болень på russisk, som ord for ord tyder det same som den samiske setninga: «Hos oss var køyre-rein.»

Lånord

Akkalasamane kallar seg áhk'el'saamla, og ordet áhk'el' heng klart saman med det samiske ordet for ‘bestemor’ – jamfør nordsamisk áhkku. Vi finn att áhk'el i Áhkk'el'sijjt ‘Bestemorlandsbyen’, ein av dei tradisjonelle bustadene til akkalasamane. Áhkk'el'sijjt ligg ved Áhkk'ejávvr' ‘Bestemorsjøen’. Det russiske namnet på Áhk'el'sijjt er Babino Бабино, og her er det ein klar samanheng med det russiske ordet baba баба ‘gamal kone’. På russisk går akkalasamisk òg under namnet babinskij saamskij jazyk бабинский саамский язык ‘det babinsk-samiske (bestemorsamiske) språket’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rogier Blokland & Michael Rießler: «Komi-Saami-Russian contacts on the Kola Peninsula», i Cornelius Hasselblatt, Peter Houtzagers & Remco van Pareren: Language Contact in Times of Globalization. Rodopi, Amsterdam & New York 2011
  • Leif Rantala: «De ryska samernas ställning». Vedlegg 2 i Nordisk samekonvensjon. Utkast fra finsk-norsk-svensk-samisk ekspertgruppe. Dokumentet finst her: http://www.regjeringen.no/Upload/AID/temadokumenter/sami/sami_samekonvensjon_norsk.pdf [lesedato 18.12. 2012]
  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 145–147 handlar om akkalasamisk)
  • Elisabeth Scheller: «Samernas språksituation i Ryssland», Multiethnica. Meddelande från Centrum för multietnisk forskning. Uppsala universitet 2010 (32) (sidene 3–8)
  • Elisabeth Scheller: «Samisk språkrevitalisering i Ryssland – möjligheter och utmaningar», NOA. Norsk som andrespråk 2011, volum 27 (1) (sidene 86–119)
  • Pëtr Mefod'evič Zajkov: Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologičeskoe issledovanie). Karel'skij filial Akademii Nauk SSSR, Petrozavodsk 1987 / Петр Мефодьевич Зайков: Бабинский диалект саамского языка (фонолого-морфологическое исследование). Карельский филиал Академии Наук СССР, Институт языка, литературы и истории, Петрозаводск 1987

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg